FOTO: Pascal Mauerhofer/Unsplash cc

Havet til Fornebu

Er det rett å byggje eit privat kompetansesenter for havet langt unna kompetansen på Vestlandet og i Nord-Noreg? Dette er viktigare enn å diskutere høgda på signalbygget til Røkke.

Kjell Inge Røkke lanserte nyleg ein plan om å bygge havets skyskrapar på Fornebu. Hovudpersonen sjølv hadde ikkje høve til å delta på lanseringa, men statsministeren møtte fram og kasta glans over prosjektet. Lanseringa sette media i brann med overskrifter om Trump Tower og voldtekt av nabolaget. Agenda Magasin kasta seg på kommentarstafetten, og sentrumsorienterte som dei er, så foreslår dei å kutte skyskraparen på midten.

Få eller ingen, heller ikkje Agenda, kommenterer det innhaldet som skal komme i bygget. No vil vel mange meine at Røkke må få gjere kva han vil med pengane sine. Men når Havets hovudkontor på Fornebu blir lansert som ein viktig samfunnsinstitusjon med nært samarbeid med offentlege forskingsmiljø, så er det ikkje urimeleg å etterlyse ein breiare debatt om plassering og innhald.

Hav er ikkje det første vi tenkjer på når vi snakkar om Fornebu, og det er det gode grunnar til. Arbeidsplassar og kompetanse knytt til havet finn vi først og fremst på Vestlandet og i Nord-Noreg. Kompetansemiljø både på Vestlandet og i Midt- og Nord-Noreg samlar seg no i tverrfaglege senter for å få større tyngde og bli i stand til å følgje opp dei nasjonale satsingane på havet. Men Noreg er eit lite land og det er krevjande å bygge sterke kompetansemiljø.

Har det ikkje ein verdi å vere lokalisert nær dei som lever av havet?

Er det riktig å starte eit nytt havsenter frå grunnen av på Austlandet? Har det ikkje ein verdi å vere lokalisert nær dei som lever av havet? Kunne ein ikkje fått betre effekt ved å satse på utvikling av eller samlokalisering med eit (eller fleire) av dagens kompetansemiljø? Det tar lang tid å bygge kompetanse dersom ein ikkje satsar på å rekruttere seniorar frå andre fagmiljø. Det nye havsenteret kan sjølvsagt basere seg på å kjøpe internasjonal kompetanse slik at det ikkje utarmar norske fagmiljø, men vi veit lite om kva som er tenkt.

Når ein skal løfte fram eit forskingsfelt, har universiteta ei spesiell rolle. Dei har ansvar for utdanning av framtidige fagfolk og forskarar, og undervisninga skal basere seg på det fremste innan forsking. Derfor er det viktig at dei har ressursar til å bygge opp sterk forskingskompetanse på strategiske satsingsområde.  Vi bør ikkje etablere ein forskingsstruktur som drar ressursar ut i frå universitetsmiljø, og viktig forskingsinfrastruktur bør vere i offentleg eige.

Vi bør ikkje etablere ein forskingsstruktur som drar ressursar ut i frå universitetsmiljø, og viktig forskingsinfrastruktur bør vere i offentleg eige.

Havforsking kan vere eit konfliktfylt område, og næringsinteresser har ofte misslikt dei resultata som kjem frå uavhengige forskingsmiljø. Det er ikkje underleg at det oppstår slike motsetnader. Vi snakkar her om forvaltning av fellesskapet sine evigvarande ressursar – om sjølve livsgrunnlaget vårt. Kortsiktige økonomiske interesser kan ofte komme i konflikt med omsynet til langsiktig forvaltning og føre var-prinsippet.

Eit privat forskingssenter kan bli mistenkt for sjølvsensur eller for å velje forskingsoppgåver som er til fordel for bestemte næringsinteresser. Organisering og finansieringsmodell vil ha konsekvensar for kor uavhengig ein oppfattar at forskingsmiljøet er, men slike ting har vi så vidt eg veit, fått vite lite om så langt.

Det blir sagt at etablerte forskingsmiljø er positive til å samarbeide med Havets hovudkontor på Fornebu. Det er ikkje overraskande. Forskingsmiljø er og bør vere opne for nye samarbeidspartnar, ikkje minst private. Men det betyr ikkje nødvendig vis at forskings-Noreg meiner den planlagde etableringa er det beste grepet for å løfte havforskinga nasjonalt og internasjonalt.

Det er på tide vi får ein debatt om kva rolle Havets hovudkontor på Fornebu skal ha i utviklinga av havforskinga vår. Det er viktigare enn å diskutere høgda på signalbygget til Røkke.