FOTO: Marvin Ronsdorf/Unsplash

Avslører forførande tal og statistikk

Samfunnet vårt er gjennomsyra av tal og målstyring. Det er på tide med «av-teljing», skriv den nederlandske forskaren Sanne Blauw. Det gjer ho i ei bok som har vekt oppsikt i heimlandet.

Den best selde boka nokosinne. Korleis tal leier, forfører og villeier oss. Slik lyder den norske omsetjinga av tittelen på ei bok som har vekt oppsikt og debatt i Nederland.

Boka er skriven av Sanne Blauw (f. 1986), som titulerer seg som econometrist. Ifylgje ei engelsk ordbok tyder det ein som nyttar «matematiske og statistiske modellar i studie av problem og analyse av data». Det peikar på «tal» i tittelen, men her skurrar det alt – for ifylgje tittelen «villeier» tala oss.

Sanne Blauw er – for å ta i bruk ein bibelsk metafor – Saulus som vart Paulus. Som econometrist – ja, alt som barn – var ho vore fascinert av tal og statistikk. Men på eit feltarbeid i Bolivia, der ho gjorde undersøking av lykke og inntektstilhøve, opplevde ho som Saulus ei «omvending». Det fekk henne til å ta eit oppgjer med den forståingsmodellen som dei siste tiåra har fått stadig større makt i samfunnet vårt: trua på at alt er målbart. Denne trenden gjeld Noreg like mykje som Nederland.

Ho avtel alle område av samfunnet der teljing og måling har vorte tildelt rolla som dominerande definisjonsmodell.

Bestselger i Nederland: “Het best verkochte boek ooit. Hoe cijfers ons leiden, verleiden og misleiden”.

Kva skjedde i Bolivia? Blauw skjøna at ho gjennomførte eit prosjekt som var sjølvoppfyllande: Ho spurde intervjukandidatar om dei kjende andre ho kunne intervju – og såleis forhindra ho sjølv ei representativ dekning av ulike sosiale folkegrupper i Bolivia. Og ho oppdaga at mange respondentar ikkje skjøna spørjeskjemaet ho gav. I sitt indre tenkte den nederlandske «teljaren»: Dersom eg hadde sett opp denne forskinga litt annleis, ville resultata vore heilt forskjellige.

Heime i Nederland kom så denne paulinske erkjenninga: Fram til no har eg gjort verda teljeleg, men verda lett seg ikkje teljast; «het is tijd om te ont-cijferen», «det er på tide med av-teljing». Og det er det Blauw gjer i Den best selde boka nokosinne: Ho avtel alle område av samfunnet der teljing og måling har vorte tildelt rolla som dominerande definisjonsmodell, også innanfor bokmarknaden, og det forklårar tittelen på boka. Om så boka har selt bra – kanskje betre enn Blauw hadde venta – så er tittelen meint som ein ironi på vurderingar av bøker i bokhandelen som handlar meir om kvantitet enn kvalitet.

Heile historia

I boka avtel Blauw teljekant, statistikk og målstyring. Ho byrjar med dei fyrste skriftlege kjeldene i sivilisasjonen vår knytt til teljing, leirtavler med nummer på frå Uruk, 3000 før Kristus. Så går ho fram i tid, med vekt på pionerar innan statistikk, som Florence Nightingale, som òg er rekna som mor til den moderne sjukepleia. Under Krimkrigen (1853-56) revolusjonerte ho sjukepleia med statistiske verktøy.

Om du plasserer Bill Gates in ein buss, blir gjennomsnittet i bussen millionærar.

Denne kronologiske forteljinga gjer at Den best selde boka nokosinne kunne ha gått inn som eit nytt band i den populære serien Kva er…, altså som Kva er teljing? Men hovudvekta er likevel på kritiske røyster. I dei påfylgjande kapitla tek Blauw føre seg bruk av statistikk i område som er politisk betente, som IQ og hudfarge i kapittel 2, seksualitet i kapittel 3, og røyking og lungekreft i kapittel 4. Deretter fylgjer to kapittel, eitt om den såkalla bigdatarevolusjonen innan den digitale verda, og eitt kapittel om statistikk og psykologi, før Blauw avsluttar boka med ei sjekkliste: ho viser kva fallgruver ein må vera merksam på når ein møter statistikk og meiningsmålingar.

«Cijfer» er eit ord med vidare tyding enn norsk «tal», det tyder òg «karakter». Blauw ryddar difor òg plass til diskusjon av karakterbruk i skulen, noko som eg meiner sprengjer ramma for denne boka, og som blir gjort på eit heller tynt grunnlag.

