FOTO: Marc Biarnès/Flickr cc

Menneske er meir enn konsumentar

Kor er det kristendemokratiet og nyliberalismen skil lag? Eg trur det går skeis allereie i menneskesynet.

Det vert sagt at vi lever i nyliberalismen sin tidsalder. At dei nyliberalistiske ideane vinn meir terreng enn dei har gjort på fleire tiår. Det vert understreka av sjølve omgrepet: Dei som er tilhengarar av dei nyliberale prinsippa nyttar berre i liten grad omgrepet «nyliberalisme» sjølv. For å bruke omgrepet nyliberalisme legg vi til grunn at liberalismen har vore fråverande, men så kome attende til det politiske ordskiftet.

Ideane kan verke appellerande på mange: Privatisering av offentlege verksemder, færre offentlege inngrep i økonomien i form av skattar, avgifter og ulike reguleringstiltak. Mantraet er mindre stat, og meir fridom til enkeltmenneska. Det er dette som kjenneteiknar eksponentane for den nyliberale rørsla i Noreg – som vi finn element av i både Høgre, Venstre og Frp.

Vi har sett rivande politisk usemje utspele seg for open scene.

Dei siste åra har vi vore vitne til fleire politiske kampar mellom KrF og dei borgarlege partia. Med dei borgarlege partia meiner eg først og fremst Høgre og FrP, men òg delar av Venstre. Vi har sett rivande politisk usemje utspele seg for open scene i sakar som ostetoll, søndagsopne butikkar, sexkjøpslov, skjenketider og formueskatt. På nokon har denne usemja kome overraskande, medan mange av oss veit at det ligg så djupe ideologiske konfliktlinjer mellom partia at bråket har vore som forventa. Det fins kløfter i norsk politikk som ikkje kan dekkjast over av aldri så god samarbeidsvilje.

Røyst_4_Forside
Denne teksten er et utdrag fra siste nummer av tidsskriftet Røyst.

Det er ingen av partia Høgre, Venstre eller FrP som heilt og fullt sluttar opp om nyliberalismen – eller den akademisk meir presise termen neoklassisk liberalisme. Interessant nok er det slik at moderne liberalistar kan lokaliserast til venstre for klassisk liberalisme, spesielt i økonomiske spørsmål. Nyliberalistane har større vilje enn klassiske liberalistar til å nytte staten som eit instrument for å omfordele velferdsgoder og makt, med mål om å skape eit meir rettferdig samfunn. Klassiske liberalistar vil i mykje større grad vere tilhengjarar av ein økonomisk politikk basert på laissez-faire, fordi dei meiner det vil føre til meir fridom og meir demokrati. Teoretikarane John Dewey, William Beveridge og John Rawls har alle argumentert for ein meir oppdatert og moderne versjon av liberalismen, og skil seg dermed frå klassiske liberalistar som Smith og Tocqueville.

Vi ser på argumentasjonen at det ideologiske tankegodset frå nyliberalismen har gjort inntog i både Venstre, Frp og Høgre, og at det difor kan fungere som ein interessant forklaringsmodell for konfliktane mot kristendemokratane i KrF.

Eg trur det går skeis allereie i menneskesynet.

Så, kor går det eigentleg gale for nyliberalismen? Kor er det kristendemokratiet og nyliberalismen skil lag? Eg trur det går skeis allereie i menneskesynet, og at det får implikasjonar for resten av politikken.

Nyliberalismen legg til grunn eit bilete av eit uavhengig menneske med eigne normer og verdiar, som i det offentlege rom forhandlar om korleis samfunnet kan innrettast for å tilby kvart individ mest mogleg fridom og like moglegheiter for å realisere sitt eige livsprosjekt. Ein overser difor totalt tydinga av sosialisering og den moralske danninga som individa går gjennom når dei møter kvarandre i det offentlege rom.

Nyliberalismen ser på mennesket som eit sjølvstendig, uavhengig og djupt autonomt vesen som formar sitt eige liv, si eiga lukke og søkjer størst mogleg fridom frå innblanding utanfrå – som ei slags «aude øy» i samfunnet. Eit nyliberalt menneskesyn kan gje argument for døgnopne butikkar, døgnopen skjenking og eit samfunn med minst mogleg regulering eller hindringar. Ikkje fordi menneske i den nyliberale utopien har så stor kjøpetrong eller tørste, men fordi valfridomen nesten er ein heilag storleik i det nyliberale tankesettet. Men fins menneske med desse behova på verkeleg, og er det i så fall dei viktigaste behova som vert dekte med slik politikk?

