FOTO: Guillén Pérez / Flickr CC

Sviket mot Tyrkia

Dette er historia om korleis Europa svikta tyrkarane – og lot demokrati bli til diktatur.

Det smell rundt meg på alle kantar, i alle retningar. Eg er i verdsbyen Istanbul, den største og viktigaste byen i Tyrkia. Men det er ikkje terrorangrep er eg vitne til. Det er heller ikkje vald. Det er berre dei tusenvis små og store kulturkollisjonane som skjer rundt meg heile tida når eg er i denne byen. Ingen stad i verda har eg vore vitne til så tydelege kulturkollisjonar, som dei eg ser nesten uansett kvar eg snur meg i Istanbul.

Ein skal ikkje gå mange minutta langs byens hovudgate, Istiklal, før ein merkar alle smella rundt seg: Hijabar mot dongeribukser. Ølglas mot tekoppar. Messing av bøner frå minaretane mot dunkande rytmar frå diskoteka.

Tyrkias moderne historie er ei historie om ein kulturkamp som held fram den dag i dag. Og det er ei historie om korleis Europa svikta dei progressive tyrkarane sitt prosjekt om eit vestleg demokratisk system.

Kva skjedde eigentleg med det tyrkiske demokratiets vår?

Det tek ikkje mange minutta før du som turist lar deg forelske i dei mange kontrastane, men for tyrkarane er det her tragedia deira ligg: Istanbul er ein delt by i eit delt land. Det er også her Europas tragiske svik mot den delen av Tyrkia som ville ha liberalitet, modernitet og progresjon, ligg.

Før vi fordeler skuld, bør vi sjå nærare på kva som faktisk skjedde i Tyrkia, i dei avgjerande åra for landets demokratiske veg. Historia er viktig i Tyrkia. Du kan knapt spørje nokon om kva dei tenker om den politiske utviklinga, utan at dei byrjar på ei lang utlegging om Tyrkias politiske historie. Ein eldre kar eg spurte om den politiske situasjonen, svara med å dra meg tilbake til år 1621 og Sultan Suleiman «Den store».

No skal eg nøye meg med å ta oss tilbake til tyrkisk politikk rundt skjebneåret 2002.

Då vart det ferske Partiet for rettferd og utvikling (Adelet ve Kalkınma Partisi, oftast forkorta til AKP) vald inn i parlamentet med brask og bram. Partiet fekk over 34 prosent oppslutning og reint fleirtal med 363 av 550 plassar. I tida som følgde kom det mange reformar som gjekk i retning av eit meir liberalt demokrati i Tyrkia. Blant anna blei meir genuine fredsforhandlingar med kurdiske opprørsgrupper forsøkt.

– Eg stemte på AKP i 2001, fordi eg trudde på dei når dei sa at Tyrkia var ein del av det europeiske fellesskapet, på reformplanane deira og på stabiliteten dei lova, seier journalist og redaktør Umur Birand. Eg sit inne i dei små kontorlokala der han husar ei tyrkisk nettavis, med utsikt over det evig vakre Bosporus-stredet. Birand er ingen kven som helst i Tyrkia. Han er son av den berømte tyrkiske journalisten og nyheitsankeret Mehmet Ali Birand, som av fleire blir omtala som ein av dei første verkelege journalistane i Tyrkia. Sonen har tatt opp arven etter far sin: uavhengig og undersøkande journalistikk om viktige samfunnsforhold i det tyrkiske samfunnet.

Tyrkias økonomi var i konstant krise på 1990-talet.

Når Umur fortel om kvifor han stemte AKP i 2002, seier han at det handla mykje om situasjonen som hadde prega tyrkisk politikk fram til AKPs inntog. – På 1990-talet var det tyrkiske samfunnet fylt med terror, politisk ustabilitet, økonomisk ustabilitet og store tilbakeslag for rettar som ytringsfridomen, på grunn av militærstyret, forklarar Umur. Han var lei av korleis det tyrkiske samfunnet var styrt, og sette sin lit til at AKP tilbaud ein annan samfunnsmodell. Visst var AKP litt meir orientert mot islam enn Umur var komfortabel med, men dei var likevel eit moderne alternativ som la vekt på ein del viktige liberale prinsipp.

