John Fip/Unsplash
FOTO: John Fip/Unsplash

All teknologi som får elevar til å outsource tenking eller skriving er å ei avsporing

Alliansen mellom skulen og IKT-bransjen liknar på forslaget frå høna til grisen om at dei saman kunne produsere egg og bacon. Grisen døyr og høna sit att med fortenesta.

Ein kjelde frå teknologibransjen har fortalt meg at skular som dei siste tiåra kjøpte I-pad, blei lova ein «revolusjonerande» metodikk, «skrive seg til lesing», STL. Men korkje seljarar, lærarer eller rektorar forsto kva STL var. Å kurse lærarar blei ikkje gjort. Det ville ha vore dyrt. Nokre app-ar blei lagde til lærarar. Dei med leiaransvar for kvalitet og for skule hadde ikkje kontakt med informasjon frå praksisfelt, samstundes som seljarar ville ha bonusar. STL og annan revolusjonerande pedagogikk i si reine form er på si side ikkje betre enn tradisjonell pedagogikk.

Tar seg betalt

Dei store teknologiselskapa veit å ta seg betalt når skular har gjort seg avhengige av digital struktur selskapa har solgt til skulen. I fjor fekk mange rektorar i Oslo sjokk då Microsoft i kraft av å ha monopol på einskilde digitale strukturar og produkt, kravde mykje meir betalt. Teknologigigantane investerer i skule, dei har fleire bein å stå på, og dei har kyniske forretningsmetodar mot born og ungdomar. Alle elevar og lærarar produserer tekster og gjer bruk av digitale sky-løysingar eid av utanlandsk teknologibransje. Uklåre normer for sky-tenester, eigedomsrett og kontroll av tekst handlar om personvern, utdanningspolitikk, òg om tryggjngspolitikk.

Teknologistopp

Ein dyktig IKT-ansvarleg ved ein skule, der eg tidlegare jobba, fortalde meg at han hadde vore opptatt av at skulle lære å lese bøker fra dei var små. Å lese bøker så han som grunnleggande for all læring og meistring i skulen. Han meinte at først måtte grunnleggande skrive, lese og rekneferdigheiter kome på plass. Så kunne elevane bli introdusert for det digitale. Elevane burde ikkje bli presentert for det digitale i skulen før dei byrjar på ungdomsskulen. Eg utfordra ham på om ikkje elevar heller burde vente med det digitale til dei hadde byrja på vidaregåande. Han var usikker, men ikkje heilt avvisande.

Uklåre normer for sky-tenester, eigedomsrett og kontroll av tekst handlar om personvern, utdanningspolitikk, òg om tryggjngspolitikk.

Elevar treng mengdetrening i dei tre grunnleggande ferdigheitene; å skrive, lese og rekne. Elevar får ikkje tilstrekkeleg mengdetrening i desse i ein skule der for mange digitale distraksjonar leiar vekk frå læring, konsentrasjon og evne til å halde ut. Likestillinga av å lære å lese, skrive og rekne med å lære digital kompetanse må ta slutt. Skulen bør få eit eige teknologifag med teknologikompetente lærarer til å undervise i bruk av teknologi.

Avsporing

All teknologi som får elevar og lærarar til å outsource å tenkje eller å skrive er ei avsporing frå læring. Å lære å skrive eigne sjølvstendige tekstar er å lære å gjere to ting samstundes; å tenkje og å skrive, på same tid. Overlet ein anten det å skrive eller det å tenkje til maskinar som tenkjer eller skriv for ein, lærer ikkje eleven å tenkje sjølvstendig med eigne språkferdigheiter; å tenkje og å skrive på same tid.

Skriving og lesing er sårbare læringsprosessar.

Skriving og lesing er sårbare læringsprosessar, som påverkar kvarandre, og er grunnlag for all læring. Ein kan ikkje tenkje sjølvstendig utan eit eige språk. Å lese lange tekstar treng elevane bøker for å lære. Å kunne lese lange tekster er naudsynt for å kunne lære seg å tenkje sjølvstendig. Elevar bør lære å bruke kunstig intelligens først etter at dei har lært å skrive og å tenkje på same tid. Skulen bør beskytte elevar mot for tidleg bruk av kunstig intelligens.

Treng bøker

Standardar for profesjonsfagleg kvalitet i skulen har i århundrer blitt haldne oppe av kvalitetssikra lærebøker. Teknologibransjen har pengar nok til å blø økonomisk medan dei konkurrerer ut forlaga og lærebøkene. Teknologibransjen må ikkje få bli einerådande i skulen òg. Dei må ikkje få lov å fortrengje bøker og lærebøker korkje frå skulen eller frå røynda til barn og unge. Elevar og lærarar må ikkje bli tvungne til å erstatte bøker og lærebøker med teknologibransjen sine eigne digitale plattformer.

 Jamstillinga av å lære å lese, skrive og rekne med å lære digital kompetanse må ta slutt.

Digitale plattformar lagde av folk med røynsle frå skule, (it´s learning) blei for nokre år sidan skrota sjølv om dei virka betre for å støtte læring og undervisning enn plattformer laga av folk som ikkje hadde røynsle frå skule.

Må ta slutt

Datatilsynet viste i ein rapport frå april 2025 at «digitaliseringen av skolen har gått på bekostning av elevenes personvern». Teknologiselskap har samla inn personopplysningar til kommersielle føremål. Kvifor gjere elevar avhengige av dagens digitale teknologi, som i morgon vil vere gårsdagens teknologi?  Det  norske samfunnet bør ikkje vente med til i morgon med å tenkje seg kritisk om. Alliansen mellom høna og grisen bør granskast!