Etter problema i norsk batteriproduksjon er det mange på høgresida som har dømt det grøne skiftet nord og ned, ofte med skadefryd. Men det er forhasta og byggjer på eit altfor snevert syn på kva grøn næringsutvikling er.
Det grøne skiftet handlar ikkje om suksess i einskilde bedrifter eller bransjar som vi definerer som grøne. Det handlar om å tilpasse heile næringslivet til eit klimavennleg og berekraftig samfunn. Omstilling av etablert produksjon kan vere vel så viktig for klima og natur som nye arbeidsplassar i nye grøne bedrifter.
Statistisk sentralbyrå publiserte i 2024 ei oversikt over grøne varer og tenester i Noreg. Ho omfattar produksjon av varer og tenester der formålet er å spare ressursar eller verne miljøet. Det er sluttproduktet som blir vurdert, ikkje innsatsfaktorane eller produksjonsprosessane. Etter denne definisjonen kjem elektrisitetsforsyning, bygg og anlegg og vatn, avløp og renovasjon øvst. Deretter følgjer industrien.
Men er dette ein god definisjon av grøn industri? Kva med metallproduksjon og gjødselproduksjon?
I ein krevjande nasjonal og internasjonal omstillingsfase er det ikkje urimeleg at staten medverkar med risikoavlasting.
Desse bransjane fell i stor grad utanfor definisjonen. Men reduserte utslepp frå etablert industri kan vere minst like viktige for klima og natur som etablering av ny produksjon av grøne varer og tenester.
Klimagassutsleppa frå norsk industri er reduserte med over 40 prosent sidan 1990, ikkje minst gjennom utsleppskutt i metall- og gjødselindustrien. Metall produsert med norsk fornybar kraft har eit lågt klimafotavtrykk samanlikna med tilsvarande produksjon i mange andre land.
Det er vanskeleg å finne ein god definisjon på kva som er grøn industri. Men det er heller ikkje det viktigaste. Målet med det grøne skiftet må vere å omstille heile næringslivet slik at det gjer minst mogleg skade på klima og natur. Her skjer det store og små innovasjonar heile tida. Å snakke om krise for det grøne skiftet fordi eit par batterifabrikkar har gått konkurs, vitnar om ei altfor snever forståing av grøn omstilling.
På den andre sida er det viktig at norsk industri tek posisjonar i dei nye internasjonale marknadene som veks fram gjennom det grøne skiftet. Det omfattar mellom anna produksjon, transport og lagring av rein elektrisk energi. Fleire bedrifter, som Pixii og Corvus Energy, har teke slike posisjonar i desse marknadene. Dette er kommersiell industriutvikling.
Eg trur at noko av utfordringa vi har hatt i enkelte grøne satsingar, kjem av at vi har overvurdert dei nye marknadene.
I ein krevjande nasjonal og internasjonal omstillingsfase er det ikkje urimeleg at staten medverkar med risikoavlasting. Det er også vanleg i dei landa vi konkurrerer med. Men målet må vere at verksemdene blir konkurransedyktige i den internasjonale marknaden innan rimeleg tid.
Då eg avslutta perioden min i næringskomiteen på Stortinget for 13 år sidan, skreiv eg følgjande i ein kronikk om grøn næringsutvikling:
«Teknologi er viktig, men det er ikkje nok. Bedrifter må ha ein marknad, og det er ofte eit underkommunisert poeng når klimaentusiastar snakkar om grøne arbeidsplassar. Den internasjonale marknaden kan vi påverke gjennom klimaforhandlingar og internasjonale organisasjonar, og det er eit viktig arbeid. Men på kort sikt er utfordringa for eksportindustrien å posisjonere seg og liggje i forkant av utviklinga. Derfor er det viktig å byggje opp ein grøn heimemarknad.»
Eg trur at noko av utfordringa vi har hatt i enkelte grøne satsingar, kjem av at vi har overvurdert dei nye marknadene. Det gjeld ikkje minst satsingar på masseproduksjon i konkurranse med land som har omfattande statleg støtte. Vi lever i ei turbulent tid, og vi kan ikkje rekne med å lukkast med alt. Men det grøne skiftet er i full gang på brei front og let seg ikkje stoppe.

Kommentarer