FOTO: Alexander Dummer / Unsplash

Barnehagar er ikkje butikk

Demokratisk styring vil gjere velferdstilbodet betre.

Nyleg fekk eg svar frå Private Barnehagers Landsforenings direktør Jørn-Tommy Schjelderup på min kommentar om det viktige arbeidet til avkommersialiseringsutvalet. Eg kan roe han ned med at eg verken vil «rive ned barnehagesektoren slik vi kjenner den» eller at «Norge skal bli som samfunn vi ikke liker å sammenlikne oss med». Derimot tok eg til orde for demokratisk styring av velferda, for å kunne gjere velferdstilbodet betre.

Avkommersialiseringsutvalet jobbar med å sikre demokratisk styring over velferda. Dei skal gi politikarar ei konkret oppskrift på korleis dei kan fase ut ulike former for kommersiell, offentleg subsidiert drift av velferdstenester på fagleg best mogleg vis.

Store kommersielle selskap har tent seg rike på offentleg finansiert velferd.

Barnehagesektoren er blant dei som har opplevd storstilt kommersialisering det siste tiåret, såpass omfattande at nokre av eigarane har valt å flytte til Sveits med store formuar. Store kommersielle selskap har tent seg rike på offentleg finansiert velferd. Barnehagesektoren treng difor meir, og ikkje mindre politisk styring, for å sikre kontroll med at skattepengane går til den velferda den var meint til.

Schjelderup presenterer situasjonen i Stjørdal på ein misvisande måte. Problemet der var at dei demokratisk valte politikarane ikkje hadde handlingsrom til å gjennomføre politikken det var fleirtal for. Når talet på barn i ein kommune går ned, bør det vere veljarane og lokalpolitikarane som bestemmer kva delar av barnehagetilbod som blir justert ned, ikkje kommersielle selskap.

Dette er ikkje politisk overstyring. Det er sånn eit folkestyre ser ut.