FOTO: Lene Wetteland

Eg kjem heim når revolusjonen er over

– Kan eg få ta bilde samen med deg, lo dama kledd i det armenske flagget etter ho hadde klemt meg midt på Republikkplassen i Jerevan. Den forhatte statsministeren hadde nettopp gått av etter elleve dagar med storstilte folkelege protestar.

Eg var omringa av tusenvis av glade armenarar som etter årevis med korrupt styre endelig fekk kjenne på kjensla av å kunne påverka si eiga framtid. Tårene rann mens eg smilte stort.

Som menneskerettsforsvarar med hovudarbeidsområde i det tidlegare Sovjetunionen, må ein ofte ta til takke med å glede seg over dei små endringane. Store resultat som fredeleg regimeskifte eller positive lovendringar, er det ikkje ofte ein får oppleva.

Systematisk valfusk og korrupsjon gjer at folk har resignert.

Derfor blir det så ekstra sterkt når eit land der ein er blitt så godt kjent med både aktørar i sivilsamfunnet og folk i landet elles, endeleg oppnår det dei har kjempa for så lenge.

Det armenarane feira den 23. april var ikkje berre ti dagar med intense gateprotestar, men ti år med kamp mot eit stadig meir korrupt vanstyre.

1. mars-traumet

Serge Sargsyan var omstridt allereie då han blei erklært som vinnar av presidentvalet i 2008. Dei store protestane i etterkant blei slått hardt ned på. 1. mars det året vart nok eit traume i den armenske sjela: Ti menneske døydde og 127 blei fengsla på urettmessig grunnlag.

Protestrørsla var allereie effektiv nettopp fordi den var desentralisert og spontan. Foto: Lene Wetteland.

Sidan vart Sargsyan mindre og mindre populær. På grunn av ei rekkje brotne løfte utvikla det seg etter kvart eit personleg hat mot han. Regjeringspartiet har dei fleste avgjerande posisjonar i landet. Dei rikare vert rikare mens stadig fleire armenarar lever under fattigdomsgrensa.

Dersom berre armenske styresmakter hadde lagt ein brøkdel av innsatsen dei legg i omfattande valfusk til faktisk å styre landet, hadde Armenia sett heilt annleis ut.

Kontrasten mellom manglande moglegheiter for ungdom, fattigdom og den korrupte eliten, blei enno tydelegare.

Systematisk valfusk og korrupsjon gjer at folk har resignert. Det har virka som om det ikkje var noko du kunne gjere for å endre på situasjonen – ikkje gjennom val, ikkje gjennom media. Ei rekkje med aksjonar i gatene for å protestere mot avgjerder frå øydelegging av ein park i sentrum til auka elektrisitetspriser, førte heller ikkje til noko varig endring.

Protestar

Det var nettopp desse forsøka som saman førte til gledesscenene på Republikkplassen 23. april.

Små og store aksjonar dei siste åra lærte aktivistane kva som fungerte og stadig fleire ulike grupper deltok i dei protestane. Meir etablerte aktørar i sivilsamfunnet såg at langsiktig arbeid med menneskerettsundervisning, opposisjon og engasjement av unge frivillige til mellom anna valobservasjon, gav resultat.

Kontrasten mellom manglande moglegheiter for ungdom, fattigdom og den korrupte eliten, blei enno tydelegare.

Begge deler viste seg å vere ein stor tabbe.

Det toppa seg då den forhatte presidenten ikkje gav seg som han hadde lova. Ei folkeavstemming gjennomført med utstrakt valfusk godkjente at han kunne behalda makta som statsminister så lenge han vil.

Eg kom til hovudstaden Jerevan for et par veker sidan, samstundes med at fleire og fleire tok til gatene. Dei ropte taktfast «make a step, reject serj» og «bli med oss.» Ein kveld kom det til valdelege samanstøyt mellom politi og demonstrantar i nærleiken av Nasjonalforsamlinga.

46 menneske blei skada av tåregass, lydgranatar og panikken som følgde. Fleire hundre demonstrantar vart arresterte dei neste dagane, og det var reell fare for at styresmaktene skulle bruke rå makt for å slå ned på protestane.

nyhetsbrevet

Parlamentsmedlem Nikol Pasjinyan frå opposisjonspartiet Jelk blei frontfigur for protestane. Det blei etterkvart tydeleg at Sargsyan hadde undervurdert den sterke misnøya i folket og Pasjinyan sin evne til å mobilisere. Pasjinyan oppmoda alle til å unngå provokasjonar med politiet, noko som viste seg å vera veldig effektivt.

Mange små ulike aksjonar av sivil ulydigheit som sperra gater, offentleg transport og daglegliv, gjorde at byen stod stille i dagevis, samtidig som den vibrerte av spenning og engasjement.

Arrestert

Sargsyan gjekk med på forhandlingar med Nikol Pasjinyan den 22. april. Møtet foran eit samla pressekorps, varte berre i få minutt. Statsminister Sargsyan minna Pasjinyan om kva som skjedde 1. mars 2008, reiste seg og gjekk. Etterpå blei opposisjonsleiaren arrestert.

Eg som ein elles profesjonell nøytral observatør, reiv av meg observatørskiltet og tok til å grin.

Begge deler viste seg å vere ein stor tabbe. Trusselen om 1.mars provoserte også dei som enno ikkje hadde tatt til gatene meir enn den skremte dei. Det hjalp heller ikkje å fjerne Pasjinyan frå gatene. Protestrørsla var allereie effektiv nettopp fordi den var desentralisert og spontan.

Same kveld var det ifølgje media 110 000 menneske på Republikkplassen.

Me visste sjølvsagt inst inne at det er no arbeidet tek til. Foto: Lene Wetteland.

Pasjinyan vart sett fri dagen etter, og det var ikkje politi å sjå i gatene. I staden strømma barn, lærarar, militære, prestar, og menn med store magar og dyre dressar ut. Mykje tyda på at det skulle gå vegen. Den endelege stadfestinga kom utpå ettermiddagen: Statsminister Serge Sargsyan trakk seg!

Jubel

Stemninga i sentrum blei elektrisk utover kvelden og natta. Eg som ein elles profesjonell nøytral observatør, reiv av meg observatørskiltet og tok til å grine midt blant dei feirande armenarane.

For det hadde vore stas å vere med å sette punktum for 2018-revolusjonen i Armenia.

Me visste sjølvsagt inst inne at det er no arbeidet tek til, med eventuelle politiske forhandlingar og reformar.

Det er framleis ein lang veg fram til frie val, slutt på korrupsjon, ein fungerande rettsstat og eit inkluderande samfunn, men det ser i alle fall ut til at armenarane har innsett sine rettar og plikter som borgar og vil halde oppe trykket framover.

Det blir spennande å sjå, og eg skal i alle fall følgje det like tett framover som eg har gjort sidan 2008. Flyturen tilbake til Oslo er utsett fleire gonger. For det hadde vore stas å vere med å sette punktum for 2018-revolusjonen i Armenia.

nyhetsbrevet