FOTO: Note Thanun / Unsplash

Tung sekk på liten rygg

I det stille har livet blitt vanskelegare for mange barn dei siste 20 åra. Men me veit korleis dei kan få det betre. 

Det har kanskje ikkje vore så synleg, men dei siste 20 åra har barn blitt ein stadig større del av den gruppa som lever i fattigdom i Noreg.

I år 2000, då mine dagar gjekk til å leve eit ungdomsskuleliv, var høge buffalosko det stiligaste mange av oss visste. Grunnen til at eg hugsar dei buffaloskoa så godt, er ikkje berre at dei var relativt høge platåsko som var temmeleg upraktiske på norsk vinterføre. Det var også fordi dei var veldig dyre. Over 1000 kroner kosta dei då. Det føltes heilt enormt dyrt, og det tok lang tid før eg tok mot til meg og spurde. Eg hugsar at eg sa til mamma at dei var dyre, men også veldig bra vintersko.

I vår tid sit det om lag 3 barn som lever under fattigdomsgrensa i kvart einaste klasserom i landet, i snitt.

Eg tviler på at det var buffaloskoas evne til å gi godt grep på hålkete is som gjorde det, men eg fekk i alle fall til slut dei skoa. Og eg kunne gå i skulegarden og spegle meg i dei andre som hadde fått dei same. Det ga ei kjensle av å vere innafor.

SSB har tal som viser at vinteren eg fekk buffalosko vaks 4 prosent av barna opp i vedvarande låginntekt, som betyr at dei har tent vesentleg mindre enn fleirtalet i over ein treårsperiode. I snitt var det kanskje eit barn i kvart klasserom. No er fattigdomstala verre, med ein andel på 12 prosent av norske barn som lever i vedvarande låginntekt. I vår tid sit det om lag 3 barn som lever under fattigdomsgrensa i kvart einaste klasserom i landet, i snitt.

Sjølv om Noreg er eit land med stor velstand i ein internasjonal samanheng, er det framleis skadeleg å vakse opp i relativ fattigdom. Også her i Noreg. Å ha mindre enn andre handlar ikkje berre om dei tinga ein ikkje då har råd til. Det påverkar også identiteten vår, kan bidra til eksklusjon og dårleg helse.

Det er greitt med insentiv til å jobbe, men fattigdom blant barna til dei det gjeld burde vere ein ugrei medisin.

Fattigdomen påverkar helsa og tryggleiken til barna. Dei har større sjanse for å ikkje fullføre skulen og få svak tilknyting til arbeidslivet enn andre barn. Sjølv om mange foreldre prøver å kompensere for manglande pengar på mange vis, og at mange også klarer seg bra, kan fattigdom i barndommen likevel setje varige spor.

Mange barn strekk seg også langt for å dekke over problema desse økonomiske forskjellane skapar. Dei overkompenserer og latar som om alt er bra. Kanskje er det ikkje så farleg med hol i buksa, kanskje har dei ikkje lyst til å gå på turn med dei andre i nabolaget. Kanskje har dei ikkje skulemjølk fordi dei synst det er best med vatn til matpakka, sjølv om skulemenyen tilbyr både jus, yoghurt, sjokomjølk og vanleg mjølk.

Ofte strekk desse barna seg for langt, og det er ikkje bra for dei. Då er det me vaksne som må inn og undersøke kva dette handlar om. Og me må ta eit større felles ansvar for at alle har ein reell sjanse til å vere med på likefot der barn møtes.

Det påverkar også identiteten vår, kan bidra til eksklusjon og dårleg helse.

Den gode nyheita er at Noreg har forplikta seg til å gjere noko med dette. I FNs bærkraftmål ligg det at Noreg skal jobbe for å halvere kor mange som veks opp i relativ fattigdom innan 2030.

For nokre år tilbake skjedde det også no bra her. KrF fekk eit større gjennomslag i budsjettforhandlingane for å auke barnetrygda. Den auka særleg for familiane med dei minste barna, frå 0 til 6 år. Dette ser ut til å bidratt til å bremse veksten i andelen barn som veks opp i låginntektsfamiliar. Men det var ikkje nok til å få pila til å peike nedover igjen. Det må kraftigare lut til.

Barnetrygd er noko av det som fungerer. Men me treng meir av ho for å få skikkeleg framdrift i å redusere fattigdomen. Og det er eit problem at nivået på barnetrygda går ned når barna fyller 6 år, akkurat i den tida der kostnadene til fritidsutstyr og fritidsaktivitetar ofte går i taket.

Eg saknar også at politikarane, særleg i ansvarlege posisjonar i regjering, løftar dette opp og handsamar det som ein no handsamar klimamåla. Alle budsjett burde bli målt på korleis dei påverkar fattigdom. Og om ein ikkje ser ut til å vere i rute til å nå pliktene våre opp mot FN, om å halvere denne innan 2030, burde det vere mogleg å samlast om nye tiltak for å kome i rute igjen.

Og det burde vere rom for å diskutere særleg eit ord, som er heilag for mange:

Arbeidslinja.

Alle budsjett burde bli målt på korleis dei påverkar fattigdom.

For no er nivået på enkelte av ytelsane som går til foreldre utanfor arbeidslivet såpass låge at det gir fattigdom. Det går hardt ut over barna, som ikkje har makt over sine foreldres tilknyting til arbeidslivet. Det er greitt med insentiv til å jobbe, men fattigdom blant barna til dei det gjeld burde vere ein ugrei medisin. Men sånn er systemet me har rundt oss i dag.

Eg håpar at utvalet som regjeringa har sett ned for å bekjempe fattigdom i familiar ser skikkeleg på korleis nivået på ytelsar til foreldre utanfor arbeidslivet bidrar til vanskelege oppvekstvilkår for barn.

For ingen styrer kva familie ein blir født inn i.

Teksten ble også publisert i Dagsavisen 31. oktober 2022.