Reiulf Steen skal ha sagt at Arne Paasche Aasen har betydd meir for norsk arbeidarrørsle enn Karl Marx. Arild Bye har skrivi ein biografi som etterlet inntrykket av at påstanden ikkje er urimeleg.
Her om dagen var eg på ballett i plankebyen Fredrikstad. Eg er ikkje i tvil: Hadde det vore ei stemmeurne der inne, ville ikkje Arbeidarpartiet fått dei 50 prosentane dei får ved val i byen.
Kulturuttrykk er framleis uttrykk for klasse. Slik er det, men det blir gjerne bråk av å hevde det høgt. Så la meg i staden slå eit slag for ein biografi som forklarer korleis klassedelinga fungerer i praksis, i menneskelivet til ein som forsøkte å bryte desse lenkene: Poeten Arne Paasche Aasen.
Så er det desto meir påfallande kor gløymd namnet til Paasche Aasen er.
Reiulf Steen skal ha sagt at Arne Paasche Aasen har betydd meir for norsk arbeidarrørsle enn Karl Marx. Arild Bye har skrivi ein biografi som etterlet inntrykket av at påstanden ikkje er urimeleg. Så er det desto meir påfallande kor gløymd namnet til Paasche Aasen er.
Førsteinntrykket av ein 600 siders murstein gav ein tung start, men så starta eg å bla. Eit foto av Aleksandra Kollontaj dukka opp. Jøss!? Til sist sat eg og slo opp i alle dei hundrevis av notane også, for denne boka er meir enn ein personbiografi. Ho er ein samtidsbiografi over den norske arbeidarrørsla frå 1900 til 1970-talet.
Den store gjerninga til Paasche Aasen er å gå først i kulturkampen for arbeidarklassen.
Ikkje nok med det: Boka gir djupdykk i ein vesentleg del av rørsla som ikkje blir godt dekt i politikarbiografiar. Den sosialistiske kampen for likeverd står nemleg ikkje berre om politisk og økonomisk makt, men også om sosial og kulturell makt.
Arne Paasche Aasen sa det slik: «Sosialismens oppgave er ikke bare å redde menneskene og samfunnet fra økonomisk kaos og vilkårlighet, dens oppgave er ikke bare å utrydde urettferdighet, fattigdom, tvang, uvitenhet og fordom – dens oppgave er å gjøre den frigjorte menneskelykke til en almen selvfølge. Dens oppgave er å avskaffe «angsten for morgendagen, avkoble vår frykt og frigjøre alle våre rike muligheter».
For dei av oss som er opptatt av at likeverd betyr at alle har makt til å formidle si eiga historie med sitt eige uttrykk – er denne boka pensum.
Sin eigen kultur
Kulturuttrykk er det som blir fortald om å vere menneske. Dersom fortellingane aldri handlar om ditt liv, er du utanfor. Og du er utanfor dersom det som blir sagt, blir sagt slik at du ikkje forstår det. Den store gjerninga til Paasche Aasen er å gå først i kulturkampen for arbeidarklassen.
Med humor og skarp retorikk var han ein talar som evna å mobilisere.
Biografien over livet hans syner korleis arbeidarrørsla blei sterk fordi dei bygde opp uttrykk folk kunne kjenne seg heime i. Dei trykte sine eigne dikt som alle kunne forstå på forsidene i sine eigne aviser.
Dei laga sine eigne bøker på eigne forlag, bøker som til tider var så farlege at dei blei forbodne av borgarskapen. Dei tolka samfunnet med teater som skapte begeistring. Dei laga sine eigne filmar for å mobilisere folk. Dei song sine eigne songar som formulerte eit samfunnssyn og som skapte samhald.
Og i alt dette var Arne Paasche Aasen ein leiar. Han var forfattaren som formulerte bodskapen som nådde fram til fleirtalet av folk – i heile perioden arbeidarrørsla verkeleg vann fram.
Han var også mellom dei politiske agitatorane som førte arbeidarrørsla til makt. Med humor og skarp retorikk var han ein talar som evna å mobilisere.
