Oslo 20201128. En gruppe som kaller seg «Stop Lockdown: Full gjenåpning av Norge - NÅ» arrangerer demonstrasjon mot koronatiltakene på Eidsvoll plass foran Stortinget i Oslo lørdag. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
FOTO: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Trugsmåla

PST teiknar opp eit meir samansett trusselbilete enn tidlegare år. Det gjer dei rett i.

Måndag 8. februar kom PST si opne trusselvurdering for 2021. Ein skal ikkje lesa ho grundig før det dukkar opp eit par mørke åtvaringar: Ekstrem islamisme og høgreekstremisme vert peikt på som dei største terrortrugsmåla mot Noreg. Trugsmålet frå ekstreme islamistar vert vurdert som skjerpa, samstundes som PST venter auka radikalisering til høgreekstremisme.

Det kan vera verdt å forsøka å setja desse vurderinga inn i ein større samanhang.

Aller fyrst: den sjølverklærte Islamske Staten er kraftig sveikka samanlikna med toppåra 2014–2017, ikkje minst grunna eit fullstendig militært nederlag i kjerneområda Irak og Syria. At den ekstreme islamismen framleis har ambisjonar om å kontrollera faktiske landområde er likevel ikkje vanskeleg å få auge på, til dømes i provinsen Cabo Delgado nord i Mosambik.

Det kan vera verdt å forsøka å setja desse vurderinga inn i ein større samanhang.

Den ekstreme islamismen er monaleg sveikka, også i Europa. Trass i dette vart det i fjor gjennomført ei rekkje terroråtak motivert av ekstremislamistisk ideologi i Europa: i London, Reading, Paris, Dresden, Nice og Wien. I alle åtaka var gjerningsmennene åleine om sjølve åtaka, og med unnatak for det siste åtaket vart dei alle i hovudsak gjennomført med kniv.

Det er ikkje utan grunn at PST meiner at eit eventuelt ekstremislamistisk åtak i Noreg «sannsynligvis [vil] gjennomføres av én til to personer», og at digitale nettverk då gjerne vil vera sentralt både i radikaliseringsprosessen og i planlegginga av eit eventuelt åtak. Dei baserer seg på europeiske erfaringar dei siste åra. Det gjer dei også når dei seier at måla for slike åtak til dømes kan vera politi, kyrkjer og synagoger eller «personer som assosieres med hån av islam».

 

Kumulativ ekstremisme

PST seier det rett ut: «Det er sannsynlig at det også i 2021 vil forekomme hendelser i Norge som ekstreme islamister vil oppleve som krenkende. Hendelsene vil utnyttes av ekstremister til å forsøke å radikalisere nye personer til ekstrem islamisme».

Dei seier også at den skjerpa situasjonen kan vedvara, tilspissa seg eller avta på bakgrunn av fleire tilhøve, inklusive «om islam- og innvandringsfiendtlige grupper vil fortsette med handlinger som kan oppfattes som krenkende av muslimer».

Innanfor forskinga på ekstreme rørsler vert det iblant snakka om kumulativ ekstremisme, eller – enkelt forklart – korleis ulike ytterleggåande rørsler vert ein del av kvar andre sin propaganda og slik kan spela kvarandre sterkare.

Ulike ytterleggåande rørsler vert ein del av kvar andre sin propaganda og slik kan spela kvarandre sterkare

Det er lite tvil om at både terroråtak og andre ugjerningar gjennomført av ekstreme islamistar ytterst på høgresida har vorte sett på som ei stadfesting av fiendebilete. Dei har vorte ein del av antimuslimske grupper sin propaganda, der ugjerningmennene gjerne vert framstilt som representantar for det eigentlege islam.

Dette går også andre vegen. Ekstreme islamistar har ei interesse av å måla vestlege land som anti-muslimske. Eit døme: Då dåverande presidentkandidat Donald Trump kom med antimuslimske fråsegner i den amerikanske valkampen i 2016, nølte ikkje den somaliske ekstremistgruppa al-Shabaab med å bruka dei til rekruttering. Eit anna: I 2014 vart ein imam utsett for eit knivåtak i Oslo. I etterkant nytta ein belgisk islamistleiar åtaket som eit døme på anti-muslimsk terror. At det slett ikkje var slik, spela ei mindre rolle.

