Sofie Marhaug Foto: Ihne Pedersen.
FOTO: Ihne Pedersen

For Raudt synest det viktigaste å vere å få avvikla straummarknaden

Da får det heller våge seg at dette først og fremst vil komme dei til gode som har høge inntekter og høgt straumforbruk og stimulerer til energisløsing.

«Naustdalslid tar fortsatt feil» skriv Sofie Marhaug i ein ny kommentar til min artikkel der eg samanliknar fire alternative former for straumstøtte.

Den store feilen skal vere at eg ikkje ser skilnaden på straumstøtte der staten dekker straumprisen over 35 øre, eller at straumselskapa på eit eller anna vis dekker straumprisen over 35 øre i form av ein regulert straumpris.

Dette var ikkje så lett å sjå etter som Raudt sjølv i ulike samanhengar har presentert makspris som partiets form for straumstøtte. Men eg har fått med meg dette nå.

Det skriv eg også tydeleg i det siste innlegget mitt som Marhaug nå kritiserer, men eg peikar også på at dette er uvesentleg for min analyse fordi den ser på verknadene av støtteordningane for straumkonsumentane. Det burde Marhaug kunne akseptere.

Korleis dette skulle bidra til å undergrave billeg, fornybar vannkraft som konkurransefortrinn for norsk industri og næringsliv, er vanskeleg å sjå.

Like fullt insisterer ho på at eg ikkje aksepterer at Raudts alternativ faktisk er prisregulering og kallar det «arrogant» og «spesielt». Det som vel derimot må vere litt spesielt, er Marhaugs eksempel på prisregulering som skal kunne samanliknast med det Raudt vil innføre for straum. Ho viser til at vi har prisregulering på fjernvarme, og at det ikkje kan oppfattast som ei støtteordning. Nei, sjølvsagt ikkje.

Det finst ingen marknaden for fjernvarme med ein alternativ pris på den vatnborne varmen som sirkulerer fram til forbrukarane i rør. Vatnet kan ikkje alternativt omsettast på ein varmtvannsbørs slik elektrisiteten kan på Nord Pool.

Så tar Marhaug for seg tre punkt som ho påstår eg ikkje forheld meg til:

For det første hoppar eg angiveleg bukk over fordelinga mellom kraftbransjen og resten av samfunnet og ser berre på fordelinga mellom fattige og rike forbrukarar. Det er rett at eg ser på fordelingseffektane av ulike støtteordningar for forbrukarane og konstaterer at lik straumstøtte udiskutabelt er det alternativet som har mest positive omfordelingsverknader.

Korleis dette skulle bidra til å undergrave billeg, fornybar vannkraft som konkurransefortrinn for norsk industri og næringsliv, er vanskeleg å sjå. Tvert om vil ein statleg regulert makspris eller fastpris stimulere til energisløsing med fornybar energi både i hushald og i næringslivet. Resultatet vil lett kunne føre til periodar der krafta må rasjonerast.

Eg forstår ikkje kvar Marhaug hentar ein slik påstand fra.

Særleg om ein også stoppar utbygginga av meir kraft for å dekke den aukande etterspurnaden som ein statleg regulert låg energipris vil resultere i.

For det andre blir eg kritisert for å ta utgangspunkt i gjennomsnittspersonar, sjølv om det er store skilnader innafor inntektsgrupper. Ja, eg har ein ekstremt enkel modell, og gir den heller ikkje ut for noko anna. Men det stemmer ikkje at eg ser bort fra skilnader i energibehov innafor inntektsgrupper.

Det er heilt rett at det finst mange med låge inntekter som bur i dårleg isolerte bustader.

Eg har kalla dei «tante Olga» Men vår tenkte tante Olga, som bor i ei trekkfull leilighet og brukar 30 000 kWt heller enn 15 000 kWt som ho ville greidd seg med, om leiligheta hadde vore moderne og godt isolert, vil likevel få betydeleg meir i straumstøtte med lik støtte enn ho ville fått med Raudt sin makspris.

For det tredje er det rett og slett ikkje sant at eg gir «fullstendig blaffen at strøm utgjør en forholdsvis større andel av økonomien for en fattig husholdning enn for en rik».

Mest dramatisk slår likevel dette ut om ein ser på gevinst og tap med overgang fra makspris til lik støtte.

Eg forstår ikkje kvar Marhaug hentar ein slik påstand fra. Her må eg få sitere fra artikkelen: «…… (D)et er rett, som det av og til blir peika på, at for folk med låg inntekt, kan sjølv små positive endringar bety noko». Eg illustrerer dette med å vise at i prosent blir dei positive utslaga størst for dei med låg inntekt.

Det gjeld for alle ordningane, også makspris. Mest dramatisk slår likevel dette ut om ein ser på gevinst og tap med overgang fra makspris til lik støtte. For direktøren med millioninntekter betyr dette eit «inntektstap» på skarve 0,8%, sjølv om han får nesten 60% av den samla støtta med makspris. For minstepensjonisten betyr det ein inntektsauke på meir enn 8,5% og eit bidrag til pensjonen på 8000 kroner.

Det som etter kvart har blitt tydeleg i denne debatten, er at grunnen til at Raudt forkastar tanken om lik straumstøtte, må vere at dette alternativet forutset ein straummarknad –  at straumkundane i utgangspunktet ville måtte betale spotpris for straumen før straumstøtta kjem inn på bankkontoen.

For Raudt synest det viktigaste å vere å få avvikla straummarknaden, innføre ein politisk regulert straumpris og straffe kraftselskapa. Da får det heller våge seg at dette først og fremst vil komme dei til gode som har høge inntekter og høgt straumforbruk og stimulerer til energisløsing.