Politisk naudsynt – ikkje til pynt
Livet til Arne Paasche Aasen var vevd i hop med alle store hendingar i norsk arbeidarrørsle frå starten av 1900-talet til 1972. For ei soge.
Hans virke var slettes ikkje til pynt.
Boka teiknar dei lange linjene frå den spede organiseringa i starten av hundreåret til revolusjon i Russland. Frå den internasjonale Komintern til tilbakefall for vona om endring. Frå splittinga av Arbeidarpartiet i val om strategi for å nå det klasselause samfunnet, til valsiger. Frå borgarlege fengslingar av arbeidarleiarane og motstandsarbeid mot nazistane, fram til tiåra der Haakon Lie jakta på kommunistane og Ap bygde det landet vi tenkjer vi framleis lev i.
I alt dette stod Arne Paasche Aasen, og alltid var han på den bærande sida i Arbeidarpartiet: Han var støttespelar for den radikale Ap-leiaren Kyrre Grepp. Han var Tranmæls følgje i synet på at sosialismen måtte byggjast nedanfrå, ikkje frå eit sentralstyrt Sovjet. Han var diktaren til Gerhardsen og Lie, som fekk ordet med prolog før alle viktige møte.
Først i 1972 stod han ikkje lengre trufast ved partileiingas side. Han meinte dei tok feil denne gongen.
Både Lie, Gerhardsen og dei andre vitnar i boka om kor viktig Paasche Aasen var for dei som seinare er kjend for å «byggje landet»; eitt uttrykk nettopp Paasche Aasen gjorde kjend med desse linjene:
«Vi er de tusener som bygger landet / Det ble oss kjært i dagens strid. / Vi bar det fremad i savn og armod / – nu bygger vi den nye tid!»
Haakon Lie fortel om starten på samarbeidet deira, då kulturbevegelsen måtte ha norske kampsongar: «Se på tidspunktet. Fascismen er på mars ute i Europa. Den måtte og skulle møtes. Og da er Arne Paasche Aasen der».
Paasche Aasen var tidleg ein bohem som skilde seg ut i gatene på Grünerløkka.
Hans virke var slettes ikkje til pynt. Denne soga illustrerer det godt: Saman med Rudolf Nilsen, skodespelaren Ella Quist Kristoffersen og mange fleire, skapte Arne i to tiår eit sterkt Oslo Arbeidarsamfunn med teater, song, dans og politikk.
Einar Gerhardsen var i same lag, i ein gjeng som blei kalla «pietistane», som ikkje ville ha så mykje kultur. Gerhardsen blei leiar for laget frå 1920. Bye skriv: «Under hans ledertid ble medlemsflukten katastrofal. Til slutt satt bare en liten, sekterisk klikk på 40 stykker tilbake. Da hadde nesten 300 meldt seg ut i løpet av ett år». Einar gav leiarklubba frå seg, og kanskje var det her Gerhardsen lærte at dei trengte kulturliv for at folk skulle kjenne seg heime i kampen.
Kultur og klasse
Paasche Aasen var tidleg ein bohem som skilde seg ut i gatene på Grünerløkka, men han reiste aldri frå arbeidarklassen han var fødd i, og nær heile livet sitt budde han på Grünerløkka og Sagene. Mennesket Arne Paasche Aasen står i første omgang fram som ein vinnar:
Ein tiltrekkjande bajas med hang til kvinner, vin og song – og samstundes som ein evig kjempande helt i fronten; den som var rørsla trufast til siste slag.
For å tene pengar måtte han kvar einaste dag gjere ein skrivejobb som blei betalt.
Men lengre ut i livet trår også fram ei sjel som ikkje tolte den personlege motstanden, som ikkje kunne leie seg sjølv, som trong heiaropa frå flokken for kjenne sin verdi og som let seg bestille, bruke og rette.
På eit ytre plan gir biografien fullt innblikk i korleis mostanden frå dei litterære kretsane kom til uttrykk, korleis Paasche Aasen blir underkjend heile vegen, frå litteraturkritikk til stipendsøknad, år etter år. Boka fortel detaljert korleis fintfolk stadig trekte kulturterskelen opp etter seg.