Fellesskap er avgjerande for kristendemokratiet.

I skarp kontrast til det nyliberale menneskesynet finn du det kristendemokratiske menneskesynet som definerer mennesket som eit samfunnsvesen. Individ i fellesskap med andre individ, men likevel ikkje kollektivistisk. Det er eit personalistisk menneskesyn, som betyr at ein ser på kvart enkeltindivid som unikt – men fullstendig avhengig av omgjevnadane sine for å fungere. Det treng familien, venene, skulen, lokalsamfunnet og alle dei andre for å bli eit heilt menneske. I det kristendemokratiske menneskesynet har mennesket djupe behov for desse relasjonane, og er ikkje naturleg tilpassa livet som eremitt. Det unike og individuelle ved mennesket er berre ein av mange komponentar ved det. Difor eksisterer samfunn der det eksisterer menneske.

Fellesskap er avgjerande for kristendemokratiet fordi mennesket skal forstå sin identitet som menneske. Det er eit deskriptivt syn på mennesket, ikkje eit normativt. Ei konstatering av fakta, med andre ord. Difor er det langt frå kristendemokratiet til eventuelle utopiar.

La meg ta dykk med på ei reise tilbake til kjølvatnet av andre verdskrig. Det var i ruinane av det krigsherja Europa at kristendemokratiet byrja å spire fram. Dei ideologiske strøymingane i kristendemokratiet hadde òg ulma i forkant av verdskrigen med inspirasjon frå pavelege skriv om den katolske sosiallæra, men det var først i etterkant at det vart fart på dei kristendemokratiske prosjekta i (Vest-)Tyskland, Italia, Nederland og Noreg – for å nemne fire gode eksempel.

Ein viktig årsak til det var at kristendemokratiet representerte den absolutte motsats til dei totalitære strømmingane og ideologiane frå mellomkrigstida. I fleire europeiske land leia kristendemokratar tydeleg an i kampen mot fascismen, noko som var med på å gje partia legitimitet etter krigen. Ei tid der fanatismen hadde fått dominere skulle no erstattast med meir sunn fornuft.

Kristendemokratiet sitt viktigaste bidrag til politikken ikkje er trua, men tvilen.

Ein av dei som protesterte sterkt mot fascismen i Europa under andre verdskrig, var den største kristendemokratiske tenkaren i Europa, franskmannen Jacques Maritain. Han protesterte mot Vichy-regimet og reiste difor under krigen til Canada for å undervise der. Han var involvert i arbeidet med å få forfølgde og truga akademikarar frå Europa, mange av dei jødar, til tryggleik i Amerika. Han var ein av dei som forkasta ideen om at eitt bestemt ideologisk system kunne romme heile røynda, og sette difor grenser for politikken. Der kommunistar, nazistar og fascistar trudde dei sat med oppskrifta på det fullkomne samfunnet – utopien – ville kristendemokratar som Maritain la samfunnet utvikle seg organisk med utgangspunkt i verdiar som menneskeverd og solidaritet.

Konrad Adenauer i Vest-Tyskland var ein annan klartenkt og stor kristendemokratisk leiar. I tida etter krigen stod han og Christlich Demokratische Union Deutschland (CDU) for ei forsonande linje ovanfor vestmaktene, og var oppteken av å samle Europa. Samstundes var han likevel krystallklar på si antikommunistiske og antitotalitære linje. Politikken skulle ha grenser, og makta skal spreiast – mellom fellesskapa i samfunnet. Dette gjorde at Adenauer òg tok avstand frå den klare marknadsoptimismen som prega ein del politikarar på høgresida. For mykje fridom til marknaden kunne gje uheldig maktkonsentrasjon. Fellesskapet som kristendemokratane snakka om skulle sikrast fridom både frå statlege overgrep, men òg frå marknadens kommersielle mas og forbruksjag.

Difor kan ein sei at kristendemokratiet sitt viktigaste bidrag til politikken ikkje er trua, men tvilen. Tvilen på at alle svar kan rommast i eit politisk system. Tvilen på at idealsamfunnet vil viske ut alle feil og manglar som vi menneske har. Tvilen på at staten alltid har gode hensikter, eller at marknaden vil sikre rettferdig fordeling og rikdom til alle. Og tvilen på at politikk burde brukast til å skape eit nytt menneske eller draumesamfunn i eit bestemt ideologisk bilete.

I ein familie vil mange kanskje sjå på tid saman med borna sine som eit gode.