I trusselvurderinga peiker PST også på at dei har sett døme på at bilete og videoar vert redigert for å skapa eit inntrykk av at nasjonen Noreg krenkar islam.

 

«Statsmaktens lakeier»

«Politiet er statsmaktens lakeier», heiter det i SIAN-leiar Lars Thorsen sin reaksjon på PST si nasjonale trusselvurdering. «Det er en god ting, når den politiske ledelse er god og vil Norge vel», held han fram. Ein skal ikkje lesa fælt mellom linene for å oppdaga at Thorsen meiner at det ikkje gjeld dagens politiske leiarskap.

I tillegg grunngjev han reaksjonen nettopp med at PST påpeiker at islam- og innvandringsfiendtlege gruppe sine aksjonar kan påverka trusselbilete. Ifølgje Thorsen underkastar PST seg «den krenkedes tyranni, voldsmannens diktatur; islam». Men teksten går lenger enn som så, den teiknar opp politiet som ein del av SIAN sitt fiendebilete, enten som «moralske og demokratiske analfabeter» eller som «hyklere og kynikere som ser seg selv best tjent med å være en lydig kjedehund for elitene».

 

Akselerasjonisme

SIAN er nok ikkje det miljøet PST er mest uroa for ytterst på høgrekanten, sjølv om fiendebiletet til organisasjonen synest å vera under utviding. Snarare peiker dei på «en økning i antall nordmenn som uttrykker forståelse for og støtte til høyreekstrem terror», og på at fleire deltek i transnasjonale høgreekstreme fellesskap digitalt:

«Det knyttes en særlig bekymring til grupper som eksplisitt oppfordrer enkeltpersoner til fysisk kamp, og som understreker at det haster med å gjøre motstand. Såkalt akselerasjonisme tar eksempelvis til orde for å fremskynde (akselerere) en total kollaps av samfunnet ved hjelp av terror. Disse gruppene er av den oppfatning at en rasekrig mellom hvite og alle andre raser er nært forestående. Gjerningspersoner i flere høyreekstreme terrorangrep har vært inspirert av dette tankesettet.»

Tidleg i januar kom svenske Center mot våldsbejakande extremism med ein rapport om nettopp akselerasjonisme. Medan ordet kan ha fleire tydingar dreier den høgreekstreme varianten av akselerasjonisme seg om førestillingar om «att den vita rasen står inför existensialle hot från bland annat invandring». Ei anna sentral førestilling er at samfunnet eigentleg vert styrt av ei hemmeleg, global (og som regel jødisk) maktelite.

Det fleirkulturelle samfunnet desse har skapt vil, uunngåeleg, føra til ein rasekrig, og i den høgreekstreme akselerasjonismen er målet å skunda på denne rasekrigen. Då er valdsbruk både legitimt og beint fram ynskjeleg.

I den høgreekstreme akselerasjonismen er målet å skunda på denne rasekrigen. Då er valdsbruk både legitimt og beint fram ynskjeleg.

Dei siste åra har fleire terroråtak vorte gjennomført av einsame gjerningsmenn motivert av denne ideologien, og av ein fellesskap dei har funne på nett. Blant dei var Philip Manshaus, som drap si eiga adopterte søster før han freista å gå til åtak på ein moské i Bærum i august 2019. I retten sa Manshaus at for å kunna forstå handlingane hans, måtte folk forstå akselerasjonismen. Han snakka også om eit påstått folkemord mot kvite europearar og amerikanarar, og om jødiske kontroll over samfunn og media.

Dette er idear som blant anna har fått bein å gå på i fleire såkalla chanforum, subkulturelle forum på nettet prega av få reglar, grenseoverskridande innhald og – i varierande grad – av både konspirasjonsteoriar og ekstremisme. Alt-right, QAnon og akselerasjonisme, alt har samanhangar med chankulturen sine mørkaste sider.