 

Journalist og redaktør Umur Birand hadde tru på AKP i 2002. FOTO: Emil André Erstad

Det er inga underdriving å peike på kaoset som prega Tyrkia før AKP kom til makta: Tyrkias økonomi var i konstant krise på 1990-talet, med ein inflasjon på nærare 80 prosent og eit budsjettunderskot på ¼ av totale offentlege utgifter. Den eine regjeringskrisa utløyste den andre, og korrupsjonsanklagane hagla mot dei styrande politikarane. I skuggane luska det tyrkiske militæret som ikkje nølte med å gripe inn og ta over makta.

AKP var i realiteten delar av det som tidlegare hadde vore det islamske Velferdspartiet – eit parti som vann valet i 1995, men som vart forbode og oppløyst av dei militære i 1997. Etterfølgjaren til Velferdspartiet, Dydspartiet, vart forbode i 2001. Også AKP vart fleire gonger forsøkt knebla i starten av krefter som meinte partiet ikkje opptredde i tråd med den strengt sekulære tyrkiske grunnlova.

Men kva skjedde eigentleg med det tyrkiske demokratiets vår? Eg stiller spørsmålet til Istemi Parman, ein ringrev i den tyrkiske utanrikstenesta og ein hardnakka kemalist som er sterkt kritisk til det meir islamorienterte AKP.

 

nyhetsbrevet

– Eg trudde AKP og Erdogan var eit blaff. At det heile ville gå over av seg sjølv, ettersom tida gjekk. Det var ein feil å tenke slik, og eg såg ikkje korleis Erdogan ville utnytte leiarposisjonen slik han har gjort, seier Istemi Parman. Eg intervjuar han høgt oppe i ein av hotellkafeane som har utsikt over Bosporus-stredet, på den europeiske sida.

Likevel er han overtydd om at verken Erdogan eller AKP er i stand til å øydelegge det tyrkiske demokratiet. – Det er ikkje mogleg at Tyrkia blir eit nytt Iran, Saudi-Arabia eller noko anna teokratisk system, for Tyrkia har hatt Mustafa Kemal, medan dei andre landa aldri hadde ein slik skikkelse i si politiske historie, seier Parman medan han løftar kaffikoppen sin.

Parman beroligar tyrkarar som er bekymra for det tyrkiske demokratiet si framtid med at AKP ikkje er eit nytt fenomen. Meir islamorienterte politiske rørsler har vore ein viktig del av tyrkisk politikk ved mange høver etter at den tyrkiske staten vart etablert.

Psykologen Cemal Dindar er ikkje einig i at Erdogan som person er viktig i forklaringa om kva som gjekk gale i Tyrkia etter at AKP kom til makta. Det seier han, trass i at han i 2007 skreiv ei bok om Erdogans personlege utvikling.

– Erdogan som person har lagt vekt på at han aldri har endra seg. Han er den same. Heilt sidan starten har han alltid sagt og aldri prøvd å skjule sine islamske synspunkt, og han har alltid stått for dette. Han har aldri vore redd for å vise sin islamske identitet, seier Dindar. Han er absolutt ingen AKP-tilhengar, og tilhøyrer ifølgje eige utsegn den radikale venstresida.

Mykje hadde vore betre i Tyrkia dersom Europa hadde hatt andre leiarar.

Dindar trur ikkje Erdogan eller AKP snakka usant om sine mål om å knyte sterkare band til EU. Han trur AKP og Erdogan møtte motstand frå EU-leiarar som ikkje ville ha Tyrkia med i alliansen, og at dette har tvinga Erdogan og hans parti opp i eit hjørne. – Dei gjekk tom for alternativ interasjonalt, og eg trur ikkje vi ville kome hit dersom Tyrkia hadde fått ein betre relasjon med EU. Det er dei politiske forholda utanfor Tyrkia, geopolitikken, geografien og ustabiliteten som er problemet for Tyrkia, meir enn Erdogan, seier Dindar.

