Lillebjørn Nilsen på YT 2 foto Tore Sinding Bekkedal. Tore må spørres før publisering.
FOTO: Tore Sinding Bekkedal

«Det er vi som vinn»

Takk for livsløpet, Lillebjørn. No er det opp til oss.

Farvel da, kamerater som ennu her må bli,

må lykken blive gunstig! det er hva jeg kan si,

måskje vi engang treffe på livets hårde sti

og del i kampen tage for oss at gjøre fri!

Med desse orda, skrivne av ein rallar, song Lillebjørn Nilsen ein av sine aller første fortellingar til oss. Det var på plata han kalla «Portrett» frå 1973, som blei det store gjennombrotet for ein ung musikar. No har Lillebjørn sjølv tatt farvel. Tilbake ligg melodiar som er blitt lydspora i mange liv.

Det var andres viser Lillebjørn først formidla, og rallarviser og skillingsviser var mellom dei. Noko i desse gav gjenklang i ungguten som vaks opp i ein mursteinsgard på Sagene på 1950-talet. Båe foreldra var kunstnarar, og pengar var mangelvare i oppveksten. Det einaste Lillebjørn arva etter foreldra, var maleria etter mora og fiolinen frå faren. Men mora hans minna han om kva fordelen var: Dei fekk vere frie, utan nokon som sjefa over dei.

Ulempene med pengemangelen fanst likevel: Det var ikkje råd til gitaren Lillebjørn ønska seg. Men av vaktmeistaren i garden lærte han å spele fele, og ein dag dukka ein gitar opp — i ein søppelhaug! Det var brannvesenet som hadde loftsrydding, og ein øydelagd gitar blei slengd ned på gata. Lillebjørn plukka han med seg, og på skolesløyden fekk han redda den brukne gitarhalsen med eit metallbeslag. Slik blei vår store visekunstnar skodd til gjerning.

 

«Jeg har en sang, en liten enkel sang»

Grunnleggjande erfaringar i oppveksten formar identiteten, og dermed også kunsten. For Lillebjørn Nilsen blei det eit mål å auke sjølvkjensla mellom dei som lev «dei små liva». Synsvinkelen var nedanfrå, som i «Tanta til Beate», skriven om ei unnseleg, eldre kvinne han såg på bussen, og livet ho kan hende eigentleg levde.

«Eg vil at folk skal kjenne at dei betyr noko — at det er ditt liv her som gjeld», sa han til Mona B. Riise, som til sist fekk tillita å lage ein fjernsynsdokumentar der Lillebjørn fortalde si eiga soge. For knapt eit år sia var filmen klar. Her fortel Lillebjørn korleis det var Rudolf Nilsen som opna døra inn til låtskrivaren Lillebjørn.

lillebjørn nilsen
Fra NRKs dokumentarfilm Stilleste gutt.

Til då hadde Lillebjørn først og fremst vore tekstforfattar og trubadur: «Eg tenkte eg skulle skrive meir musikk sjølv, og … då eg oppdaga Rudolf, så var det berre … eit poff!»

«Portrett» opnar med «Gategutt» av arbeidardiktaren Rudolf Nilsen. Året etter kom ei heil Rudolf Nilsen-plate; «På stengrunn», som Lillebjørn gav ut saman med Kari Svendsen, Jon Arne Corell, Steinar Ofsdal, Carl Morten Iversen og Lars Klevstrand. Slik fekk dikta til Rudolf Nilsen rike liv som songar, femti år etter at dei var skrivne.

I fjor, hundre år etter, kom songboka med femti Rudolf Nilsen-melodiar. Slik blei Rudolf ikkje berre starten, men også mellom dei aller siste kunstnariske gjerningane til Lillebjørn.

Femti Rudolf Nilsen-melodiar, gjennomillustrert av Lillebjørn Nilsen.

«Gategutt» er ein djupt personleg tekst om å kome frå botn av rangstigen, og å velge å vere stolt av det. Eit nedsetjande identitetsmerke som «gategutt» blir vend til ære. Då Rudolf sette orda på papiret, var det med songen som metafor. Med Lillebjørn kom melodien; ein song som er elska og tolka, i alt frå rock og metall til samtidsmusikk.

Men «gategutt» er også blitt eit omgrep i bruk. Nye låter om gateguttar blir laga av unge artistar. For kampen om sjølvbileta til dei nedst på rangstigen, er framleis ikkje vunne.[1] Om hjartet i både Rudolf og Lillebjørn Nilsen no har flamma i sitt siste spel, har dei tend gnisten i andre:

GATEGUTT

Jeg kom til verden i en murstensgård

og blev en gategutt.

Og ingen gategutt er født igår.

Han finner tidlig både skyteskår

og krutt

 

Jeg har en sang, en liten enkel sang

Jeg er en gategutt.

Og den har verget meg så mangen gang,

og ofte har den reist seg i sin klang

og skutt.

 

Den er min tross, den er min tro og drøm:

Jeg er en gategutt.

Og den er hatets sang, en elv i strøm,

og kjærlighetens vise ung og øm,

til lutt.

