FOTO: Olav Erik Storm / Flickr / Sosialistisk Venstreparti

 – Vi skil oss ikkje nok ut som eit radikalt venstresideparti.

SV har vedteke eit ferskt prinsipprogram. Kva prinsipp stridast eit sosialistisk parti om i 2023?

Medan det aller meste av mediemerksemd knytt til SV sitt landsmøte i helga har vore fokusert på ei ny line om NATO og ferskt leiarskap, vedtok også SV eit flunkande nytt prinsipprogram. Det skal fungere som ei ideologisk leiestjerne for eit parti som dei siste åra har vokst på både målingar og i medlemstal.

I debatten om programmet, openberra det seg ideologiske skiljeliner som spelte seg ut langs mange av partiet sine kjernesaker. Vi snakka med ei rekke politikarar for å nøste opp i kva ideologiske brytingar som har kome til overflata som del av prosessen.

Norsk sosialisme

Det nye prinsipprogrammet har tittelen Sosialisme på norsk og startar med å slå fast at «Sosialisme på norsk kommer ikke fra en bok eller teori, men fra dype trekk og praksiser i vår kultur og historie». Ifølgje leiar av programkomitéen og attvald nestleiar Torgeir Fylkesnes har arbeidet med programmet teke utgangspunkt i ein fridomsprega sosialisme, samt eit mangfald av norske felleskapstradisjonar.

SV held framleis døra open for vindkraft på land.

Utpå kvelden første landsmøtedag la Fylkesnes vekt på at «folk organiserer sine liv veldig forskjellig rundt om i landet. Det er store forskjellar mellom Vest-Telemark og Tanadalen yttersida av Finnmark. Det er feil å tenkje at vi skal sitje ein stad og derifrå seie korleis alle skal leve sine liv.»

Programmet skjerpar vidare maktkritikken mot staten. Ifølgje Fylkesnes vil ikkje SV «ha ein audmjukande stat. Så vi tek avstand frå ein sosialdemokratisk sentralisme og ein kommunistisk sentralisme. Vi trur heller ikkje at marknaden veit best. Vi menneske er ikkje berre hovudlause høns, mens det er marknaden som gir oss ein intelligens som kan organisere våre liv og samfunn.»

Dette er ein type kritikk som har lange røter i partiet sin historie.

SV var eit parti som oppsto til dels i opposisjon til Arbeiderpartistaten sin sentraliserte styringsoptimisme og i ei samtid der linene mellom Ap og norsk byråkrati var viska ut. Mange SVarar fekk dessutan kjenne det norske politiet sin overvåking av venstreorienterte på kroppen i tiåra etter andre verdskrig.

Klima mot miljø

Kan ein under nokre omstende setje klima føre miljø?

Dei kvassaste usemjene omhandla potensielle konfliktar mellom klima og miljø. Slike konfliktar har særleg blitt aktualisert og satt på spissen av saka om høgsterett sin dom vedrørande vindmøllene på Fosen.

Programmet som på førehand var innstilt slo fast at ein aldri skal byggje ned norsk natur til fordel for fornybar energi. Formuleringa vakte dissens i både landsstyret og landsmøtet sin redaksjonskomité.

Tidlegare leiar av Naturvernforbundet og nestleiarkandidat Lars Haltbrekken støtta dissensen for å kunne prioritere fornybar energi: «Dette kjem av kva type natur vi snakkar om. Er det trua naturtypar? Er det trua artar? Då må naturomsyn gå over. Men så har vi jo mykje anna natur også. Då kan en prioritere klima over natur.»

Haltbrekken meiner at ein risikerer å få nei til fornybar utbygging utan at det er spesielt verdifull natur som skal byggjast ned.

Kerim Nisancioglu er nytt sentralstyremedlem og klimaprofessor ved Universitetet i Bergen. Til trass for at han til dagleg forskar på klima, tok Nisancioglu ordet i landsmøtesalen for å tale mot vindkraft på land: «Dissensen er eg sterkt i mot. Eg vil satse alt på havvind, energieffektivisering og solenergi og då meiner eg at det ikkje er naudsynt. Å setje opp vindmøller i urøyrt natur og på fjell er heilt uaktuelt.»

Sjølv i 2023 førekjem altså ideologiske basketak om kva forhold sosialistiske parti skal ha til sin eigen historie.

Programmet endte med ei rund formulering om at SV vil «la tvilen komme naturen til gode når vi ikke fullt ut vet konsekvensene av inngrep i naturen. Inngrep i naturen skal ses i sammenheng, ikke vurderes isolert.» Tidlegare sekretariatsleiar i SV Thor Egil Braadland tolka utsegnet på Facebook som «langt mer offensivt på vindkraft» enn han hadde frykta.

SV held altså framleis døra open for vindkraft på land. Men med individuell vekting av klima og natur frå sak til sak, ventar det hard konflikt i nær framtid.

Farvel Marx?

Forslag om å spesifisere at SV er eit radikalfeministisk parti, snarare enn berre feministisk, vart stemt ned. Forslaget vart støtta i landsmøtesalen av ei rekke talarar frå Sosialistisk Ungdom (SU), som inderleg tala for at SV må kombinere feminisme med klassekamp. Enkelte talarar la vekt på at radikalfeminismen må vere inkluderande med omsyn til kjønnsminoritetar, men stønaden til sexkjøpslova står stadig fjellstøtt.

Den ideologiske beveggrunnen til norsk sosialisme er i rørsle

Framlegg til å gjere høgreekstreme organisasjonar ulovlege møtte ei lik skjebne. Eit anna emne som vekka merksemd er programmet sitt forhold til sosialistisk teori og anti-kapitalisme.

Tidlegare fylkesleiar Anders Ekeland og bystyrerepresentant i Bergen Diane Berbain sendte inn eit endringsforslag som ynskja sterkare kritikk av økonomisk vekst. Endringsforslaget til Berbain og Ekeland inkluderte også eit forslag om å ha med eksplisitte referansar til sentrale intellektuelle skikkelsar innan sosialismen som Karl Marx og Rosa Luxembourg.

Ifølje Ekeland står SV «i den brokete, demokratiske, marxist-inspirerte tradisjonen. Det at ein ser bort frå den intellektuelle arven gjer at ein manglar analytiske verkty.»

Til Agenda Magasin oppmoda Berbain til å «ikkje undervurdere dei som er interesserte i vår politikk. Vi kan ikkje kvitte oss med alle referansar til marxistisk forståelse og arbeidarbevegelsens historie.»

Fylkesnes skildra slik referansar som eit «stammespråk» som politiske parti ikkje bør snakke. Avtroppa leiar Audun Lysbakken har heller ikkje «tru på namedropping. Eg er heilt einig i at den marxistiske tradisjonen er ein viktig inspirasjonskjelde for oss, men det er ein av mange.»

Utelatelsen talar ifølgje Berbain om eit prinsipprogram som har mista sin sosialistiske brodd. Ho synes at programmet «er mindre presist og konkret og meir ideologisk utvanna. Prinsipprogrammet er ikkje skarpt nok når det kjem til kritikk av kapitalisme og vekst. Vi skil oss ikkje nok ut som eit radikalt venstresideparti.»

Sjølv i 2023 førekjem altså ideologiske basketak om kva forhold sosialistiske parti skal ha til både kapitalismen og sin eigen historie. Dei uforsonlege debattane i kvinnerørsla vert også fort synlege i eit parti som reknar seg som målberande for feminismen. Framfør alt vert klima og miljø stadig heitare brennpunkt.

Det som er heilt sikkert, er at den ideologiske beveggrunnen under norsk sosialisme er i rørsle.