FOTO: EPA/ORESTIS PANAGIOTOU/NTB SCANPIX

“Dei som kostar”

I debatten om kva flyktningane kostar: Kven kan garantere at nokon av oss i det heile tatt løner seg til slutt?

Dei siste dagane og vekene har vi sett overskrifter som «Flyktningregningen», «Asylregningen», «Sjokkregningen», «Asylkostnaden» og «Flyktninger kan koste Norge 750 milliarder kroner». Under det heile ligg eit ubehageleg spørsmål og vakar: Kva kostar eigentleg eit menneske?

Å koste noko

Medan vi er veldig innstilte på å rekne på kva enkeltmenneska kostar samfunnet, gjeld det foreløpig berre dei vi omtalar som flyktningar og asylsøkarar. Oss andre derimot, er det få som reknar på i same omfang. Innforstått: Vi kostar ikkje. Det er det dei som gjer. La oss sjå litt nærare på akkurat det der med kven som kostar kva, sjølv om det kan vere litt ubehageleg.

Den 23. mars 2003 kunne København kommune opplyse på sine heimesider at kommunen årleg ville spare minimum to millionar kroner på at det vart fødd færre born med Downs syndrom. Det er nok fleire enn meg som syns det er ubehageleg å rekne på det kvar enkelt av oss kostar samfunnet, for kven kan garantere at nokon av oss i det heile tatt vil løne seg til slutt?

Krenking av menneskeverd

På kort sikt er det ingen tvil om at flyktningkrisa vil auke utgiftene på statsbudsjettet, fordi velferd kostar. Det treng ein ikkje vere blind for. På same måte er det ingen av menneska i det norske samfunnet som eine og åleine berre representerer utgiftsposter, og slik vil det sjølvsagt ikkje vere med flyktningane heller – slik mellom andre Victor Normann har peika på.

Pengebruk er uansett relativt. For å sette ting litt i perspektiv: I fjor brukte vi nordmenn 46,3 milliarder kroner på julefeiringa – på julegåver, mat, pynt og fjas. Det er relativt små offer per nordmann som må til for å finansiere flyktningkrisa. Den debatten er få politikarar villige til å ta.

Ikkje misforstå meg: Det er bra at vi har ei demokratisk samtale om kva det vil sei for oss når mange menneske plutseleg kjem til landet vårt frå krig, undertrykking og forfølging. Det er ein del spørsmål som heilt klart bør diskuterast både før, under og etter ei slik krise. Korleis det påverkar samfunnskontrakten, til dømes. Korleis vi skal få dei nye borgarane til å bli ein del av det sivile samfunnet, av frivilligheiten, av den skattebetalande ryggrada i det moderne velferdssamfunnet.

Ingen menneske burde omtalast som reine utgiftsposter.

Det er avgjerande kva ramme denne diskusjonen føregår innanfor.

Ingen menneske burde omtalast som reine utgiftsposter, slik mange no tenderer til å omtale flyktningane. Heilt uavhengig det moralske ansvaret for å hjelpe og bidra for menneska som no er på flukt, handlar det også om noko så grunnleggande som verdien på eit menneske. Ordbruken som no brukast om menneska på flukt, er i ferd med å skape eit klima der krenking av menneskeverdet sakte, men sikkert, vert legitimert. Dei gjentekne forsøka på å brenne ned asylmottak i Sverige, kan vere eit symptom. Ord er dei kraftigaste verkemidla vi har i den politiske debatten, dei stupar rett forbi fornufta og inn i kjenslene. Der bidreg dei til å danne grunnlag for meiningane våre.

Naturkatastrofar og tsunamiar

Det var muligens ikkje bevisst ordbruk då eg i valkampen høyrde direkterapporteringane frå ein av NRK sine reportarar som stod på grensa mellom Makedonia og Hellas. Han sa: «Når makedonske myndigheter prøvde å stanse denne strømmen så hadde de ingenting å stille opp med». Vidare kom det ord som «oversvømmelse», «denne strømmen» og «denne kjempebølgen av flyktninger».

Uansett kva intensjonen var frå reporteren si side, fekk eg assosiasjonar til naturkatastrofar, som tsunamiar og flaumkatastrofar. Situasjonar som er særs øydeleggjande, farlege og dødelege. Ein tsunami eller naturkatastrofe er utelukkande negativt, men kan ikkje stopppast. Det er situasjonar som skapar reell frykt. Eg har tatt meg sjølv i å bruke ord som flyktningstraum og asylstraum. Som om det eg omtalar er noko vi ikkje kan stoppe, men som vi burde stoppe. Kanskje er det difor orda også er brukt av smarte retorikarar som Per Sandberg og Carl I. Hagen? Kanskje er det difor dei var tidleg ute med bruk av ord som asyleksplosjon?

Ord kan gi kraftige assosiasjonar. Ord er makt.

Helsing ein av «dei som ikkje kostar».