Quiz: kvinnespesial

Denne veka er kvinnekamp tema for quizen.

  1. Iran har vore prega av store demonstrasjonar det siste halvåret. Dei vart utløyst av eit dødsfall. Kva heiter kvinna som i september vart arrestert av det iranske moralpolitiet, havna i koma, og døydde tre dagar seinare?
  2. Kva vart hovudparola til 8. mars toget i Oslo i 2023?
  3. Kva latinamerikansk land gjorde i 2021 abort lovleg fram til og med fjortande veke?
  4. I 2018 var det folkeavstemming for abort i Irland. Kva prosent stemte for abort? 37%, 54% eller 66%.
  5. Kva heiter den russiske feministiske punkrock-kollektivet som tidleg på 2010-talet vart kjent for ei rekke offentlege stunt, mellom anna i Frelseren Kristus-katedralen?
  6. Kva heitte den tyskpolske kvinna, filosofen og sosialistiske leiarskikkelsen som vart skoten og drepen av tyske soldatar i 1919?
  7. 12. desember 1889 utførte ei gruppe med kvinnelege industriarbeidarar ein av Noreg sine første streikar mot låg lønn og elendige sanitære forhold. Kva jobba dei med å produsere?
  8. Kva døpte den norske statsvitaren, politikaren og diplomaten Helga Hernes den norske og nordiske modellen for feminisme?
  9. Kor lang er «fedrekvoten» i norsk fødselspermisjon? 10 veker, 15 veker eller 18 veker.
  10. Gerd Liv Valla var den første kvinnelege leiaren av LO. Kva år trådte ho til i vervet?

 

Fasiten finn du her.