Paasche-Aasen sleppte dei aldri inn til seg. I dette er ein god dose økonomi: For å tene pengar måtte han kvar einaste dag gjere ein skrivejobb som blei betalt. Det betyr at han måtte skrive mykje og raskt, han hadde ikkje råd til å flikke.
Arne fekk eit ansvar og hadde ei gåve – derfor var han ein leiar.
Arne blei svært kjend som avisskribent med satiriske og uhøgtideleg vers. Under aliaset Dorian Red var han den faste diktaren i Arbeidarbladet, heilt frå 1935 og ut på 60-talet:
«Dorian Red ble umåtelig populær hos leserne. Det flommet inn med brev til redaksjonen.» På den eine sida likte han denne måten å skrive på. Som Bye skriv, «det tvilsomme i å nå ut hadde Arne Paasche-Aasen aldri skjønt.» Samtidig skreiv han også for alvor, og ville bli tatt på alvor.
Sjølv sa han det slik, ikkje på vegne av seg sjølv, men av saka si: «En kan ikke forlange at de skal skjønne stort av hva vi strever med, men en kan kreve at de er litt mindre arrogante, litt mer lavmælte når de fra tid til annen er ute i avisspaltene og agerer «kultur-elite». En virkelig kulturelite burde, syns jeg, skaffe seg visse elementære kunnskaper om den bevegelse som i større grad enn noen i vårt land preger all politisk og økonomisk virksomhet – den representerer i dag i sin dybde og bredde det viktigste i norsk kulturreisning.»
Fortellinga om den kulturelle klassereisa som ikkje kom, gir oss sjansen til å tolke det personlege: Arne var eit menneske som i ungdomen kvilte trygd i seg sjølv. Livsoppdraget var klart frå foreldra, og blei ei tung arv å bære etter at mora Augusta Paasche Aasen døydde i Moskva som utsending til Komintern frå Arbeidarpartiet.
Arne var arbeidardiktar.
Arne fekk eit ansvar og hadde ei gåve – derfor var han ein leiar. Han tok stor plass fordi han var kravde plass på vegne av flokken sin; i denne rolla kunne han blomstre.
Bye skriv: «Arbeiderpublikummet kom og lyttet til ham uten å tenke på om hvorvidt det foran dem stod en mann som ville innta litteraturhistorien en dag. Når de ba ham om å komme og inspirere dem, var det for å få noe tilbake, i dagen de opplevde.»
Samtidig er det eit sosiologisk faktum at han stod langt frå den sosialistiske, men velutdanna kultureliten. Dei var samla i «Mot Dag» kring den sjølvhøgtidelige Erling Falk.
Bye skriv: «Den tidligberømte dikteren fra Grünerløkka, den elegante, florlette, sjarmante og markerte, hatteprydede arbeiderungdommen Arne Paasche Aasen var Erling Falks rake motsetning. Arne Paasche Aasens latter og spøk kunne aldri nå inn hos Erling Falk. Arne Paasche Aasen må ha kjent en intuitiv avsmak for lederen av Mot Dag. Med bakgrunn i Tranmæls filosofi om arbeiderklassens ledende rolle i sin egen frigjøring, og Direkte Aktions syndikalisme, stod Arne Paasche Aasen politisk også for det motsatte av ideen om at arbeiderklassen trengte en intellektuell elite til å lede sitt opprør.»
Han var ingen politikar.
Arne var arbeidardiktar. Han klarte sitt artium og som ein av få av sin klasse blei han opptatt som student, men gjekk ikkje vidare med studia. Han valde heller å bli journalist og studieleiar i Arbeidarpartiets ungdomsrørsle etter partisplittinga i 1923, «Venstrekommunistisk Ungdomsfylking». (Det var forresten han som fremma dette organisasjonsnamnet som benkeforslag. Med andre ord står Paasche Aasen bak det særeigne namnet «fylking» som har følgt med heilt inn i dagens AUF, trass fleire forsøk på å fjerne det.)