 

I krematoriet vil min hvite ild

til slutt,

Når hjertet flammer i det siste spill,

forkynne stolt for den som lytter til:

Jeg var en gategutt

«De seirer, de seirer til sist»

Raskt skreiv Lillebjørn Nilsen seg inn i songtradisjonen i arbeidarrørsla. Gro Harlem Brundtland kan fortelle om ein gong Åse Kleveland skulle leie allsongen i partiet. Plutseleg kom det ei låt Gro ikkje kjende frå før — det var uvand for ei som kunne songboka på rams. I dag er denne låta, «Ola Tveiten», ein av fleire levande klassikar i rørsla.

På Utøya syng stadig nye AUF-generasjonar om Victor Jara: «Vi skal love deg aldri i glemme — sangfugl fra Chile, farvel!»

Og i 2022 står arbeidsgjengen på Utøya klare til dyst under leiren, alle med like trøyer. På framsida står: «Eg heiter Ola Tveiten og eg er ein arbeidsmann», og på ryggen fortsettinga:

«Eg eig ein traktor og meg sjølv og gjer så godt eg kan». Og før dei kan starte traktoren, syng dei alle versa så det ljomar:

Nei, det var ingen krøttersti.

Om ikkje han ligg der til evig tid

så skal eg eta opp lua mi!

Sudelida sudelidei!

Tra la la la la la! Fyll opp mitt tomme krus!

Trass alt dette, var Lillebjørn Nilsen aldri nokon huskomponist for partia på venstresida. Den mest synlege partipolitiske aktiviteten, strekte seg til å kaste øl på ein Frp-ar. «Det er ikke øl det handler om, men avsky», sa Lillebjørn då.

Lenge var Lillebjørn ganske sjeldan å sjå i det offentlege rommet, men melodiane hans var der. Og når det verkeleg gjaldt, trengte vi Lillebjørn sjølv. Det var 2012, og rettssak mot ein terrorist. Landet lytta med vantru på høgreradikal galskap frå rettssaken. Ein dag seier barnemordaren at norske barn blir kulturelt indoktrinert av venstresida. Eit døme var songen «Barn av regnbuen».

Like etter spreier eit arrangement seg på Facebook, oppretta av Lill Hjønnevåg. Ho skreiv: «La oss samle Oslos største sangkor med én sang på repertoaret. La oss synge så det når ut til alle berørte. Det klarer vi om vi blir mange nok (…) La oss synge fordi vi faktisk MENER at den sangen beskriver hvordan verden BØR se ut.»

Heime på Sagene sat Lillebjørn, ein gamal musikar som ikkje spelte ofte offentleg. Men nokon ringte og spurte: Kan du ikkje vere så snill å leie allsongen på torget? Lillebjørn var usikker. Ein ven råda han til å ringe Pete Seeger, som hadde laga låta på engelsk.

Den over 90 år gamle Seeger tok telefonen, og svaret hans var alvorleg: «You have to do this. It´s a duty. But me oh, my, I wish you luck».

Lillebjørn Nilsen på YT foto Tore Sinding Bekkedal. Tore må spørres før publisering.
Lillebjørn Nilsen på Youngstorget. Foto: Tore Sinding Bekkedal.

Dagen kjem. Det regnar. Førti tusen menneske kjem gåande til Youngstorget. Frå arbeid, frå skule, heimanfrå. Som var det endeleg noko dei kunne gjere: å synge.

Lillebjørn kjem. Bak han på ballustraden står AUF-leiar Eskil Pedersen og leiar av Støttegruppa etter 22. juli, Trond Blattmann. Lillebjørn syng. Alle syng, så mange og så høgt at bodskapen bølgar gjennom gatene, igjen og igjen, heilt fram til Tinghuset:

Sammen skal vi leve.

Hver søster og hver bror.

Små barn av regnbuen

og en frodig jord.

På Youngstorget blir Lillebjørn ståande og sjå ut over folkhavet. Under siste verset senkar han instrumentet, og lar havet synge vidare sjølv. Når songen stilnar, seier han nokre få ord i mikrofonen.

Seinare, når han fortel om denne opplevinga, foldar andletet seg i fortviling: «Eg kan jo ikkje garantere det, men … det var det eg følte var riktig å seie.» Han ser ned, blir taus og tyst. Sett strek for opptaket med hendene.

Mon tru om han tenkte det sjølv der han stod på torget, medan orda forma seg i han, at dei danna ei sløyfe kring hele gjerninga hans? For ein gong stod ein pur ung Lillebjørn i studio og song inn sitt «Portrett»: «Men arbeidernes reisning seg spreder kring land. Og de seirer, de seirer til sist!»

Det var ekkoet av ein bodskap som er sunge fram gjennom heile arbeidarrørsla: Om siger, trass i nederlag. Styrke, trass i sorg. No stod Lillebjørn Nilsen der framfor tusenvis som song gjerninga hans vidare.

Han la instrumentet sitt ned.

Han lot oss andre synge vidare, synge ferdig, og så sa han:

«Det er vi som vinn».

Takk for livsløpet, Lillebjørn. No er det opp til oss.

Barn av regnbuen. Foto: Tore Sinding Bekkedal.

****

[1] Som (Ezzari (2022), Arshad Maimouni (2022), Nawaz (2020), Fuegito (2020) og «Husbandet» til Vålerengaklanen, Islandsgate (2020).