Mariana Mazzucato
FOTO: UCL Institute for Innovation and Public Purpose Follow

Den samfunnsøkonomiske inkvisisjonen

Kritikken mot Mariana Mazzucato målbærer eit vitskapsfilosofisk sneversyn som får Indremisjonen til å framstå som opensinna.

Ola Kvaløy er professor i samfunnsøkonomi ved Universitetet i Stavanger og har sett spøkelse på høglys dag: Ein kjettersk økonom som ikkje følgjer metodeskriftene.

Mariana Mazzucato er ein økonom ved University College London som nett har gjeve ut ei bok om innovasjon. Den freistar å dra lærdom av dei amerikanske romprogramma for å seie noko om potensialet til offentleg og privat samarbeid kva gjeld utvikling av teknologi. Ho har utført dødssynden å drive med historiske djubdestudium, snarere enn dei abstrakte modellane, eksperimenta eller økonometrien som er dominarende ved norske økonomi-institutt.

Abstraksjonsbølgja kan vere i ferd med å bryte. Då er det ikkje rart at faglege yppersteprestar kjempar med nebb, klør og utdefinisjon.

Difor skildrar professor Kvaløy den vitskaplege verksemda til Mazzucato som ikkje mindre enn “alternativ medisin”. Med det freistar han å seie at den den faglege produksjonen til Mazzucato er rett fram ikkje-vitskapleg.

Kvaløy målbærer eit vitskapsfilosofisk sneversyn som får Indremisjonen til å framstå som opensinna. Tragisk nok for både verda der ute og økonomar sin forståing av ho representerer truleg Kvaløy sitt syn på vitskap ein del økonomar. Til dømes har fleire norske økonomar stått i kø for å utføre akademiske karakterdrap på Mazzucato. Professor Einar Lie kalla ho jamvel for “totalitær”!

Økonomen Erik Reinert har skildra korleis David Ricardo inspirerte til abstrakt økonomisk teori fram til 1848, då meir historisk og geografisk betinga teoriar tok over. Under den kalde krigen nytta ein Ricardo att for å mellom anna hevde at frihandel var eit abstrakt gode som alle involverte tener på. Det var startskotet for ei abstraksjonsbølgje som har vart heilt fram til i dag.

Slike “heterodokse” økonomar er ifølgje Kvaløy så fagleg elendige at dei ikkje får til å publisere i gode økonomiske tidsskrift.

Mazzucato listar derimot opp dei ikoniske økonomane Schumpeter og Keynes som sine inspirasjonskjelder. Det er teikn til at ein økonomifaglegheit som i større mon byggjer på historie, geografi og kontekst er på veg attende. Mazzucato sin popularitet kan altså truge det nær komplette hegemoniet til denne måten å drive økonomiforsking.

Abstraksjonsbølgja kan vere i ferd med å bryte. Då er det ikkje rart at faglege yppersteprestar kjempar med nebb, klør og utdefinisjon.

Det er ikkje i seg sjølv noko gale med å halde seg til ein spesifikk familie med matematiske modellar, eller nytte eksperiment og andre statistiske metoder som grunnlag for empirisk forsking. Men dette kan ikkje vere den einaste måten å drive forsking i eit økonomifag som er og blir ein samfunnsvitskap.

Som innlegget til Kvaløy syner, vert ein fort støytt ut og brennmerka som “heterodoks” (ein polar motsetnad til “ortodoks”) dersom ein snakkar og tenkjer utanfor boksen. Det gjeld alt frå kontekst-tung evolusjonær økonomi som studerer historia og utviklinga til spesifikke verksemder og sektorar, til økologisk eller feministisk orientert økonomi.

Slike “heterodokse” økonomar er ifølgje Kvaløy så fagleg elendige at dei ikkje får til å publisere i gode økonomiske tidsskrift. Dette minnar om sirkelargumentasjon: For å vere ein god samfunnsøkonom må ein publisere i dei høgst rangerte tidsskrifta, som på ingen måte nøytrale med omsyn til metode. Dei er snarare portvoktarar for eit usedvanleg snevert vitskapleg paradigme, som Kvaløy sjølv syner at han er blind for. Mazzucato har publisert i prestisjetunge fagtidsskrift innan andre greiner av økonomifaget og vert jamvel sitert i det første økonomiske white paperet til Biden-administrasjonen.

Einsrettinga ved norske økonomiske institutt må ta slutt.

På innføringsemnet i samfunnsøkonomi ved Universitetet i Bergen lærte eg at eit grunnleggende mandat for økonomifaget er å studere korleis menneske handsamer knappe ressursar. Det er all grunn til å tru at til dømes arkivstudium, etnografi og kvalitative intervju har mykje å by på når ein skal studere slike fenomen, akkurat slik dei har i andre samfunnsvitenskaper.

Slik dogmatisme er grunnen til at eg i min tid takka nei til eit doktorgradsstipend i samfunnsøkonomi, til fordel for vitskapsteori. Skylappane i samfunnsøkonomi kan vere så hardt skrudd på at ein forvekslar aspekt ved eigne modellar med ein fullgod representasjon av røynda der ute. Det ender aldri godt når vitskapsfolk gjer det.

Heldigvis tenkjer ikkje alle samfunnsøkonomar slik. Sjølv var eg heldig å få ein rettleiiar ved Chr. Michelsens Institutt som oppmoda meg til å skrive ei masteroppgåve som henta inspirasjon frå antropologien.

Men einsrettinga ved norske økonomiske institutt må ta slutt.

(Forlaget Res Publica har utgitt boka En ny økonomi. Hvordan månelandingen inspirerer til å endre kapitalismen av Mariana Mazzucato. Forlaget og Agenda Magasin er del av samme selskap.)