FOTO: Statkraft/Flickr cc

MDG må sei nei til vindkraft på land

Denne helga har Miljøpartiet dei Grøne landsmøte, kor ein av dei største kampsakane blir korvidt det skal byggjast vindkraft på land eller ikkje.

Talspersonane i ungdomspartiet vårt, Grøn Ungdom, meiner at vi bør ha meir vindkraft på land. Det er mange grunnar til at det er ein dårleg idé. Heldigvis er vi mange i Grøn Ungdom som er imot å satse på storskala utbygging av vindturbinar i urørt natur, og kjempar imot dette på landsmøtet.

Det er mange gode alternativ til vindturbinar på land – deriblant vindkraft til havs.

Når vi byggar ut vindkraft på land, legg vi beslag på store landareal av urørt natur som er leveområde til sårbare dyre- og planteartar. Det er ikkje berre snakk om området som vindturbinane står på, men også store øydeleggingar knytt til anleggsveg som tar mykje meir plass enn sjølve vindturbinane.

Vindkraft kan bidra med utsleppsfri energi som kan hjelpe oss gjennom det grøne skiftet og minske klimaendringane. Men dersom vi øydelegg naturen vi prøver å beskytte i kampen mot klimaendringar, går vinninga opp i spinninga.

Det står verre til enn mange av oss fryktar.

På fredag deltok eg med ungdommar over heile verda på klimastreik, før eg dro vidare til MDG sitt landsmøte. Mitt ønske for denne streiken, er at vi bestemmer å ikkje berre blir høyrt i klimasaka- men også naturvern. For få veker siden la FN sitt naturpanel fram ein rapport om naturen sin tilstand.

Det står verre til enn mange av oss fryktar. Vi risikerer å miste ein million av verda sine arter viss vi ikkje endrar kurs. Tap av habitat og inngrep i naturen er ein av de største årsakene.

Det er mange gode alternativ til vindturbinar på land – deriblant vindkraft til havs. Den største utfordringa med klimakrisa er at den globale oppvarminga gjer kloden vår uleveleg for mange artar, og øydelegg det biologiske mangfaldet.

Viss vi byggjer ut vindkraft på land er vi med på å skape desse øydeleggingane direkte med våre eigne hender, før klimakrisa klarar å gjere det.

nyhetsbrevet