FOTO: Taylor Flowe/Unsplash

Er empati i ferd med å bli mangelvare?

Ein bygg ikkje empatiske menneske gjennom ein skulegang som i mange år har vore eit individuelt prosjekt for å bygge konkurransefortrinn for den store stygge verda.

I boka «Ensomhetens århundre» tar Noreena Hertz utgangspunkt i einsemd og kor utbreidd einsemd er globalt, og ho går so inn i kva forsking seier om einsemd og kva det gjer med oss, både sosialt, fysiologisk og kognitivt.

Ho hevdar at einsemd er ein konsekvens av både ein nyliberal verdsordning der «vi» og «fellesskap» har blitt pressa ut til fordel for «eg» og «konkurranse».

Det er nok å bli skremd av i denne boka.

Eit arbeidsliv som er prega av «dog eat dog»-kultur og auka digitalisering, gjer at vi lever meir i våre små digitale igloar, med svekka reelt samhald og interaksjon. I den digitale verda kommuniserar idealversjonen av oss med idealversjonen av andre, med uendeleg høve til bløff og manipulering.

Det er nok å bli skremd av i denne boka. Einsemd er ikkje berre individet si tragedie, det er samfunnet og det skjøre kollektivet si tragedie. Hertz har eit sitat som naglar det heilt, når ho viser til to avgjerande typer band i eit velfungerande samfunn:

«De som knytter staten til borgeren, og de som knytter borgerne til hverandre. Når disse tilknytningsbåndene brytes, når folk føler at de ikke kan stole på hverandre og ikke har kontakt – enten det er emosjonelt, økonomisk, sosialt eller kulturelt – når folk ikke tror at staten ivaretar dem og føler seg arginaliserte eller sviktet, oppstår det ikke bare splittelse og polarisering i samfunnet, men folk mister troen på selve politikken.» (s.47)

Eg er ikkje i tvil om at mykje av problemåtferda vi har i skulen, er gjort av dei som opplever seg på botn av meistringshierarkiet.

Ein ting er at vi er i ein konkurransedriven kultur som dyrkar egoet. Meir skremjande er det at den «einsemje-kulturen» vi har har direkte følgjer for fysiologi og psykologi, slik at både livskvalitet- og lengde er under press. Ho viser mellom anna til hjerneforsking som sannsynleggjer at kronisk kjensle av einsemd gjer at dei områda som aktiviserer empati vert understimulerte.

Isolasjon fører dermed til meir isolasjon og utanforskap. Kan dette vere ein av årsakane til at dei yrka som faktisk har empati og omsorg som ein del av sitt grunnoppdrag er på tilbakegang? Om det er slik at empati er i ferd med å bli mangelvare, bør vi blåse i luren og samle oss rundt leirbålet!

Utan å vere psykolog, trur eg at empati generelt er eit overskotsfenomen, i den forstand at det er lett å føle i møte med nokon som har det verre stilt enn deg sjølv. Føler du deg rævva, har du heller ikkje mykje å gje i form av innlevingog deltaking  i andre sin situasjon. Du har meir enn nok å tenke på, og hovudfokuset blir å stette dine eigne behov.

Ikkje tøff, berre stor, sterk og full av omsut.

Eg er ikkje i tvil om at mykje av problemåtferda vi har i skulen, er gjort av dei som opplever seg på botn av meistringshierarkiet, og at mykje kunne vore endra til det betre for desse om dei opplevde situasjonar der dei sjølv var på topp og kunne gje og yte for andre.

Eg hugsar tilbake på ein konkret situasjon for over tjue år sidan, der eg var so heldig å ha med ein skuleklasse for å samle inn villsauar frå beite. Tjue gjenstridige byungdommar på lufting kan vere ei utfordring. I denne klassen var det òg nokre godingar som ikkje hadde det so godt i den vanlege skulekulturen, og som heilt klart opplevde seg som sinkene i klasserommet sitt rotterace.

Dei var sjølvsagt tøffe i trynet ute på tur òg. Eg hugsar særleg ein av dei, som sto der og lente seg tøff opp mot eit steingjerde i Nordhordland. Brått spratt det eit lam gjennom lufta i eit kjempehopp og landa rett i armane på han. Han vart verkeleg fanga «off guard», og farsinstinktet slo rett inn.

I den konkurransen kan alle vinne.

Den tøffe by-auraen berre rann av han, og i ein tidsbolk som verka som ei æve for oss som såg på, var han rein og skjær omsorg og kjærleik for dette fantastiske dyret. Ikkje tøff, berre stor, sterk og full av omsut. Eg trur det sat i han lenge, forhåpentlegvis framleis. Eg blir rørt av å tenke tilbake på det, i eit glimt såg eg kven som var der bak den tøffe maska.

Dette var til og med før den digitale tsunamien var over oss, empati har generelt mykje ringare vilkår i dag. Er det slik at vi er i ferd med å ta eit oppgjer med den digitale overdosen vi utset elevane for dagleg, er det ikkje berre med enklare lese- og skrivesituasjonar vi må rette på skaden. Vi bør òg legge til rette for at elevane får høve til å vere den sterke og trygge for nokon, og vise, øve og styrke empati.

Barneskulelevar burde ha jamlege møte med dyr, og vise dei omsorg gjennom stell, kos og mating. Eldre elevar burde ha høve til å vere med i barnehagar, leike med ungane, lese for dei, tulle med dei, og oppleve det å vere den litt meir vaksne som må ta litt meir ansvar.

På vidaregåande burde ein definitivt ha sosialt arbeid som eit valfag, der ein både kunne få innblikk i eldreomsorg, hjelpe funksjonhemma i institusjon og liknande. Eg trur jammen at eg òg er for å innføre eit pliktår der alle må anten gjennomføre millitærteneste eller eit år sosialt arbeid, gjerne med forbod mot sosiale media i arbeidstida.

Slå av mobilen og kveik opp leirbålet. Det er kaldt.

Det å oppleve over tid situasjonar der det er DU som kan gjere ein skilnad for andre, og ikkje minst å sjå at det er folk med reelle utfordringar vekkgøymte i dette samfunnet vårt, vil ha konsekvensar i mange retningar. Dette ville bygd både sjølvkjensle og empati, og ikkje minst ei grunnleggande kjensle av takksemd for det som er bra i livet ditt.

Ein bygg ikkje empatiske menneske som er trygge og deltakande i samfunnet gjennom ein skulegang som på sett og vis i mange år har vore eit individuelt prosjekt for å bygge konkurransefortrinn for den store stygge verda. Sosialt samvet vert best bygd i konkrete situasjonar.

Det gamle omgrepet «gagns menneske» blir ofte tydd til når vi føler oss kjøvde av nyliberalt individkjør. «Gagns» betyr nyttig, og den beste nytta du kan gjere, er å gjere deg til nytte for andre. Då vinn du den eigentlege konkurransen, den om å høyre heime i deg sjølv samfunnet og verda. I den konkurransen kan alle vinne.

Slå av mobilen og kveik opp leirbålet. Det er kaldt.

Kjelde: «Ensomhetens århundre», Noreena Hertz, Res Publica Oslo 2022. 

(Forlaget og Agenda Magasin er del av samme selskap, Agenda Res Publica Media. Red. anm.)