 

– Erdogan fikk partiet sitt med på å få tettare relasjonar til Europa, men no har mykje endra seg, seier psykolog Cemal Dindar. FOTO: Emil André Erstad

Det var i den franske presidentvalkampen i 2007 det verkeleg låste seg. Då gjekk den konservative presidentkandidaten Nicolas Sarkozy ut og sa at han meinte Tyrkia ikkje høyrer heime i EU. Han opna for at Frankrike burde bruke sin vetorett i EU for å hindre at Tyrkia nokon gong fekk bli medlem av unionen.

Dindar trur mykje hadde vore betre i Tyrkia dersom Europa hadde hatt andre leiarar.

– Viss det hadde vore andre folk i leiande stillingar i Europa – for eksempel Martin Schultz og Dominic Strauss-Kahn i staden for Sarkozy og Merkel – ville det kanskje skjedd ei anna politisk utvikling i Tyrkia. Erdogan hadde den gongen allereie fått partiet sitt med seg på å få tettare relasjonar til Europa, men no har mykje endra seg.

Mange tyrkarar følte at EU dreiv gjøn med dei.

Ein som ikkje er kritisk til Erdogan og AKP, men som tvert imot er ein del av partiet, møter eg i den moderne Cihangir-bydelen i Istanbul. Harun Armagan er ein del av AKP sitt partiapparat i Istanbul, og er ein veltalande ung tyrkar. Han trur Tyrkias forhold til EU er skada på grunn av dårleg politikk frå EU.

– Når vi kom i regjering i 2002, hadde vi ein klar agenda om at vi ønska å halde fram prosessen mot full medlemskap i EU. Vi viste sterk forplikting til dette og gjorde store framskritt. Kvar gong EU kom med nye krav, gjorde vi det vi vart bedne om.

Problemet var, ifølgje Armagan, at EU heile tida kom med strengare krav, og at mange tyrkarar følte at EU dreiv gjøn med dei. At Tyrkia vart lurt til å halde i gong ein prosess mange europeiske leiarar uansett ville stoppe viss dei fekk sjansen. – Når vi såg at både Romania og Bulgaria vart tatt inn som medlemer i EU, visste vi at Tyrkia hadde gjort større framskritt enn begge desse landa. Vi hadde betre økonomi og betre demokratiske standardar enn for eksempel Bulgaria. Då mista vi tilliten til EU, oppsummerer Armagan.

 

Var det europeiske sviket mot Tyrkia sjølve nådestøtet for det tyrkiske demokratiet? FOTO: Roberto Saltori

 

Når vi i Europa som okkar og stønnar over Tyrkias demokratiske utvikling leitar etter kva som gjekk gale i dei avgjerande åra, frå 2002 til 2011, er det ikkje sikkert at vi finn svaret utan å kikke oss sjølv i spegelen.

Visst er det mange europearar som aldri vil ha noko som helst å gjere med Tyrkia, tyrkisk kultur, tradisjon eller religion. For mange er det eit greitt fiendebilete, slik det er for mange høgrepopulistar rundt omkring på heile kontinentet. Sigeren over det ottomanske styret over delar av Europa, er for mange symbolet på at Europa vann sjølve sivilisasjonskrigen. Desse vil nok hevde at det å invitere Tyrkia inn i EU vil skape eit heilt anna Europa. At slikt tankegods hadde påverknad på valkampanjen til eksempelvis Nicolas Sarkozy skal ikkje utelukkast.

Vi skal heller ikkje utelukke at det var det europeiske sviket mot Tyrkias veg inn i EU som var sjølve nådestøtet for det tyrkiske demokratiet. Fasiten får vi kanskje når historiebøkene skrivast om hundre år, men i mellomtida er det den moderne delen av Tyrkia som betalar prisen.

 

nyhetsbrevet