FOTO: UN Photo/Eric Kanalstein/Flickr cc

Nok synsing om krig og fred

Verda verkar ofte meir uroleg enn den er.

Det er mange dystopar blant oss og ofte kan vi få inntrykk av at det meste går åt skogen. I ein slik kontekst er det desto viktigare at det fins nokre fyrtårn som kastar lys ut i verda og som kjem med oppløftande fakta.

Den nyleg avdøydde Hans Rosling var ein slik. Viss du no sit og kjenner på at du vil ta opp arva frå Rosling, bør du lese boka til Nils Petter Gleditsch, for det er noko av det same prosjektet som Rosling stod for.

Mange av oss syns verda blir ein meir utrygg stad med meir krig og uro. Då kan det vere godt å vite litt meir. Det kan boka Mot en mer fredelig verden? hjelpe deg med.

Vi har bileta frå krigen i Syria på netthinnene. Dei sveltande borna i Jemen. Vi vert fôra med dårlege nyheiter frå den tilsynelatande evigvarande borgarkrigen i Sør-Sudan. I Tyrkia utførast den eine terroraksjonen etter den andre. På europeisk jord har også terroren ramma tett dei siste åra. Og attpåtil vart Donald Trump vald til president i USA. Det er heilt greitt å sitte seg ned og bli pessimist, men det hjelper ingenting.

Det er færre som døyr i krig.

MotenmerfredeligverdenDet har vore populært dei siste åra å presentere såkalla alternative nyheiter. Grunnen er at dei tradisjonelle media er så fokusert på sensasjon, sjokk og negativitet at biletet som kjem fram kan skape eit meir pessimistisk inntrykk enn nødvendig. Derfor har ungdomsorganisasjonar som Changemaker, Spire og Studentenes og Akademikernes Internasjonale Hjelpefond (SAIH) stått bak kampanjen Verdens beste nyheter.

Som leiaren i SAIH sa til Bistandsaktuelt ved starten av fjorårets kampanje: «Vi trenger gode nyheter fordi nordmenn tror at det står så dårlig til i verden. En undersøkelse Norstat har gjort på oppdrag fra Norad viste at halvparten av alle nordmenn tror at fattigdommen i verden er doblet de siste femten årene. Sannheten er at den er halvert».

Men sidan media ikkje presenterer oss «verdens beste nyheter» kvar dag, bør vi kanskje vere meir bevisste for å skaffe oss meir oversikt over kva situasjon verda står i. Er det meir krig i dag enn før? Er det fleire som dør i krig i dag enn før? Slike spørsmål bør vi stille oss og prøve å finne svar på. Då er det førebiletleg at nokon tar seg bryet med å skaffe deg ein oversikt over nettopp dette, og det er det Nils Petter Gleditsch har gjort med boka Mot en mer fredelig verden?

Det er færre drap generelt.

Spoileralert: Svaret det retoriske spørsmålet frå tittelen er ja. Den bomba slepp forfattaren allereie i løpet av dei første sidene og gjentar den så mange ganger i løpet av boka at du nesten kunne blitt litt lei av å lese det – viss det ikkje hadde vore for at det er så optimistiske nyheiter han presenterer: Dei aller fleste pilane i fredsforskaren Gleditsch si bok peikar i rett retning. Det er færre borgarkrigar i dag enn før. Det er færre som døyr i krig. Det er færre drap generelt. Det har aldri i historia vore så liten sannsynlegheit for gjennomsnittsmennesket å døy av vald som i dag.

nyhetsbrevet

Gleditsch nøyer seg ikkje med å samanlikne med den kalde krigen eller 2. verdskrig. Han går detaljert og ambisiøst til verks, og viser til forsking og statistikk frå mange tusen år tilbake i tid. Det er særs interessant lesing og gir eit optimistisk bilete av utviklinga, der trenden i det store er at vi får større respekt for menneskeliv som resulterer i færre drepne.

Biletet Gleditsch presenterer er heller ikkje heilt svart-kvitt.

Forfattaren ville nok ikkje likt mi korte og overforenkla framstilling av det han presenterer i boka, nettopp fordi det er nyansane som er viktige for å forklare kvifor konfliktmønsteret har utvikla seg slik det har gjort. Han peikar på titals forklaringsmodellar for at den perioden vi i dag lever i, ser ut til å vere den fredelegaste perioden vi kjenner til.

Det handlar kort sagt om fleire demokrati, mindre ulikskap, fleire verktøy i verktøykassa for konflikthandtering og større konsekvensar ved krigsutbrot. Ein må lese boka for å få innsikt i dei omfattande detaljane her.

Nils Petter Gleditsch
Nils Petter Gleditsch. Foto: PRIO/Flickr cc

Biletet Gleditsch presenterer er heller ikkje heilt svart-kvitt. Det er trendar som peikar i negativ retning, som at talet på drepne i konflikt og talet på borgarkrigar har stige dei siste året. Dette set forfattaren i samanheng med det han omtalar som «brannen i Islams hus», då ein veldig stor del av dagens borgarkrigar finn stad i land med muslimsk majoritetsbefolkning. Dei siste åra har det også vore ei auke i talet på land som er med i krigar, sjølv viss ein berre tel prosentdelen land som involverer seg i konflikt og krigsliknande handlingar.

Boka baserer seg mykje på statistikk og empiri på makronivå, noko som til tider gjer den tørr. Forfattaren drøftar ein del metodar i freds- og konfliktforskinga. Likevel syns eg boka er til å tilrå, då den bidrar med verdifulle perspektiv på ei verd som ofte verkar meir uroleg enn den er.

nyhetsbrevet