PST namngjev ikkje forum som det meir stovereine (skjønt det er feil ord) 4chan eller det meir rabiate 8kun (tidlegare 8chan), og ein del av det som tidlegare gjekk føre seg på chanforum skjer då også på andre kanalar idag, inklusive grupper på både Discord og Telegram.

Likevel er skildringa dei gjev til å kjenna att for dei som kjenner den høgreekstreme varianten av chankultur: «Høyreekstrem blandes med memer humor, klipp fra spill og filmer, samt konspirasjonsteorier. På transnasjonale digitale plattformer vil kommunikasjon og deling av propaganda fremdeles skje i stort volum og i et raskt tempo, noe som skaper en gruppedynamikk. Kommunikasjon foregår anonymt og sensur forekommer i liten grad. Dette medfører at ekstremistisk propaganda normaliseres, og grupper i fiendebildet gradvis dehumaniseres».

 

Dei andre

PST si trusselvurdering diskuterer også venstreekstremisme, som vert skildra som miljø med få aktive tilhengarar i Noreg i dag, sjølv om PST reknar det som «meget sannsynlig» at venstreekstremistar vil halda fram med målretta, politisk motivert valdshandlingar mot ytre høgre.

Det er urovekkjande nok i seg sjølv, sidan det kan føra til ei stadig eskalering av valdsnivå. Meir interessant er det likevel at PST vier merksemd til miljø dei tidlegare i lita grad har omtalt. Dei skriv:

«Antistatlige strømninger vurderes å ha et potensiale for å radikalisere enkelte personer i Norge i 2021. Slike ideer fremmes i stor grad på digitale plattformer. De siste årene har det vokst frem strømninger som er ideologisk forankret i antistatlige og konspirasjonspregede teorier. Slike grupper er i vekst i flere europeiske land.»

Meir interessant er det likevel at PST vier merksemd til miljø dei tidlegare i lita grad har omtalt

Dette er miljø som blant anna har gjort seg gjeldande i samband med demonstrasjonar mot koronatiltak i fleire europeiske land, og som til dømes i Nederland også kan setjast i samband med reine opptøyer. Som PST skriv finst det ikkje ein klår overordna ideologi for desse gruppene, men ein fellesnemnar er at dei ser på statsmakta som illegitim.

Og her kan me venda attende til SIAN. Det er nemleg trekk som tyder på at medlemer av ulike miljø som i beste fall kan omtalast som alternativpolitiske, inkludert både SIAN og antistatlege miljø, i aukande grad har funne saman dei siste månadane, i skuggen av koronapandemien og ikkje minst prega av konspirasjonsteoriar rundt denne.

PST nemner også vekten av radikale aktivistgrupper med fokus på klima-, miljø- og naturvern, men syner til at dei fleste aksjonane frå slike grupper har vore ikkje-valdelege. «Sakene vurderes imidlertid å ha et potensial for å radikalisere personer også i Norge», åtvarer dei. Det er kanskje ikkje heilt urimeleg å trekkja fram, særleg sidan det i Sverige nyleg fall ein dom mot to unge menn som i 2019 sette fyr på ein minkfarm, motivert av økofascistisk ideologi.

 

Samansett bilete

I sum teiknar PST si trusselvurdering for 2021 eit samansett bilete av trugsmåla mot Noreg, også når det gjeld ekstremisme. Det er det gode grunnar til. Den ekstreme islamismen er sveikka samanlikna med når IS var på sitt sterkaste, men like fullt farleg. At det same gjeld høgreekstreme soloterroristar inspirert av valdsdyrkande subkulturar på nettet kom det nyleg eit døme på, av alle stader i Singapore.

Men lause, antistatlege, konspirasjonsteoretiske miljø kan fort visa seg å vera dei me høyrer mest om frametter. Det rører seg iallfall ein heil del i slike miljø så langt i 2021, blant anna knytt til Trump sitt valnederlag i USA. Og det rører seg også i Noreg.