Det er nettopp her kristendemokratiet slår til på sitt beste: Trua på det ufullkomne mennesket. For der nyliberalismen har full tillit til at enkeltmenneska vil forvalte fridomen sin på ein måte som er til det beste for fellesskapet, vil ein kristendemokrat hevde at det er ei altfor optimistisk haldning til mennesket. Likeeins har kristendemokratane ein naturleg skepsis mot at staten alltid vil det beste for menneska den tener: Kan det hende staten sine interesser og enkeltmenneska sine interesser er ulike i ein del situasjonar?

Ta for eksempel i familiepolitikken. I ein familie vil mange kanskje sjå på tid saman med borna sine som eit gode. Men viss målet er at staten skal ha pengar i kassen til trygge velferdsordningar og økonomisk vekst er det jo best at borna kjem seg i barnehage, slik at foreldra kan gå på jobb og tene pengar.

Eit anna eksempel på interessekonfliktar mellom staten og sivilsamfunnet er i spørsmålet om leverandørar av velferdstenester. Frå eit statleg perspektiv vil jo det beste vere at staten tilbyr velferdstenester, slik at ein kan vite at alle får det same og at ingen tener seg rike på å gje folk omsorg. Men frå eit sivilsamfunnsperspektiv er det ein verdi i seg sjølv at frivillige, ideelle lag og organisasjonar får moglegheit til å drive skular, sjukeheimar og sjukehus. Viss folk og organisasjonar vil bidra til å skape eit betre samfunn og gje folk omsorg, er det ingenting som er betre enn det.

Det er ein viktig forskjell mellom det fellesskapet som vi kristendemokratar snakkar om, og det fellesskapet som ein ofte høyrer snakk om på venstresida. Slik eg har prøvd å illustrere er ofte fellesskapet som venstresida snakkar, om synonymt med staten. Når kristendemokratar snakkar om fellesskap, snakkar vi om det sivile rommet mellom staten på den eine sida og marknaden på den andre sida.

Mange stussar kanskje over om dette er det einaste som skil kristendemokratiet frå sosialdemokratiet – og forstår kanskje ikkje kvifor eg skriv om dette i denne teksten. Men for å gje eit meir heilskapleg bilete, er det viktig å forstå kva meir som ligg bak denne skilnaden. Fordi det òg forklarar noko kristendemokratiet har til felles med dei nyliberale.

Toleransen for annleistenkjande er skyhøg blant kristendemokratar.

For kristendemokratiet er ein grunnleggjande liberal ideologi. Det er kanskje ikkje alltid så lett å forstå når ein ser på KrF si historie, men sanninga er at det liberale utgangspunktet ligg ganske sterkt i kristendemokratisk tenking.

Eksempelvis gjeld dette i spørsmål om annleistenkjande: Toleransen for annleistenkjande er skyhøg blant kristendemokratar.

Det skal vere lov å tenkje annleis enn fleirtalet utan å frykte represaliar, òg i spørsmål som er kontroversielle og kan skape sterke reaksjonar i eine eller andre retninga. Å få starte religiøse skular er ei sak der dette har kome klart til uttrykk. KrF – det einaste kristendemokratiske partiet i Norge – har alltid tatt til orde for at elevar og foreldre skal kunne velje kristne skular, og at desse skal få statsstøtte for å vere eit reelt alternativ til det offentlege. Men likefullt vil dei same kristendemokratane kjempe med nebb og klør for at muslimar, jødar eller hinduar skal få same rett til å starte slike skular – fordi det handlar om toleransen for annleistenkjande og fridomen til utdanning.

I alle desse spørsmåla har nok ein del på venstresida ein tendens til å (kort)slutte litt for kjapt at avvika ikkje skal tolererast.

Vi har sett det i forsvaret for reservasjonsretten. Eit – ekstremt vil kanskje nokon sei – uttrykk for toleransen for annleistenkjande og mindretal. Vi har sett det i forsvaret for at jenter og kvinner skal kunne bære hijab, òg når dei er på jobb som politifolk eller i andre offentlege roller.

Vi har sett det i forsvaret for at familiane sjølv skal få bestemme når dei sender borna sine i barnehagane. Sjølv om berre eit ørlite mindretal vel å vere heime med borna til dei blir to år, så skal det framleis vere ein legitim ting å gjere. Fordi det handlar om toleranse, fridom og enkeltmenneske.

I alle desse spørsmåla har nok ein del på venstresida ein tendens til å (kort)slutte litt for kjapt at avvika ikkje skal tolererast.

Slik Hadia Tajik gjorde då ho gjekk ut og åtvara mot at elevar valde religiøse skular for borna sine, fordi ho var redd for at at det ville svekke den offentlege skulen.