Journalisten som intervjuar den nye studieleiaren kommenterer Arnes karakteristiske mangel på å heve seg over: «Han ser ikke det spor lærd ut, han gjør ikke en gang forsøk på å se lærd ut. Han har ikke hornbriller, og myser ikke med øynene. En halvlærd røver, tenker vi.»
Lenge kunne Arne synast å kvile trygt i seg sjølv, fordi han talde på vegne av mange. Slikt gav livstru og meining. Men etterkvart som flokken hans var blitt den nye politiske eliten, og Arne sjølv var ein slagar både på radio og på folkemøte – kva då? Han var ingen politikar.
Alkoholen blei det som gav påfyll av sjølvtillit, men så kom fallet og henta han ned til seg: Han var ingen.
Med sin fagkompetanse hadde han vunne folket til seg, men likevel vann han ikkje ære og makt i sin yrkesstand. Kultureliten var ugjennomtrengeleg. Få forfattarar stod ved hans side – venen Johan Falkberget var eit evig unnatak: «Du har støtt dine teltpæler ned hos folket. De leser Deg og synger Dine sanger».
Arne skreiv heile livet, men var knapt nok kalla ein «forfattar». Han var «skribent». Han starta fleire organisasjonar (som TONO), men blei ikkje likeverdig i Forfattarforeininga. Han fekk med seg andre, som Alf Prøysen, Anne Cath Vestly … Somme av dei fekk seinare ei viss ære for sitt forfattarvirke. Arne brøyta berre vegen. Foten hans kom aldri innanfor dørene til dei andre som kunne det han kunne – å dikte. Slik var han einsam.
Sett slik er det rimeleg å tenkje at den stadige underkjenninga sette seg fast også i sjølvoppfattinga og nervane hans. Trass i at han var høgare elska og meir lest enn andre forfattarar, var han aldri god nok. Alkoholen blei det som gav påfyll av sjølvtillit, men så kom fallet og henta han ned til seg: Han var ingen.
For litteraturvitarar står forfattarskapen til Arne Paasche Aasen i beste fall heilt bakst i skuggen av Rudolf Nilsen.
I lys av akkurat dette, er det ein smule irriterande at biografien ikkje eigentleg byr på gode møte med diktinga hans. Vi lærer virket godt å kjenne, men ikkje sjølve forfattarskapen. Side for side blir vi fortald korleis Paasche Aasen blir underkjend, og vi kjenner det urettvist – men lese og dømme sjølv, får vi ikkje i denne boka.
Arild Bye syner til tekstar som blir sett som sterke, som dei beste – men utan å gje lesaren innsyn i kva det gode diktet var. For tekstar du skal langt inn i arkiva for å finne, er dette synd. På 600 sider kunne ein vel ha gitt plass til ei handfull heile dikt av hans beste?
Også eit par småfeil kan tyde på at biografien ikkje har vald å fokusere på forfattarskapen: Eit av dei kjende dikta blir ramsa opp som var det to (Samholdssangen / Sleggene synger). Ein annan plass blir ei av dei aller mest kjende Paasche Aasen-linjene feilsitert.
Forfattaren
For litteraturvitarar står forfattarskapen til Arne Paasche Aasen i beste fall heilt bakst i skuggen av Rudolf Nilsen. I det levde livet haldt dei to tett følge. Det var Arne som rekrutterte Rudolf til flokken av politiske arbeidargutar på løkka. Her var det «Rulle» som var den tilbaketrekte, i skuggen av leiaren Arne.
Saman med Henry Harm og Aksel Zachariassen var dei ein kvartett som las og skreiv, drakk og diskuterte. Dei var kameratar, tvers gjennom striden som splitta Arbeidarpartiet på 1920-talet.
Dei kjempa med ord gjennom eit 20-tal der dei borgarlege starta organisasjonar som Fedrelandslaget og Samfundsvernet, som samarbeidde med politiet for å slå ned «arbeiderklassens ulovligheter» og som hadde sterk sympati med Mussolini.
Paasche Aasen var ein storarta opplesar.
