Historia om lakseskatten viser oss kor vanskeleg det er å omfordele i 2025.
Ein kvit dress, cowboyhatt og langt slep. Og ein raud koffert. Det var antrekket Gustav Witzøe stilte i på The Mets galla i år, ein årleg velgjerande galla i New York. Kvifor var han der? Jo, fordi han er blitt peika på som ein av verdas rikaste unge arvingar. Lakseformuen til familien har gitt han merksemd frå omverda – og ein inngang til å drive med sin interesser i glamorøse omgivnader.
Sånn som denne næringa er organisert, får nokre heldige vinnarar no det meste av gevinsten.
Laksemilliardærane er ei heilt ny gruppe blant landets rikaste. Oppdrett av laks har gitt dei ein heilt ekstraordinær profitt, basert på at dei har vore heldige med tid og stad. Dei har fått tilgang på naturressursar i ei tid der næringa blei liberalisert tidleg på 1990-talet. Då blei det opna for å drive større under same eigar, samtidig som kravet til lokal tilknyting blei fjerna. Men konkurransen i oppdrettsnæringa er ikkje fri – fordi tilgangen på oppdrettsløyve er avgrensa. Var du i posisjon til å vakse på rett tid, trakk du gulloddet. Oppdrettsnæringa får no stadig færre eigarar, med stadig større formue. Meir av næringa blir eigd frå utlandet. Sånn som denne næringa er organisert, får nokre heldige vinnarar no det meste av gevinsten.
I boka mi, Farlege forskjellar, samanliknar eg det å bli lakserik i Noreg med å vinne eit slag monopol. Spelet blei laga som ein kritikk av kapitalismen. Du bør vere dyktig, men du må også ha store mengder flaks for å vinne. Og når du fyrst har fått tak i nokon gode eigendommar og spelet går bra, er det vanskeleg for andre å ta deg igjen. Vinnaren blir større og større, mens dei andre spelarane får mindre og mindre. Maktforholda i spelet bli vanskelege å snu når dei fyrst har sett seg.
Spørsmålet er om monopolspelet vi no ser innan oppdrett skal fortsetje å gå sin gong ved at dei største veks seg enno større og får stadig meir av profitten frå fjordane våre, eller om vi skal gjere det på ein annan måte. Skatt vil kunne hjelpe med å endre på ting. I 2022 kom forslaget om ein lakseskatt som skulle regulere laksenæringa meir som oljenæringa.
Aksjonsgruppene sender til saman mange titals millionar inn i den norske valkampen.
Då vi fann olja, skjønte politikarane at dette var ei næring som, basert på tilgangen til naturressursane, ga grunnlag for særleg høg inntening. Den innteninga skulle gi eit betre liv for komande generasjonar i heile landet. Difor har vi færre oljemilliardærar enn vi hadde hatt om vi hadde regulert denne næringa mindre. Oljeinntektene er i staden med på å finansiere lærarar, helsesjukepleiarar, vegar og støtte til anna næringsliv. Vi får betre velferd for mange av at vi har gjort det på den måten.
Men det skulle ikkje vere enkelt å prøve å regulere laksenæringa meir som vi har gjort med olje. Protestane var store frå dag éin, og mange blei bekymra for om arbeidsplassar kunne vere i fare. Allereie ved vedtakstidspunktet var skattesatsen redusert med ti prosentpoeng frå det opprinnelege forslaget. Etterpå byrja næringa arbeidet med å organisere seg rundt skatten, med hjelp av revisorar og advokatar. Det har dei lukkast med.
I 2024 var det budsjettert med å få inn om lag fem milliardar i lakseskatt. Planen var at delar av desse pengane skulle gå til billigare barnehage, med eit kutt i pris på ein tusenlapp per barn i månaden. I praksis tente staten under ein milliard på denne skatten. Det er ikkje nok til å dekke utgiftene som følger med redusert barnehagepris.
Økonomisk makt kjem også til uttrykk som politisk makt.
Havbruksnæringa har ikkje gitt seg der. No har fleire sentrale eigarar i næringa gått saman i aksjonsgrupper som mobiliserer for at høgresida skal vinne valet, og for at også andre skattar i Noreg skal setjast ned. No fokuserer dei særleg på formuesskatten, som er den mest omfordelande skatten vi har i dette landet. Aksjonsgruppene sender til saman mange titals millionar inn i den norske valkampen.
Økonomisk makt kjem også til uttrykk som politisk makt. Ein ting er lobbygruppers konkrete påverknad på forslag som er lagt fram. Ein annan ting er korleis politikarane potensielt reserverer seg frå å fremje nye forslag om skatt – av frykt for reaksjonane frå sterke krefter med mykje pengar og tilgang på spalteplass.
Framover må politikarane ta ei rekke val – skal dei la utviklinga med ein stadig rikare økonomisk elite fortsetje, eller skal ein bremse veksten i ulikskap? Historia om lakseskatten har vist oss at dei politikarane som vil få til det, må stålsette seg for både mediestorm og juridiske krumspring frå dei det som må dele meir. Klarer politikarane å gjennomføre det likevel vil premien på den andre sida vil vere eit betre samfunn å leve i, med meir pengar til å sikre god velferd til oss alle.
Kommentarer