FOTO: NTB/AP Photo/Ebrahim Noroozi

Høgreradikale krefter samarbeider – vi må gjere det same

Vi i Norge bør la oss inspirere av dei hundretusener av anti-facistiske tyskarar som demonstrerer mot AfD i gatene.

Det komande valet i Tyskland 23. februar 2025 blir avgjerande for landet, men også for Europa. Høgrepopulistiske krefter, med Alternative für Deutschland (AfD) i spissen, har styrkt seg markant, og partiet ser ut til å bli det nest største i Forbundsdagen.

Dersom AfD får meir makt, kan det endre Tysklands kurs dramatisk og destabilisere heile Europa.

Men denne utviklinga er ikkje isolert til Tyskland. Høgreradikale krefter samarbeider effektivt over landegrensene og hentar støtte frå mektige aktørar utanfrå.

Dette er ein autoritær og nasjonalistisk politikk som trugar både stabilitet og demokrati.

AfD har fått drahjelp frå president Trumps allierte, inkludert visepresident J.D. Vance og Elon Musk, som aktivt har gått inn for å styrke partiet.

Vance vakte stor oppsikt då han under München-konferansen møtte AfD-leiar Alice Weidel framfor Tysklands forbundskanslar.

Dette vart i Tyskland oppfatta som eit alvorleg brot på diplomatisk skikk og eit forsøk på å legitimere AfD sin politikk. Musk har også vore tydeleg i si støtte til partiet og skreiv på X:

“Berre AfD kan redde Tyskland”.

Dette vart raskt plukka opp av Weidel, som svarte:

“Ja! Du har heilt rett!”.

Musk har elles vore stadig meir aktiv i å styrke band mellom europeiske høgrepopulistar og Trump sitt miljø.

Ei svekking av Tyskland sin posisjon i EU vil ha alvorlege konsekvensar for heile kontinentet.

AfD sitt program inkluderer euroskepsis, auka samarbeid med Russland og ein slutt på tysk støtte til Ukraina. Partiet vil stenge grensene, deportere innvandrarar og svekke Tysklands forpliktingar til det europeiske fellesskapet.

Dette er ein autoritær og nasjonalistisk politikk som trugar både stabilitet og demokrati.

Valet kjem i ei skjebnetid. USA under Trump si leiing har signalisert ei ny retning for transatlantiske relasjonar, der Europa i aukande grad blir pressa til å ta ansvar for si eiga sikkerheit. Samstundes har Russland under Putin intensivera sitt press mot Europa, og Kina og India ser med interesse på eit Vesten i splid.

Ei svekking av Tyskland sin posisjon i EU vil ha alvorlege konsekvensar for heile kontinentet.

Mange tyskarar vender seg mot AfD fordi dei opplever ei aukande kjensle av utryggleik. Kor mykje desinformasjon og innblanding frå framande makter har å seie, er vanskeleg å anslå.

Terrorangrep og valdelege hendingar, som det nylege bil-angrepet i München der ein afghansk asylsøkar drap ei kvinne og hennar toårige barn, har ført til auka frykt i befolkninga, og kan vere dråpen som får AfD-begeret til å renne over.

Dersom etablerte parti ikkje tek opp kampen, kan AfD få dominere dagsordenen utan motstand.

AfD sitt valprogram går langt i å demontere det europeiske samarbeidet. Partiet vil oppheve sanksjonane mot Russland, trekke Tyskland ut av eurosamarbeidet og gjeninnføre den tyske marken.

I tillegg har AfD byrja å snakke om «remigrasjon», eit omgrep som ofte vert brukt som ei eufemisme for massedeportasjon av innvandrarar. Dette viser ein klar ideologisk dreining mot meir ekstreme posisjonar.

Historisk sett har Tyskland vore ein stabiliserande faktor i Europa, men eit sterkt AfD kan snu opp-ned på dette. Tyskland er den største økonomien i EU, den største bidragsytaren til EU-budsjettet og ein sentral aktør i forsvarspolitikken.

Dersom Tyskland går i ei høgre-radikal retning, kan det føre til ei alvorleg krise i EU.

For å sikre eit demokratisk, stabilt og internasjonalt orientert Tyskland, må me håpe og oppfordre til at alle demokratiske parti samlar seg mot AfD. Dei må vere tydelege på at samarbeid med høgreekstreme krefter ikkje er eit alternativ.

Dersom demokratiske parti unngår konfrontasjon med AfD, risikerer dei å miste definisjonsmakta i samfunnsdebatten. Vi ser allereie korleis Dei Grøne har tona ned klimabudskapet sitt etter at AfD har kalla tyske styresmakter for eit «økodiktatur».

Subjekt-redaktør Danby Choi har til dømes ope erklært seg som Trump-fan.

Dersom etablerte parti ikkje tek opp kampen, kan AfD få dominere dagsordenen utan motstand.

Noreg er heller ikkje immun mot denne utviklinga. Vi såg det tydeleg i NRK Debatten denne veka, der ytre høgre-forteljingar fekk stor plass. Frp sine sterke målingar viser også kor sårbare vi er. Det er ikkje berre i Tyskland at ytre høgre veks – vi ser liknande trekk i Noreg.

Carl I. Hagen har vist tydeleg støtte til JD Vance si tale, der Vance framstilte liberale verdiar som ein trussel mot fridom og samanlikna omsorg for minoritetar med undertrykking. Dette er klassisk reaksjonær retorikk, som vi kjenner frå både Putin og Trump-administrasjonen.

Høgrepopulistiske krefter opererer i eit tett internasjonalt nettverk. Dei deler strategiar, legitimerer kvarandre og løftar kvarandre fram. Norske kulturkrigarar, som har brukt år på å importere høgrepopulistiske forteljingar frå USA, bidreg til denne utviklinga.

Og vi som er motvekta til ytre høgre, må våge å ta endå kraftigare til motmæle.

Subjekt-redaktør Danby Choi har til dømes ope erklært seg som Trump-fan, medan Kjetil Rolness sin reaksjon på Vance si tale var å forsvare bodskapen og kritisere NRKs dekning av talen.

Det tyske valget blir avgjerande for Europa. Men uansett kor store AfD blir, må vi som står på motsett side samarbeide meir effektivt over landegrensene for å verne om dei verdiane vi trur på.

Vi kan ikkje la vere å møte opp til kampen, og la ytre høgre vinne på walk-over. Me kan ikkje la aktørar som Ola Asbjørn Ness og Sylvi Listhaug vinne fram med sin fortelling om Norge og Europa.

Vi i Norge bør la oss inspirere av dei hundretusener av anti-facistiske tyskarar som demonstrerer mot AfD i gatene. Og norsk media må vere bevisste nok til å ikkje berre vise fram alt det koko som ytre høgre gjer, men også vise fram den store motstanden og dei mange fornuftige stemmene som faktisk finnast i samfunnsdebatten.

Og vi som er motvekta til ytre høgre, må våge å ta endå kraftigare til motmæle. I media, i nabolaget, overalt.