Eller slik Inga Marte Thorkildsen sa om kontantstøtta då ho var barne- og likestillingsminister: «Man kan si at det er like verdifullt å gå hjemme med barn som å jobbe – men det er det ikke».

Det interessante med striden knytt til forslaget om reservasjonsrett for fastlegar var korleis rollene no var snudd på hovudet: Det gamle majoritetssynet på abort har for lengst blitt eit minoritetssyn, og omvendt. Mange – med betre kjennskap til kampen for sjølvbestemt abort enn meg – vil kanskje hevde at toleransen for annleistenkjande i abortspørsmålet ikkje var spesielt stor den gongen KrF og partiet sine meiningsfeller stod for majoritetssynet i denne saka.

No som rollene var bytta om, var det likevel toleransen for annleistenkjande som stod øvst på dagsorden for kristendemokratane i KrF. Reservasjonslegane var, i mange KrF-auge, ein minoritet med eit samvit som burde respekterast. Den same utviklinga kan ein sjå på fleire andre verdirelaterte område; for eksempel i spørsmålet om at prestar i kyrkja skal kunne reservere seg mot å vie homofile viss Kyrkjemøtet stemmer for vigsel for likekjønna. Òg her er det toleransen for mindretalet som er det trumfande argumentet for dei som no er komne i mindretal – dei som ikkje vil vie homofile.

Slikt skal folket verta fridd frå.

Til tross for at nyliberalismen og kristendemokratiet møter kvarandre i mange av spørsmåla som omhandlar toleranse for annleistenkjande, er likevel avstanden milevid i viktige spørsmål om korleis vi elles ser på samfunnet rundt oss. Slik som i spørsmålet om søndagsopne butikkar eller om sexkjøpslova.

La oss ta for oss dømet søndagsopne butikkar, fordi det illustrerer ein interessant forskjell mellom kristendemokratiet og nyliberalismen.

Her skulle eg ønskje ein kunne fått sjå litt meir av det sosial-liberale Venstre, og litt mindre av det nyliberale. I sosial-liberal ideologi er det jo kjend at der fridommen min sluttar, der byrjar fridommen din. For at alle skal ha størst mogleg fridom i eit samfunn, bør fridomen ha ei grense. At den grensa skal gå ved søndagsfri, er det stor semje om blant dei aller fleste. Likevel har høgrepartia brukt mykje tid, energi og politisk kapital på å innføre søndagsopne butikkar. For å gje folk valfridom.

Over 70 prosent av dei spurte i meiningsmålingar seier sjølv at dei ikkje ønskjer seg denne valfridomen, men dei nyliberale tankane til Venstre, Høgre og Frp seier det motsette: Desse tankane seier at forbod mot søndagsopne butikkar over ein viss storleik ikkje er ei naudsynt regulering. Slikt skal folket verta fridd frå. Det kan sjå ut som at dei ideologiske skylappane skuggar for utsikt til kva samfunnet der ute faktisk etterspør.

For når folk seier at dei ikkje ønskjer å handle på søndagen, så seier dei nyliberale at «det er opp til kvar enkelt å avgjere. Kvifor skal butikkane halde stengt, berre fordi du ikkje vil handle?». Her vert den overdrivne tanken om personleg autonomi tydeleg avsløty – at kvar enkelt nærast lever i sitt eige univers. Det er ei blind tru på at marknaden kan ordne opp på eiga hand, og ein tanke om at kvar enkelt kan leve liva sine upåverka av marknaden.

Akkurat på same måte som marknadsøkonomisk tenking ikkje tar opp i seg at det fins viktigare verdiar enn bruttonasjonalprodukt og økonomisk vekst. Kristendemokratiet har eit vidare syn på kva som betyr noko.

Eit illustrerande døme er ein spasertur mellom dei to kjende økonomane Wilhelm Röpke og Ludvig von Mises. Tyskaren Röpke var kristendemokrat, medan Mises var liberalar. Ein ettermiddag like etter andre verdskrig spaserte dei to forbi ein kolonihage i Geneve. Mises betrakta verksemda i kolonihagen med ei skeptisk mine og gav uttrykk for at dette var ein særs ineffektiv måte å produsere matvarar på. «Kanskje det», svarte Röpke. «Men det er også ein særs effektiv måte å produsere menneskeleg lukke på».

Menneske er meir enn konsumentar og forbrukarar – vi er heile menneske. Det overser diverre alt for ofte dei nyliberale ideologane.

(Denne artikkelen står i siste nummer av tidsskriftet Røyst, som ble lansert 11. november 2015. Gjengitt med tillatelse fra forfatter og tidsskrift)