FOTO: Aziz Karimov

Ein uredd gravejournalist

Khadija Ismayilova har rapportert om korrupsjon og maktmisbruk i Aserbajdsjan. No er ho dømt til sju og eit halvt års fengsel.

I aserbajdsjanske fengsel sit no meir enn 100 samvitsfangar. I løpet av dei siste tre åra har styresmaktene fengsla, sverta og trakassert uavhengige journalistar og politiske aktivistar, og dei har lagt ned alle menneskerettsorganisasjonar. På PENs internasjonale kongress i Kirgisistan i 2014, blei det vedtatt ein kritisk resolusjon mot den stadig dårlegare situasjonen for ytringsfridom og menneskerettar i Aserbajdsjan.

Ein av dei som har fått betale hardt, er den aserbajdsjanske journalisten Khadija Ismayilova, som Norsk PEN tidlegare i år utnemnde til æresmedlem. Ho blei fengsla i desember 2014, og i september i år blei ho dømt til sju og eit halvt års fengsel for underslag og skattefusk. Det er ironisk, all den tid Ismayilova som journalist har rapportert om korrupsjon, maktmisbruk og brot på menneskerettane.

Aserbajdsjan er eit land med dårleg rykte.

Ho er ein uredd gravejournalist, som i over ti år har jobba for ulike aviser og for radiostasjonen Radio Free Europe Radio Liberty. Frå 2010 publiserte Ismayilova ei rekke artiklar der ho skulda Aserbajdsjans president Ilham Aliyev og familien hans for korrupsjon. Her avslørte ho ein del overraskande fakta om presidentfamilien, som for eksempel at fem herskapshus i Dubai verdt 260 millionar kroner er eigd av den 11-årige sonen til presidenten.

Amagasin_mandag_hvit 3

Aserbajdsjan er eit land med dårleg rykte. Men like fullt har dei vore vertskap for store internasjonale arrangement, som Melodi Grand Prix i 2012 og European Games så seint som i år. 53 norske idrettsutøvarar var med og konkurrerte i Baku i juni, men det var lita mediemerksemd rundt arrangementet. Truleg fordi det ikkje blei rekna som eit viktig nok meisterskap å bruke ressursar på, men gledeleg nok dukka det opp ein del kritiske reportasjar i fleire av dei større norske avisene.

Dette har den uredde journalisten måtta betale ein høg pris for.

Fleire sportskommentatorar brukte retorisk kraft («En sportsreise til Helvete», Dagbladet) og mykje spalteplass på å fordømme norske idrettsleiarar for at dei deltok i leikane. Her fekk lesarane også bakgrunnsinformasjon om situasjonen i landet. Noko av denne informasjonen har nok sitt opphav i dei kritiske artiklane til Khadija Ismayilova.

Dette har den uredde journalisten måtta betale ein høg pris for. I mars 2012 fekk Ismayilova fleire fotografi i posten som var tatt på soverommet hennar. Eit brev som låg ved truga med offentleg audmjuking dersom ho ikkje «oppførte seg». Dette skjedde like etter at Ismayilova hadde undersøkt presidentfamiliens interesser i lukrative byggeprosjekt i samband med at Melodi Grand Prix blei arrangert i Baku. Ho nekta å la seg kue, og ein svært audmjukande video som er påstått å vere av henne blei posta på nettet.

No sit ho fengsla.

Khadija Ismayilova blei i 2012 tildelt Fritt Ord og ZEIT-Stiftungs Pressepris, fordi ho har vore ein viktig informant om Aserbajdsjan for eit nasjonalt og internasjonalt publikum. No sit ho altså fengsla, mens familien hennar er i ein svært vanskeleg situasjon. På Day of the Imprisoned Writer 15. november, lanserte PEN International ein større aksjon for fem utvalde forfattarar – ein av dei er Khadija Ismayilova.

Norsk PEN har eit arrangement på Litteraturhuset 23. november, med fokus på fengsla forfattarar og utdeling av Ossietzky-prisen. Men året gjennom hentar PEN International og Writers in Prison Comittee inn informasjon om dei mest utsette forfattarane og sakene deira. Denne informasjonen blir sendt ut til PEN-sentra verda over, saman med adresser til kongar, presidentar, justisministrar eller andre ansvarlege i landet der forfattarane sit fengsla.

Når vi i Komiteen for fengsla forfattarar får denne informasjonen, sender vi straks brev til styresmakter og ambassadar der vi ber om at fangen blir sett fri eller i det minste får tilgang på advokat og medisinsk hjelp. Ofte handlar det om at internasjonale konvensjonar som det gjeldande landet har skrive under på, ikkje blir følgd. Når det er rekna som forsvarleg, får vi også adressa direkte til fengselet.

Ho nekta å la seg kue.

Denne spreier vi ut til medlemmer, og det resulterer ofte i at den fengsla forfattaren får eit skred av postkort og brev. I enkelte tilfelle hjelper denne merksemda på behandlinga forfattaren får i fengselet. Og i etterkant er det mange forfattarar som seier at slike brev og støtteerklæringar frå kollegaer verda rundt har gitt dei styrke til å halde ut.

AMagasin_mandag 2