FOTO: NTB/AP Photo/Evan Vucci

USA-valet er ein marsjordre til å regulere ekstrem rikdom betre

Demokratiet treng eit betre vern mot pengemakt.

Rikingen Elon Musk framstår ofte temmeleg snål, som då han posta eit manipulert bilete av seg sjølv med ein vask i hendene i Det ovale kontoret rett etter at Donald Trump vann valet i USA.

Men han er også veldig smart.

Han har brukt sine pengar på å investere i kritisk infrastruktur. Og på å støtte til ein presidentkandidat som endte opp med å vinne. Det har gitt han stor påverknad, som no kan bli langt større.

No planlegg Musk å bruke Space X til å kolonisere Mars.

Vi kjenner Musk kanskje best for å eige Tesla, elbilmerket som har erobra norske bilvegar. Men han har også kontroll på Starlink, som eig nesten 60 prosent av alle satelittane som svever rundt jorda. Det har gitt Musk ei heilt spesiell rolle i krigen i Ukraina.

Då krigen kom, bestemte selskapet å bruke satelittar til å gi Ukraina tilgang til internett. I september 2023 bestemte han seg for at ukrainarane ikkje lenger skulle ha lov til å ha tilgang til Starlink når dei skulle angripe Russland. Ei liknande avgjerd gjorde han i 2022.

Musk har drive aktiv lobbyverksemd mot at Ukraina skulle få våpenhjelp frå USA, har laga sitt eige forslag til fredsavtale mellom Ukraina og Russland og har visstnok eit godt forhold til Putin.

Kven andre, som ikkje har blitt valt av ein einaste veljar, kan seiast å ha ein sånn direkte påverknad over ei stor konflikt?

Det er kombinasjonen av stor formue, plasseringa av desse pengane og vilja til å blande seg inn i global politikk som har gitt Musk denne rolla. Det er ein direkte trussel mot at det er veljarane som skal styre. For Musk overstyrer stadig vekk.

Musk er ein del av ein større trend. For mange av største selskapa i verda har blitt større. Dei største selskapa har også tent meir enn før. I 2021 og 2022 hadde dei største selskapa i verda ei auke i profitt på 89 prosent. Verdiane til verdas rikaste milliardærar har auka langt meir enn inflasjonen. Penge- og eigarskapskonsentrasjonen er ekstra sterk i digitale sektorar.

I Norden møter vi Musks politiske påverknad ved at han nektar sine tilsette å organisere seg.

Ei rekke selskap er no større enn mange land i verda. Apple er verdt dobbelt så mykje som Mexicos BNP, og Alphabet har ein marknadsverdi på nivå med Russlands BNP. Det er klart at dette påverkar verdsordenen, når eigarane har lyst til å påverke verda.

Når desse eigarane kontrollerer kritisk infrastruktur, er det vanskeleg for politikarane å ikkje lytte.

No planlegg Musk å bruke Space X til å kolonisere Mars. Han vil sende opp 10 000 atomvåpen til Mars og sprenge dei i atmosfæren, over polane, for å få desse til å smelte. Det vil, ifølge teorien, kunne skape ein slags drivhuseffekt som ville kunne varme opp planeten og gjere det mogleg å dyrke plantar der.

Kanskje kan Mars gå frå å vere ein raud til ein grøn planet.

Då kan det, i teorien, bli mogleg for éin million menneske å byrje prosessen med å busette seg der. For å flytte alle desse folka over, ville ein måtte sende tre rakettar om dagen til planeten i ein lengre periode. Kanskje kunne dette vore eit plott til ein science fiction-film, men det er også den heilt ekte planen til Musk.

Etter valet trakk han Space X, som han bruker til å planlegge denne Mars-invasjonen, sin produksjon ut av Taiwan. Mange fryktar no at dette er fordi Musk og Trump saman vil at USA skal endre sin politikk overfor Taiwan, som til no kunne vise til amerikansk støtte for å avskrekke Kina frå å invadere landet. Musk forklarte også uttrekkinga med «geopolitiske omsyn».

I Norden møter vi Musks politiske påverknad ved at han nektar sine tilsette å organisere seg. Han misliker fagforeiningar, eit av fundamenta for den nordiske modellen som gir oss velferd og mindre økonomiske forskjellar enn mange andre land, sterkt. I Sverige gjekk svenske arbeidstakarar ut i streik i sitt krav om tariffavtale på ein av verkstadane til Tesla. Musk svarte ved å kalle dette «galskap».

Trump-valet bør vere ein vekkar.

I Noreg må fagforeininga i Tesla ha hemmelege medlemslister, fordi dei er redde for sanksjonane frå Tesla om det blir kjent kven som er organiserte. På Tesla-fabrikken i Buffalo, New York, blei 30 tilsette sparka fordi dei prøvde å organisere fleire arbeidstakarar.

Dette skjer ikkje heilt ut av det blå. Det skjer fordi viljen til å regulere ekstrem rikdom, gjennom omfordelande skattar, ikkje har vore stor nok på globalt nivå. Det utfordrar no heilt grunnleggande fundament og verdiar i vår demokratiske samfunnsmodell.

Vi veit at politikarar lyttar meir til rike veljarar enn til andre veljarar. Det har blitt dokumentert gjennom forsking i ei rekke land, også i Noreg. Så når dei superrike blir fleire og får stadig meir pengar, er det naivt å tru at det ikkje vil påverke politikken.

I dette lyset må også venstresidas engasjement for å fordele meir bli forstått. Det handlar ikkje berre om å hente inn pengar til velferd, men også om å beskytte demokratiet og fordele makt jamnare i samfunnet.

Det har ikkje blitt mindre viktig dei siste åra.

Trump-valet bør vere ein vekkar. No bør debatten handle om korleis vi bremsar at eksentriske rikingar destabiliserer verda.