Eg hadde aldri trudd eg skulle seie det, men eg saknar Knut Arild Hareide.
Dag-Inge Ulstein skriv på Facebook at det sosiale hjartet til KrF bankar like sterkt som før. At partiet framleis skal stå opp for menneskeverdet, nestekjærleiken og dei som fell utanfor. Høgredreiinga skal visst berre vere eit tydelegare uttrykk for dei same verdiane.
Heilt ærleg, den kjøper eg ikkje. Eg har vokst opp i bibelbeltet og er godt kjent med kristne verdiar. Ekte kristne verdiar handlar om nestekjærleik og omsorg.
For kvar er nestekjærleiken når de gjer skeive sin plass i fellesskapet til ein strid kvar juni?
Når Ulstein møter kritikk for likskapane med MAGA, avfeie han det som stempling og hersketeknikk. KrF brukar mykje tid no på å kritisere samanlikninga, men lite på å forklare kvar den politiske avstanden går. Kva ved denne måten å drive verdikamp på tek han avstand frå? Kvar går grensene for KrF?

Sondre Grimstad Sukka, fylkesleiar i Møre og Romsdal KrFU, virker som ein modig og klok fyr. Han skriv at han ikkje ville stemt på KrF så lenge partiet støttar ei Listhaug-regjering. Han opplever at miljø og bistand må vike for skatt og innvandring.
Ulstein bør lytte til framtida i partiet sitt og til dei som er uroa for at KrF mistar fotfestet. Dette er ein som brukar fritida si på å kjempe for verdiar han brenn for, og som no tvilar på om han kan gi moderpartiet si eiga stemme.
For kvar er nestekjærleiken når de gjer skeive sin plass i fellesskapet til ein strid kvar juni?
Når eit regnbogeflagg brukes som politisk ammunisjon i ein amerikansk-importert kulturkrig.
Eg saknar eit KrF som tydelegare utfordra høgresida på solidaritet, bistand og klima.
For unge som enno ikkje har tort å fortelje kven dei er forelska i, kan det flagget bety mykje. At dei slepp å skjule seg. Då betyr det også noko når vaksne politikarar brukar kreftene sine på å få flagget ned.
Ulstein skriv varmt om fridomen til å tru, tenkje og ytre seg. Den fridomen må også gjelde dei som lever annleis enn KrF meiner dei burde.

Eg var usamd med Hareide om mykje. KrF var heller ikkje då noko føregangsparti for skeive rettar. Men eg saknar eit KrF som tydelegare utfordra høgresida på solidaritet, bistand og klima. Eit parti som tok kampen for dei som treng nestekjærleiken vår mest, og som ikkje tok lett på kva eit samarbeid med FrP kunne bety for dei.
Dag-Inge Ulstein kan prate om nestekjærleik, men han må stå opp for han i politikken også. Også når det kostar i samarbeidet med Listhaug. Også når regnbogeflagga kjem opp i juni.

Kommentarer