Rudolf døydde, men Arne haldt fram med å skrive seg inn i samtida som arbeidardiktar. Før dei andre poetane, i 1933, skreiv han diktet Hakekors-jul:
«De brenner våre faner
i Hamburg og Berlin,
de fengsler våre brødre
ved Elben, Spree og og Rhin´.
Men av den jord som dynkes
med falne brødres blod
skal vårens vilje flamme
og vårens vekster gro»
Paasche Aasen var ein storarta opplesar. Diktinga hans kvilte i det munnlege meir enn det skriftlege. Med radioen og visetradisjonen kom han til sin rett.
Bye skriv: «Sangdiktningen ga poesien en tilbakevending til hva den hadde vært i de eldste tider: en muntlig kunstform. En gang hadde opplesningen, stemmeframføringen av diktet, det lydlige, hatt forrang framfor diktet som tekst, mottatt av det lesende øyet.»
Det er radioen som førte til at dei fleste over 40 framleis kjenner dei tonsette tekstane til Paasche Aasen, som Blåveispiken eller De nære ting:
«Ditt sinn monne flyve så vide omkring,
det er som du glemmer de nære ting,
det er som du aldri en time har fred,
du lengter bestandig et annet sted.
Du syns dine dager er usle og grå,
hva er det du søker, hva venter du på?
Når aldri du unner deg rast eller ro,
kan ingen ting vokse og intet gro.
Gå inn i din stue, hvor liten den er,
så rommer den noe ditt hjerte har kjær.
På ropet i skogen skal ingen få svar,
finn veien tilbake til det du har.
Den lykken du søker bak blånende fjell,
kan hende du alltid har eiet den selv.
Du skal ikke jage i hvileløs ring,
men lær deg å elske de nære ting.»
For meg er dette farmor, ho nynna den stadig, som var det visa om hennar liv. (Sjå gjerne innspelinga til Trond Grandlund her frå 2010, med film frå vår klasse og der fintfolket er hengt opp på veggen bak artisten.)
Eg ante ikkje kor sterkt dei virka inn i samtida si.
Sjølv er eg songar, og for oss som er i arbeidarrørsla, er det slik vi kjenner Paasche Aasen best. Spurte du meg, ville eg svart at han var mannen bak mange av dei tradisjonelle arbeidarsongane. Somme av dei har lagt seg i hjartet, dels som minne om, ikkje farmors, men mormors bodskap til meg.
Eg kan høyre den gamle, men lyse røysta hennar synge med på Din ungdom på LP-en som snurra igjen og igjen:
«Nå roper en verden: Vi trenger ditt hjerte,
din evne, ditt brennende sinn!
Og fikk du din ungdom til odel og eie,
så bruk den! Sett kreftene inn!».
Men likevel: For meg er dei gamle tekstar. Eg ante ikkje kor sterkt dei virka inn i samtida si. Som i Byes fortelling om arbeidarrørslas folk som blei sende i hopetal til Sachsenhausen. Frihetens forpost av Paasche Aasen blei deira andre nasjonalsong.
Eg tenkjer at sosialdemokratiet har gløymt dette vesentlege.
Dikta somme av dei kunne frå før blei delt. Dei festa seg i hjarta med kraft. Ein av fangane fortel: «Vi retta ryggen […] der vi satt, underernærte og uten overskudd over hodet. Sangen samlet.»
Etter å ha lese denne boka blir eg sittande og tenkje på kor vi no står, korleis vi famlar etter svar som kan vinne folk til vår side i kampen mot frykt og utanforskap.
Slik svarer diktaren i 1936: «Den beste og mest effektive måte å holde facismen og nazismen borte på, er å minne millionene om deres menneskeverd, om livets skjønnhet, naturens rike frodighet og nestekjærlighetens varme grobund. Det er den vi sosialister må bygge videre på.»
Eg tenkjer at sosialdemokratiet har gløymt dette vesentlege, og at vi kan lære, ikkje berre av Paasche Aasens idegrunnlag (Sosialismens oppgave er å avskaffe angsten for morgendagen, avkoble vår frykt og frigjøre alle våre rike muligheter – ), men også av hans kulturelle metode.
Kommentarer