FOTO: NTB/AP Photo/George Walker IV

Fagforeiningar under dobbelt press

Rommet for å vere tillitsvalt og jobbe for faglege rettar blir stadig mindre. Det er dårleg nytt. Særleg når åtaka kjem frå to kantar på ein gong.

På 1. mai kjem mange av oss til å sjå parolar, høyre talar og lese avisinnlegg som hyllar fagforeiningar. Dette er arbeidstakarane, men også fagforeiningane sin dag. Det er det gode grunnar til.

Skal vi sjå på kva som har gjort landet vårt så godt å leve i som det er, så er fagforeiningar eit nykkelsvar. Den norske modellen, med samarbeid mellom arbeidsgivar og arbeidstakar, og omfordeling innanfor framforhandla rammar, har gitt velferd, velstand og stabilitet.

Men zoomar vi ut, er det dystert. Vi har ei verd der fagforeiningar får stadig meir krevjande forhold. For det fyrste skjer det ei statleg innstramming mange stadar. I 2022 var det 113 land som stoppa arbeidstakarar frå å etablere eller delta i ein fagorganisasjon. Organisasjonen ITUC har fulgt med på desse tala i mange år. Aldri har dei funne at så mange land har hatt innskrenkingar i organisasjonsfridomen. Berre to år før, i 2020, var det same talet 89 land.

Når vi ser på kva slags konsekvensar det får i folks liv, er det djupt problematisk.

Svakare fagforeiningar i verda er ein drivar for aukande forskjellar og at eigarane blir sitjande med gevinsten åleine.

Den 11. april i fjor blei for eksempel over hundre arbeidstakarar i oljeindustrien arrestert i Astana, Kasakhstan. Dei hadde demonstrert mot at det statlege selskapet dei jobbar i skulle seie opp mange tilsette.

I Colombia blei fagforeiningsaktivisten Clemito Rengifo Salazar bortført frå skulen han underviste på, foran elevane, og seinare funne drepen.

I januar i 2022 streika arbeidstakarar ved ein bilfabrikk i Tyrkia for høgare lønningar. Det førte til at 150 arbeidstakarar, både organiserte og uorganiserte, mista jobben. Då streiken haldt fram, kom politiet inn og brukte pepparspray for å stoppe protestane.

Når stadig fleire politiske leiarar strammar inn rommet for fagforeiningane, får det ei rekke konsekvensar. For det fyrste aukar det sjansen for låge lønningar, tøffe arbeidstider og krevjande arbeidsvilkår. For det andre blir det vanskelegare å sikre ei rettferdig fordeling mellom arbeid og kapital, altså mellom arbeidstakarane og eigarane. Når ei bedrift er lønnsam, er alltid spørsmålet kven som skal få glede av det. Organiserte arbeidstakarar er ei drivkraft for at meir kjem arbeidstakarane til gode, og med det mindre økonomiske forskjellar i samfunnet. Svakare fagforeiningar i verda er ein drivar for aukande forskjellar og at eigarane blir sitjande med gevinsten åleine. Det blir det ikkje gode samfunn av.

Difor har det noko å seie om ein kjøper ei bok på den lokale bokhandelen eller på nettsida til Amazon.

For det andre er det ei rekke store, globale selskap som driv ein aktiv kamp mot fagforeiningar akkurat no. I Norden ser vi det med Tesla-streiken, der ei gruppe arbeidstakarar hos Tesla står opp mot ein av verdas rikaste menn, som er sterkt kritisk til fagforeiningar.

Eit anna godt kjent eksempel er nett-bokhandelen Amazon, som har blitt omtalt i det vide og det breie for dårlege arbeidsvilkår. For nokre år sidan kom boka Innleid og underbetalt av James Bloodworth. Han gjekk undercover i dei mindre regulerte delane av det britiske arbeidslivet og beskreiv korleis det var å leve i desse yrka over tid. Amazon var ein av arbeidsplassane han oppsøkte. Herifrå kom historier om harde arbeidsdagar med mykje gåing på harde golv og lite rom for pause. Kritiske arbeidstakarar blei fort sparka ut.

Taparane er vanlege folk og arbeidstakarar i hele verda.

Dette rammar også dei mindre butikkane og bokhandelkjedene som følger dei anstendige spelereglane for arbeidslivet. Dei som opnar for organisering og følger tariff er kvar einaste dag i konkurranse med desse useriøse, store selskapa. Difor har det noko å seie om ein kjøper ei bok på den lokale bokhandelen eller på nettsida til Amazon.

Det organiserte arbeidslivet i verda er altså under press. Dette presset, frå både statar og multinasjonale selskap blir til saman ein farleg cocktail som hindrar både velferd, fordeling og dei selskapa som vil drive på anstendig vis.

Taparane er vanlege folk og arbeidstakarar i hele verda.

Samtidig er det oppløftande historier på gong frå USA, der fagforeiningar har fått eit oppsving igjen. Og det finst land der det organiserte arbeidslivet har betre kår, som her heime og i nabolanda våre. Sjølv om det er eksempler på press her også, er det ei kollektiv semje både blant folk og politiske parti om at vårt organiserte arbeidsliv er noko vi må ta vare på. Men enn så lenge er det framleis gode grunnar til å fortsetje å samlast og stå på krava for solidaritet og trygge arbeidsplassar, i alle land.