Sist veke fekk eg innblikk i ei parallellverd. Den finst blant anna på LinkedIn.
Sommar og ferie er gode tidspunkt for å oppsøke nye stader og nye perspektiv. Ved hjelp av telefonen snubla eg nyleg inn i ei verd eg var klar over at fanst, men aldri har opplevd sjølv.
Så kan norske leiarar grunne over dette i seine sommerkvelder på hytter langs kysten eller i feriehus ved Middelhavet.
Geir Aker (på bildet over), kjent for norske tv-publikum som fenriken i Kompani Lauritzen, var ute i E24 og på LinkedIn og lufta si uro for om norske arbeidsgjevarar legg for mykje vekt på trivsel og for lite vekt på produktivitet.
For den nye generasjonen av arbeidstakarar er det ikkje nok med lønn, dei vil også ha ei heil rad av det som ifølgje Aker er unyttige tilleggsgodar for å møte opp. For ein som lever av å halde motivasjonsføredrag for næringslivet, er sommaren sikkert ei god tid for å så tankar av typen – har eg strekt meg for langt, gitt etter for mykje?
Så kan norske leiarar grunne over dette i seine sommerkvelder på hytter langs kysten eller i feriehus ved Middelhavet. For dei fleste andre, er Akers uro plassert ganske langt unna den staden skoen verkeleg trykker.
Den typen arbeidstakarar som blir ramma av dette, er folk med lite kunnskap om norsk arbeidsrett.
På Dagsnytt 18 vart Aker motsagt av BI-professor Bård Kuvås, som poengterte at trivsel og produktivitet heng saman og at det blant anna handlar om koss ein organiserer sjølve arbeidet og om korleis ein blir møtt på arbeidsplassen.
Respekt, tillit og oppleving av kontroll over eigen arbeidssituasjon gir for eksempel betre resultat enn mistillit og kontroll. I norsk arbeidsliv er det eit aukande problem at folk blir møtt med mistru. Klassekampen meldte før sommaren at talet på saker der arbeidsgivar bestrider sjukemeldingar, er dobla på få år.
Ein rapport frå A-krimforum, som er eit samarbeid mellom Fair Play Bygg, Jussbuss, Caritas og Frelsesarmeen, teiknar same bilete. Dei hevdar at kyniske arbeidsgjevarar spekulerer i å bestride sjukemeldingar, fordi dei reknar med at ein viss type arbeidstakarar uansett ikkje klarar å sikre rettane i det norske systemet.
Aker ser det han ser om norsk arbeidsliv frå ein pussig, men svært privilegert posisjon.
Den typen arbeidstakarar som blir ramma av dette, er folk med lite kunnskap om norsk arbeidsrett, ofte også dårlege norskkunnskaper og med arbeidplass i bransjar som ikkje er del av det gjennomorganiserte norske arbeidslivet.
På denne sida av arbeidslivet er det lite ekstra. Svært mange ender faktisk opp med å få langt mindre enn det dei har rett på etter lova. Ein fersk rapport frå Fafo viser at det blir stadig fleire jobbar i dei bransjane der arbeidslivskriminalitet og dårlege arbeidsvilkår florerer.
Ein stad mellom 170.000 og 237.000 arbeidstakarar jobbar i sektorar der sjansen er stor for å oppleve lønnstjuveri, korte, usikre kontrakter, alt for lange arbeidsdagar og andre ting som anten er i gråsona, eller langt utanfor norsk arbeidslivslovgjeving.
Då Ridvan Ademi, som var i full jobb og ofte også jobba overtid, vart dårleg, fekk det store konsekvensar då arbeidsgjevaren nekta for at sjukmeldinga hans var reell. Klassekampen skriv at han fekk problem med å betale rekningar ettersom det tok så lang tid å få medhald frå NAV då han insisterte på at sjukmeldinga han hadde fått frå legen ikkje var juks.
Eg skal på ingen måte hevde at det ikkje er storforlangande arbeidstakarar her i landet.
Tidlegare i sommar skreiv VG om ei sak frå serveringsbransjen, der arbeidsgjevaren systematisk stal løn frå arbeidstakarane gjennom fleire år. Då saka kom opp i rettsapparatet fekk dei tiltala milde dommar fordi saka hadde tatt så lang tid å etterforske.
Det ein ser, blir som kjent avgjort av kor ein står og kor av ein festar blikket sitt. Aker ser det han ser om norsk arbeidsliv frå ein pussig, men svært privilegert posisjon.
I helse – og omsorgssektoren er det mange som spring fort, løftar tungt og som kvar dag kjenner korleis kommunale og statlege spareknivar gjer at ein heile tida må strekke seg litt lenger enn det som er bra. Det er ikkje deira kvardag og deira krav Aker skriv om i E24.
Han skriv heller ikkje om kvardagen til alle dei som arbeider i skuggesektoren mellom det organiserte og det uorganiserte arbeidslivet. Eg skal på ingen måte hevde at det ikkje er storforlangande arbeidstakarar her i landet.
Men, for den som jaktar på reelle problem, er dei å finne heilt andre stader.

Kommentarer