Det er meir interessant å fylgje diskusjonane hennar om statistikk og meiningsmålar, her er ho på heimebane, og her fylgjer ho i sporet til tidlegare «avteljarar», som Darrell Huff og hans How to Lie with Statistics (1954), som fyrst var meint som kritikk mot anti-røykjekampanjar, sponsa av tobakksindustrien, men som sidan har fått status som eit nøytralt pionerarbeid innan statistikk-kritikk. Det fine med Blauws bok er nemleg det frie blikket. Ho viser til Huffs bok utan å avfeie samanhengen mellom tobakk og lengekreft. I same kapittel hentar ho òg fram ei ukjend historie: Nazi-Tyskland mange anti-røykjekampanjar i tretti-åra.

Kinsey-rapportane

Gjennom boka plukkar Blauw sund det eine fenomenet etter det andre knytt til statistikk: Fyrst ute er gjennomsnittet, det skjer i samband med etnisitet og IQ. Ho kjem inn på såkalla «uitschieters», «ekstreme unnatak». Blauw brukar ein enkel, men talande illustrasjon på dette problemet: Om du plasserer Bill Gates in ein buss, blir gjennomsnittet i bussen millionærar. I same kapittel kritiserer ho den fåfengde ideen om å redusere psykologi til ein naturvitskap gjennom ein «g-faktor».

Forfatteren sjølve, Sanne Blauw. Foto: De Correspondent.

Ho viser òg kva feil som kan oppstå i bruk av stikkprøven – det gjer ho i samband med dei kjende Kinsey-rapportane om amerikansk seksualitet frå 1948 og 1953. Blauw illustrerer problemet ved å vise til korleis svarte var fråverande i undersøkinga og korleis andre grupper, som homoseksuelle og studentar var, overrepresenterte. Også i kapitlet om tobakk og statistikk tek ho føre seg eit anna fenomen: forvekslinga av korrelasjon med kausalitet. Samanhengen mellom to variablar treng ikkje vera årsaksstyrt.

Fenomen som vi ser på naturgjevne i dag, er kulturprodukt laga av subjektive individ.

Det er ein del døme i boka på statistikk knytt livsstil-relaterte sjukdomar, som spørsmålet om kor mykje alkohol ein bør drikke kvar dag. I denne bolken byd boka nok ikkje på dei store aha-opplevingane. Mange veit frå før at ein skal ta oppslag i media om helsenytt med ei klype salt. Det blir meir spennande når Blauw tek føre seg fenomen som vi ikkje set spørjeteikn ved – som Brutto nasjonalprodukt (BNP).

Blauw fortel korleis den amerikanske statistikaren Simon Kuznet fann ein å måle nasjonal inntekt på. Men modellen hans tilfredsstilte ikkje den amerikanske regjeringa, «for dei ville heller bruke pengar på våpen enn menneske», som Blauw skriv. Det var nemleg rett før Den andre verdskrigen. Difor vart ein annan modell skapt for å måle nasjonal inntekt: Brutto nasjonalprodukt (BNP). Kuznet protesterte, men vann ikkje fram. Ironien er at BNP sidan har vorte verande det store måleinstrumentet for velferd i verda. Her kjem styrken til Blauws bok fram: Fenomen som vi ser på naturgjevne i dag, er kulturprodukt laga av subjektive individ.

Endevender førestellingar

Det er lærerikt å fylgje Blauw, der ho snur opp ned på førestellingane våre. Men stundom tyr ho òg til flosklar – som «vestleg menn med høg utdanning er fascinerte av tal». Men ho provar jo sjølv gjennom heile boka sjølv at «av-teljing» har lange tradisjonar i Vesten. Eg vil leggje til ein autoritet i vestleg historie som Augustin – ein mann som åtvara mot tingleggjering av mennesket, og som var romersk afrikanar.

Difor er boka til Blauw ei debattbok norske lesarar bør bli kjende med.

Det seier seg sjølv Blauws bok er svært aktuell i dag. I Amsterdam er nettopp morsmålopplæringa på eit av byens to universitet nedlagd, ved Vrije Universiteit. Kvifor: Faget hadde ikkje god nok studentgjennomstrøyming. Dette vedtaket har sett i gang ein stor debatt om retningslinene ved høgare utdanning: Er universiteta studiepoengfabrikkar eller danningsinstitusjonar? Vi kjenner att debatten om målstyring i skulen og teljekantar ved norske universitet og høgskular.

Ei rekkje språkfag er allereie lagde ned av same grunn ved norske universitet. Skilnaden mellom Nederland og Noreg er at debatt om dei nye kvantitative modellane, skapt av New Public Mangment, har ein høgare temperatur i Nederland. Det bør han òg få i Noreg. Difor er boka til Blauw ei debattbok norske lesarar bør bli kjende med.