FOTO: Junta de Andalucía/Flickr cc

Enkelt om sekstimarsdagen

Framgang for sekstimarsdagen er avhengig av ei sterk fagrørsle. Dette er ikkje noko kvinnerørsla kan «fiksa».

Bodil Erichsen har heilt rett når ho i artikkelen om sekstimarsdagen i Agenda Magasin seier at «6-timers normalarbeidsdag krever … at vi evner å forsvare prinsippet om normalarbeidsdag». Det er i grunnen det vi i Aksjonskomiteen for sekstimarsdagen driv med – etter evne.

Vi kan ikkje skryta på oss all makt i korleis krav om sekstimarsdag skal drivast fram og formulerast i all ønskelege samanhengar. Men vi er heilt overtydde om at framgang for sekstimarsdagen er avhengig av ei sterk fagrørsle. Dette er ikkje noko kvinnerørsla kan «fiksa».

Erichsen meiner det er «helt nødvendig å knytte aksjonen for 6-timers dag opp mot krav om et annet økonomisk regime», og krev at «kvinnebevegelsen» skal intensivera kampen mot sosial dumping, uregulert næringsliv og grenseløs arbeidsinnvandring».

Dette må sjølvsagt ikkje stå i vegen for særeigne lønnstillegg til dei lågast lønte.

Vi har ikkje noko imot eit anna økonomisk regime dersom det er eit regime som gagnar vanlege folk. Men når vart det hogd i stein at vidare arbeidstidsreduksjon etter at arbeidsdagen vart forkorta med ein halvtime i tariffoppgjeret i 1986, krev ei total samfunnsomvelting?

Vi trur det er mogeleg å gjenta det som vart gjort  i 1986: ein halv time kortare dagleg arbeidstid som ein del av tariffoppgjeret. Skjer det tre gonger til, på same tid som ein held fast på prinsippet om normalarbeidsdagen, skulle sekstimarsdagen vera innført.

Iallfall for dei som er omfatta av det nokolunde regulerte arbeidslivet. Dess betre fagrørsla lykkast i å forsvara retten til heile og faste stillingar, dess fleire vil nyta godt av ein kortare normalarbeidsdag.

nyhetsbrevet

Vi har aldri lovt nokon at sekstimarsdagen sikrar likestilling mellom kjønna på alle område. Men vi har stor tru på at seks timars normalarbeidsdag vil gi betre vilkår for likestilling både i arbeidslivet og i privatsfæren. Vi støttar oss på NOU 1987: 9B, der det vart vist til seks timars normalarbeidsdag med full lønnskompensasjon som det mest effektive likelønnstiltaket. Og dersom sekstimarsdag betyr meir lik arbeidstid for begge foreldra, skulle det vera håp for arbeidsdelinga i heimen.

Med «full lønnskompensasjon» meiner vi at ingen skal gå ned i lønn når normalarbeidsdagen blir redusert. Dei som med det går frå deltid til full jobb, vil gå opp i lønn. Dei som i utgangspunktet har full stilling, og tar ut noko av lønnsveksten i tid istadenfor i pengar, vil få litt mindre auka kjøpekraft. Dette  vil vera svært ønskeleg ut frå eit miljø- og klimaperspektiv.

Ungane krev omsorg og nærvær også når permisjonstida er over.

Dette må sjølvsagt ikkje stå i vegen for særeigne lønnstillegg til dei lågast lønte.

Skal taktikken med å få sekstimarsdag ved å stilla tariffkrav, krev det tilslutnad frå det store fleirtalet i fagrørsla. Til no har mannstunge forbund som Fellesforbundet stått i vegen for full støtte til sekstimarskravet. Sjølv om det er kvinnene som i størst monn har kjent på kroppen at åttetimarsdagen er for lang, har vi stor tru på at ein yngre generasjon av menn også skal forstå kva dette handlar om.

Ikkje minst dei som har hatt glede av å bruka pappapermen til å styrka banda til sine eigne ungar. Ungane krev omsorg og nærvær også når permisjonstida er over.

Aksjonskomiteen for sekstimarsdagen har stor tru på at med samarbeid mellom fagrørsla, kvinnerørsla og miljørørsla kan sekstimarsdagen  realiserast innan «overskueleg framtid».

nyhetsbrevet