Lea Ypi granskar sin eigen familie, politisk galskap og fortel om ting som går i oppløysing i si nye bok.
Det byrja med eit svart-kvitt foto som vart publisert på internett av ein anonym brukar. Det viste eit vakkert ungt par på eit fasjonabelt hotell i dei italienske Alpane. Lea Ypi, forfattar og professor i politisk teori ved den velrenommerte London School of Economics, kjente straks att si eiga bestemor, som var kledd i snøkvit pelskåpe og som smilte, tilsynelatande svært lukkeleg. Ypi skjønte at fotografiet måtte vere frå besteforeldras bryllaupsreise. Det var tatt i 1941. Då var Italia eit fascistisk diktatur under Benito Mussolini, og besteforeldras heimland, Albania, var kontrollert av italienske fascistar. Det var eit mysterium. Ypi hadde aldri sett biletet før, så kor kunne det komme frå? Påstandane som vart posta under biletet var nådelause.
Det vart hevda at Lea Ypis bestemor hadde vore fascist-kollaboratør
Sidan skulle ho ha blitt ein tystar for den frykta albanske tryggingstenesta. Slik var opptakten til Ypis nye bok Indignity – A Life Reimagined. Det er ei forteljing om eit imperium som går i oppløysing, to verdskrigar og om kva som eigentleg hende med Ypis bestemor.
Ein uvanleg familie
Lea Ypi har tidlegare gitt ut boka Fri – en oppvekst ved historiens ende. Den vart ein internasjonal bestseljar og er omsett til meir enn 30 språk. Her skildrar Ypi (f. 1979) oppveksten i eit lukka, sosialistisk diktatur. Den albanske kommunismen var noko heilt for seg sjølv. Landets leiar Enver Hoxa var blokkuavhengig og tok verken instruks frå Moskva eller Beijing. Slik han såg det stod hans Albania for den eine sanne, gode og rettvise inkarnasjonen av sosialismen. Ypi-familien hadde vore del av den statsberande eliten Albania, og då Hoxas kommunistar overtok, overtok, hamna dei raskt i unåde. Ypis bok var ikkje berre ei skildring av ei tid, den var også ei drøfting av fridom ut over den opplagte, men ekstremt viktige forskjellen mellom det å vere fri borgar eller lydig undersått i ein autoritær stat. Albania vart fri frå dogmatisk kommunisme, men kva er fridom i ei verd som fell frå kvarandre? Og kor frigjerande er eigentleg ein fri marknadsøkonomi for den som ikkje veit korleis ein marknad fungerer, verken i teorien eller i praksis? Boka Fri skildrar normoppløysing, gangstervelde, masseflukt og ei verd som går under. Og det blir gjort på ein så glitrande måte at då eg såg at Ypi skulle gje ut ny bok, tenkte eg straks at den må eg absolutt lese, jo før jo heller.
Tett på
I årets bok, vender Ypi tilbake til familien, Albania og fortida. Denne gongen krinsar ho rundt fenomenet verdigheit, og motsatsen, det uverdige. I starten møter vi forfattaren i ein taxi på veg til arkivet etter Sigurimi, det brutale albanske tryggingspolitiet. No skal ho jakte ned sanninga om bestemora. Men snart skjer det eit taktskifte, i tråd med bokas undertittel A Life Reimagined. Ypi fortel om bestemora som i ein roman. Vi får bli med inn i røykfylte salongar og staselege villaer det som var Ypis bestemors verd før ho enda opp som statsfiende i Albania. Vi får lese om franske blonder og parfyme, om korleis ting lukta og smakte og nøyaktig kva som vart sagt av for lengst avdøde personar bak lukka dører ein gong i 1919. For lesarar som er ute etter sanninga, og ingenting anna enn sanninga, er Ypis val krevjande. For kva er eigentleg sant, og kva er forteljing? Det er ikkje opplagt. Men sjangervalet boka til ei medrivande lesaroppleving. Og, om ein ser stort på det, gir boka truleg sannferdig bilete av ei tid og ein stad, og av kva dilemma menneska som levde i den kunne hamne i. Det må nemnast at romanforma tidvis blir brote opp av snuttar der vi følgjer forfattaren inn i arkiva, på jakt. Ein stad skriv Ypi om at tryggingspolitiets arkiv heller ikkje er sanning. Arkivet er fullt av misforståingar, feiloppfatningar og tryggingspolitiets ideologisk betinga vrangførestillingar.
Den som jaktar på statens fiendar, har det med å finne dei, uansett.
Det ukjente heimlandet
Ypis bestemor voks opp i Thessaloniki. Familien var del av eliten i det multinasjonale osmanske imperiet og var muslimar med albansk nasjonalitet. Akkurat det siste tenkte dei lite på, før dei vart tvinga til det. Då det osmanske imperiet braut saman i kjølvatnet av den første verdskrigen, vart nasjonalitet brått tidas viktigaste sak. Lausanne-avtalen frå 1923 var ein del av fredsoppgjeret etter den første verdskrigen. Den initierte det som då vart kalla ei folkeutveksling. Dermed vart personar med gresk nasjonalitet deportert frå den nye staten Tyrkia til Hellas. Samstundes vart personar med gresk nasjonalitet deportert frå Tyrkia til Hellas. Folkeutvekslinga var brutal, og Lea Ypis bestemor måtte tenkje over kva det ville seie å vere albansk. 18 år gamal flytta ho åleine til den albanske hovudstaden. Her vart den på alle vis ressurssterke ungjenta den første kvinnelege tilsette i den albanske statsadministrasjonen. Det som sidan skjedde er ei kompleks og spennande historie, full av paradoks.

Mannen med hårpomaden
Enver Hoxa, den seinare diktatoren, var i omgangsven med han som vart Ypis bestefar då dei studerte saman. Ypis bestemor skildra Hoxa som ein mann med ei ekkel utstråling, han lukta hårpomade og rå lauk. Personane Ypi skriv om snakkar stadig om kva som er verdig og uverdig for einskildpersonar, for folk og samfunn. Enver Hoxa insisterer til dømes på at det var meir verdig å rømme frå ei rekning han ikkje kunne betale, enn å la studiekompisane gjere opp for seg.
Hoxa ville altså heller gjere seg til tjuv enn å hamne i ei, etter hans syn uverdig, takknemlegheitsgjeld.
Indignity er ei rik bok på alle måtar. Den strekker seg over fleire tiår, skildrar personar, stader og diskusjonar. Det eg sit att med etterpå er truleg prega av at eg les hausten 2025, og det er at fenomen som ser klare og eintydige ut, seinare kan vise seg å vere noko heilt anna. Det andre er at også det utenkelege kan skje. Det har faktisk skjedd fleire gongar før. I boka Indignity slår det ikkje alltid negativt ut. I starten blir vi introdusert for den ufyselege tyske nazisten Gustav, ved eit tilfelle i løpet av alle dei åra boka strekker seg over, viser det seg at også Gustav har forsonande trekk.
Kommentarer