FOTO: Bernt Sønvisen/Dagsavisen

Kjerkol har mange medskuldige

Eg tek også del i det store klagekoret, men rett skal vera rett: Helseminister Kjerkol er langt frå aleine om ansvaret for krisa i helsetenestene.

Årsakene til krisene i fastlegeordninga og sjukehusa våre er sjølvsagt samansette. Men grunnlaget er lagt gjennom mange år og med medverknad frå fleire regjeringar og helseministrar. Og nokre av etappene på vegen mot krisa har etter mitt syn lenge vore tydelege. For sjukehusa sin del er helseføretaksreforma og tanken om at sjukehusa våre kan drivast etter rein bedriftsøkonomisk tenkning ei vesentleg brikke i denne triste utviklinga.

At den politiske høgresida har vesentlege aksjar i å driva fram ei privatisering og påfølgjande todeling av helsetenestene våre, bør ikkje koma som noko overrasking.

Difor må me snarast gå bort frå eit stadig meir byråkratisk regime, som mest av alt har fokus på å telja det som er enkelt å telja. Me treng eit system med meir politisk ansvar og styring, kombinert med ei tillitsreform, der faglege vurderingar står i sentrum. Men som så ofte, er det også her slik at både Høgre og Ap har mange «aksjar» i helseføretaksreforma. Og det er ikkje mykje som er så konservativt som ein uuttalt allianse mellom Ap og Høgre.

Når det gjeld krisa i fastlegeordninga, er vel Kjerkol si «synd» først og fremst at ho prøvde å lura veljarane til å tru at ho skulle rydda opp i det. Sølve krisa har vore varsla i mange år, i alle fall sidan Bjarne Håkon Hansen reiste rundt og forkynte om Samhandlingsreforma i 2009. Me var mange som den gongen peika på at denne storstilte overføringa av oppgåver til førstelinjetenesta ikkje kunne gjennomførast før ein hadde auka kapasiteten hos fastlegane og kommunehelsetenesta elles.

Dersom ingen no veldig raskt tek drastiske grep, vil utviklinga fortsetja i retning eit system der kvar og ein får skaffa seg den helsetenesta dei har råd til.

Og me fekk høyra at det skulle koma tusenvis av nye fastlegar. Men kva skjedde? Oppgåveoverføringa vart gjort ganske raskt og ingen såg noko til tiltak som kunne hjelpa til å skaffa fleire fastlegar. Sidan den gong har aktiv og passiv medverknad frå både Støm-Erichsen, Støre, Høie og Kjerkol ført oss fram til der me er i dag. Og no står me altså ganske snart der at fastlegeoppgåvene skal løysast av «Dr Dropin» og dei altfor få spesialistene i dei offentlege sjukehusa rømer i hopetal til private klinikkar.

Dersom ingen no veldig raskt tek drastiske grep, vil utviklinga fortsetja i retning eit system der kvar og ein får skaffa seg den helsetenesta dei har råd til. At den politiske høgresida har vesentlege aksjar i å driva fram ei privatisering og påfølgjande todeling av helsetenestene våre, bør ikkje koma som noko overrasking.

Men at Arbeiderpartiet, med ei rekke helseministrar i spissen, har innteke ei såpass aktiv (eller kanskje mest av alt passiv) rolle i den same utviklinga, framstår meir enn overraskande. Det er beint fram eit stort og trist paradoks. Her treng me no at andre enn dei tradisjonelle «styringspartia» får styra utviklinga.