Bistand gjer verda betre og meir rettferdig. Difor er eit kutt på 13 milliardar i året ein dårleg idé.
I morgon er den store dagen her, og vi skal alle bli minna på kor godt det er å gi, og kor fint det kan vere å få. Jula er ei feiring av det å dele, og av å hjelpe kvarandre.
Dette er den tida i året der folk i mitt nabolag handlar litt ekstra i butikken og legg i kurven som skal gå til folk som treng litt støtte. Mange donerer litt ekstra pengar til ideelle organisasjonar, som hjelper folk i krig og nød.
Det burde ikkje vere aktuelt for Noreg å jekke ned på bistanden heller.
I desember tenner vi også lys og vi lærer barna våre vers som seier ting som «Tre lys skal flamme for alle som må sloss. For rettferd og for frihet. De trenger hjelp av oss. Må ingen miste motet før alle folk er ett.»
Samtidig har førjulstida vore prega av eit Frp med vind i segla. No er dei landets største parti og kan få statsministeren neste haust. I førre veke var Sylvi Listhaug ute og lanserte ei ti-punktsliste over alt som skal skje om Frp kjem i regjeringsposisjon til hausten.
Her er det lite givarglede å spore. Eit sentralt punkt er at ho vil kutte i bistand med 13 milliardar kroner i året. Ho hevdar pengane kan ende opp med å gå til korrupsjon, og at vi kan spare pengar ved å gi mindre.
Eg kan også spare pengar i desemberbudsjettet ved å ikkje gi gåver til familie og vener. Men det er ikkje aktuelt å gjere det likevel. Det burde ikkje vere aktuelt for Noreg å jekke ned på bistanden heller. Vi er eit uvanleg rikt land i ei verd full av kriser, og dei siste åra har vi fått heilt ekstraordinære energiinntekter som følgje av at det er krig i Europa.
Dette er eit veldig rart tidspunkt å forlate den tverrpolitiske ambisjonen om å gi ein prosent av bruttonasjonalinntekt til fattigare land på.
Listhaug snakkar ofte som om bistandspengar berre går til korrupsjon. Men det er ikkje sant.
Talet på folk som lever i ekstrem fattigdom går no opp. Det er meir krig enn på lenge, og det har presist blitt omtalt som utvikling i revers. Det gir færre jobbar, dårlegare utdaning, svekka helse og tvinger folk på flukt.
Bistand vil ikkje vere tilstrekkeleg åleine for å løyse desse problema. Skal vi få til ei meir rettferdig fordeling, trengst samarbeid mellom land for betre skattesystem, trygge arbeidsvilkår med rom for organisering og ei løysing på gjeldskrisa mange låginntektsland no står i.
Men bidraga frå nokon av verdas rikaste land til nokon av verdas fattigaste land er likevel viktig og ein naudsynt del på vegen i rett retning. Difor er det veldig bra at Noreg no har budsjettert med å gi éin prosent av brutto nasjonalinntekt til bistand neste år.
For i dag er det dobbelt så mange menneske som treng hjelp til å dekke heilt grunnleggande, menneskelege behov i krise som i 2018. Det er også skrikande behov for ein større innsats på dei langsiktige utviklingstiltaka – som å legge til rette for fred, stabilitet, demokrati og gode styresett, velferd, trygt arbeid og reduserte klimautslepp.
Det ga meir pengar til velferd og gir mindre behov for økonomisk stønad utanfrå.
Listhaug snakkar ofte som om bistandspengar berre går til korrupsjon. Men det er ikkje sant.
Forsking viser at bistand fungerer, det har ein positiv effekt på utvikling. Låginntektsland som får bistand, har høgare økonomisk vekst enn låginntektsland som ikkje får det. Ei rekke av landa som fekk bistand før, treng ikkje bistand lenger no.
Når det er sagt, om vi skal dra samanlikninga mellom julegåver og bistand enno lenger, er eg opptatt av å finne gode julegåver, som familien min blir glade for og som kjem til nytte. Det perspektivet bør vi også ha med oss i all offentleg pengebruk, også i bistanden – korleis kan vi bruke bistandspengane klokt, sånn at dei gjer ein best mogleg forskjell i å bidra til ei meir rettferdig verd?
Eit inspirerande eksempel er norsk skattebistand til Tanzania, der 1 krone med bidrag frå Noreg ga 100 kroner i auka inntekter for Tanzania, gjennom samarbeid mellom skattebyråkratar. Det fekk for eksempel store gruveselskap i landet til å bidra med langt meir i skatt, ved at dei blei meir effektive på å hente inn skattane dei allereie hadde vedtatt å ha.
Det ga meir pengar til velferd og gir mindre behov for økonomisk stønad utanfrå.
Det er ikkje eit politisk prosjekt som verda treng i 2025.
Eit anna eksempel på norsk bistand som har gjort ein stor forskjell for folk, er stønaden til vaksiner, som i praksis har redda millionar av barn frå dødelege sjukdommar. Eit tredje er støtte til menneskerettsforkjemparar og sivilsamfunn, som jobbar for å etablere demokratiske strukturar i land med autoritære trekk.
Det er høgrisikoarbeid, der folk tar stor risiko for å bidra til eit betre samfunn, men ikkje kom og fortel meg at det ikkje er viktig, sjølv om vi ikkje veit på førehand korleis det vil gå. Denne innsatsen vil aldri bli lette å måle i eit excel-ark, men det bør vere ein sentral del av satsinga likevel.
No er alle lysa på adventsstaken tent. Neste haust vil vi få vite kva politisk retning Noreg vil gå framover.
Sylvis plan er å følgje etter ei rekke land rundt oss, med ytre høgre i posisjon, og kutte i bistanden til andre land. Det vil gi mindre innsats for betre levekår, og det vil verken redusere talet på folk som må flykte eller bidra til meir stabilitet i landa rundt oss.
Det er ikkje eit politisk prosjekt som verda treng i 2025.
Kommentarer