FOTO: Heiko Junge / NTB

Ei sterk fagrørsle er viktig for demokratiet

Det er på tide at fagrørsla og fordelingspolitikken får ein større plass i debatten om framtida for det liberale demokratiet.

Fordelingspolitikk er ikkje berre eit spørsmål om rettferdig fordeling av verdiskapinga i samfunnet. Det er også eit spørsmål om maktfordeling og demokrati. Fagrørsla sin kamp for å sikre at arbeidstakarane får sin rettmessige del av verdiskapinga, er også ein kamp for maktfordeling og ei demokratisk utvikling.

Den amerikanske høgsterettsdommaren Louis Brandeis uttalte for hundre år sidan at «vi kan ha demokrati, eller vi kan ha rikdom konsentrert i hendene til dei få, men vi kan ikkje ha begge deler.» Dette er tydeleg tale, og med Trump i Det kvite hus ser det ut til at han kan få rett.

USA har fått eit regime som utfordrar demokratiet. Landet har fått ein president som riv ned forskjellen mellom sanning og løgn – mellom fakta og ville påstandar – mellom kunnskap og konspirasjonsteoriar. Han går til angrep på ytringsfridomen og den frie pressa. Den frie forskinga blir tvinga i kne, og alle kritiske røyster blir truga til servilitet og tagnad.

USA manglar diverre ei sterk fagrørsle som kan stå opp i mot denne utviklinga.

Trump riv ned statsapparatet og rettssystemet for å samle meir makt på eigne hender. Han allierer seg med verdas rikaste og mektigaste forretningsfolk og skaper eit oligarki som trugar demokratiet. Dei som betalar prisen, er folk flest som får prisauke, dårlegare velferd og utrygge jobbar. I lang tid har arbeidstakarane fått ein stadig mindre del av verdiskapinga. Dei på golvet har ikkje følgt med i velstandsutviklinga, fattigdomen aukar og dei rike blir rikare.

USA manglar diverre ei sterk fagrørsle som kan stå opp i mot denne utviklinga. Fagrørsla har ikkje styrke til å kjempe for rettferdig fordeling og bygge samfunnstillit som kan trygge demokratiet. Berre ti prosent av arbeidstakarane i USA er fagorganiserte. Mange bedrifter med gigantselskap som Amazon og Tesla i spissen driv regelrett kamp mot fagorganisering. Når ingen er i stand til å ta kampen for dei som slit med å betale rekningar og renter, så ligg landet opent for ekstreme høgrekrefter med fascistiske tendensar.

Vi har ikkje amerikanske tilstandar her i landet. Men stadig meir kapital blir samla på stadig færre hender. I følge Perspektivmeldinga 2024 har den rikaste ein-prosenten i Norge auka sin del av nettoformuen frå 18,1 prosent i 2012 til 22,3 prosent i 2022.

Med kapital følgjer det makt – både makt over eigedom og arbeidsplassar og mediemakt som gir politisk makt. I det siste har vi også sett at kapitaleigarane organiserer seg og brukar store summar på å kjempe i mot skatt på kapital. Næringslivet treng kapital, men vi kan ikkje vere blinde for at konsentrasjon av kapital er konsentrasjon av makt og mindre demokrati.

Fagrørsla har kjempa ein solidarisk lønnskamp for å hindre at kapitaleigarane skal stikke av med ein for stor del av verdiskapinga.

Den kjente økonomen Piketty skriv om dei moderate forskjellane i Norden i si bok Kapital og ideologi. Han legg vekt på at det ikkje er ein naturgitt situasjon. Det egalitære samfunnet er eit resultat av politiske val. Samtidig åtvarar han i mot å ta situasjonen for gitt. Utan fagleg kamp og skatt på kapital og arv vil vi få konsentrasjon av kapital og makt. Andre økonomar som Kalle Moene legg vekt på fagrørsla si rolle gjennom trepartssamarbeidet.

I motsetning til i USA så står fagrørsla sterkt her i landet. Femti prosent av arbeidstakarane er fagorganiserte. Det er liten tvil om at det er ei hovudårsak til at vi har hatt ei heilt anna utvikling her i landet enn i USA. Fagrørsla har kjempa ein solidarisk lønnskamp for å hindre at kapitaleigarane skal stikke av med ein for stor del av verdiskapinga. Saman med ein progressiv skattepolitikk har det skapt eit samfunn med moderate forskjellar og lagt grunnlaget for ein samfunnssolidaritet som styrker demokratiet.

Det er på tide at fagrørsla og fordelingspolitikken får ein større plass i debatten om framtida for det liberale demokratiet. Vi kan oppsummere med diktaren Stig Holmås: «… og fagforeiningane. Utan dei hadde vi ingenting»

Nyhetsbrev Agenda Magasin