Quiz: streikespesial

Denne veka har vore prega av ein historisk storstreik. Skjerp dine streikekunnskapar ved å ta Agenda Magasin sin spesialquiz.

  1. I 2019 fekk sykkelbod tilsett i eit cateringselskap som gjerne bruker rosa uniform innfridd tariffavtale etter streik. Kva heiter selskapet?
  2. I Tromsø streika 14 arbeidarar i 1134 dagar frå 2013 til 2017 mot manglande tariffavtale. Då den vart avblåst etter tapt sak i Høgsterett, hadde alle dei streikande mista jobben. Kva jobba dei streikande som?
  3. Kva år gjennonmførte LO sin siste storstreik?
  4. I 2002 og 2011 gjekk eit LO-forbund ut i streikar som medførte at hundrevis av norske fotballspelarar i dei øverste divisjonane vart tekne ut i streik. Kva heiter forbundet?
  5. Den 8. juni 1931 marsjerte rundt 2000 demonstrantar, dei fleste organiserte i LO, til ein lasteplass i Vestfold der 100 politifolk var utstasjonerte for å beskytte streikebryteri. Her kom det til slagsmål mellom demonstrantar og politi. Regjeringa sendte eit gardekompani og fire marinefartøy for å slå ned på aksjonen. Kva heiter dette “slaget”?
  6. Marius Folstad er den einaste tillitsvalte som er blitt drept i fredstid i Noreg. Det skjedde ved Piene Mølle, og årstalet var 1913. Hendinga har også blitt dramatisert i eit teaterstykke. Korleis vart Folstad drepen?
  7. Den 12. desember 1889 utførte ei gruppe med kvinnelege industriarbeidarar ein av Noreg sine første streikar mot låg lønn og elendige sanitære forhold. Kva jobba dei med å produsere?
  8. I 1905 trua svensk LO med storstreik mot eigen regjering i solidaritet med sine norske brødre og søstre. Kva sak gjaldt det?
  9. Kva industri jobba dei britiske arbeidarane som vart berømte for sine streikar retta mot den konservative regjeringa til Margaret Thatcher i 1984 og 1985?
  10. Frankrike har vore prega av svære streikar og demonstrasjonar dei siste månadene. Kva reform er det president Emmanuel Macron vil innføre som det streikast mott?

Fasiten finn du her.