FOTO: Andy Abeyta/The Gazette via AP

Me som elska Amerika

Kva gjer me når amerikanarane ikkje lenger elskar norsk olje?

Om nokre få veker, den 20. januar 2021, blir Joe Biden sverga inn som USAs nye president. I tillegg til å styre landet gjennom pandemien, må Biden gi seg i kast med å få amerikanarane inn på eit ansvarleg klima-spor. Det er ei tung skute å snu, men han har gjort det klart sidan starten av kampanjen sin at dette blir eit hovudsatsingsområde for den nye administrasjonen.

Biden ber alle landa i Arktisk råd bli med på eit felles midlertidig forbod mot oljeboring i desse sårbare områda

I sterk kontrast til Trump, har Biden ein tydeleg ambisjon om at USA skal ta ei leiarrolle i den globale klimakampen. I sine samtalar med andre statsleiarar har han gjort det klinkande klart. Blant hans aller første handlinger som president, vil vere å melde landet inn att i Paris-avtalen. Tidlegare utanriksminister John Kerry vil bli utnevnt til spesialutsending for klima, på ministernivå, det New York Times kallar ein post som «klimatsar».

Nye tankar gir hovudbry for gamle Norge

I teamet til Biden er eit av kjernespørsmåla som blir stilt om alle potensielle kandidatar til den nye administrasjonen, sjølv for dei lågaste stillingane: er personen klima-ambisiøs?

– Me kan ikkje møte dei store utfordringane i denne nye tida med gamal tenking og uendra vanar

I følge CNN forklarer Biden utnevningane slik: – Me kan ikkje møte dei store utfordringane i denne nye tida med gamal tenking og uendra vanar, eller utan mangfold av bakgrunn og perspektiv. Det er difor eg har valgt dei.

Mykje av nøkkelen til Bidens truverde på den internasjonale scena vil vere kva han får til av klimakutt på amerikansk jord. Meir radikale demokratar, som kongresskvinna Alexandria Ocasio Cortez, har fremma forslaget kalla Green New Deal, som vil eliminere karbonutslipp frå dei fleste kjelder i løpet av eit tiår. Biden sin klimaplan er meir moderat, men om den blir fulgt opp vil det framleis vere den mest ambisiøse klimastrategien i USA nokon sinne.

Biden vil gjere USA sin elektrisitetsproduksjon karbonfri innan 2035 og få landet til å oppnå netto nullutslepp innan 2050. Han har også lova å kreve eit globalt forbod mot subsidiar av fossil energi.

Her heime, på andre sida av dammen, har den norske regjeringa akkurat gitt oljenæringa historisk store skattefordelar og subsidiar. I staden for å bruke dei store statlege musklane på å satse på framtidsretta næringar og grønne arbeidsplassar, kastar regjeringa milliardar etter akkurat den bransjen me veit me må omstille oss bort frå. Gamle vanar er vonde å vende, for dei grå partia.

Vårt naboland Danmark har allerede vedteke å fullstendig avvikle si eiga oljeverksemd.

MDG meiner korona-skattepakka til oljeselskapa er diskriminerande mot andre næringar og inneber ulovleg statsstøtte, og tar no saka til Esa i Brussel.

Ei olje-nøtt i Arktis

Medan den gråblå Solberg-regjeringa insisterer på at å pumpe stadig meir CO2 opp i atmosfæren frå norsk olje er “trygt og sikkert”, og nettopp utlyste ei rekke nye leiteområde i nord, tek stadig fleire andre innover seg at klimakrisa allereie er i gong. Vårt naboland Danmark har allerede vedteke å fullstendig avvikle si eiga oljeverksemd.

Joe Biden ønsker eit moratorium i Arktis: Han ber alle landa i Arktisk råd bli med på eit felles midlertidig forbod mot oljeboring i desse sårbare områda. Dette er radikalt nye takter fra USA. Det inneber også eit heilt naudsynt og aukande press på Norge frå vår sterkaste og næraste allierte, for å komme oss ut av oljetåka.

Til no har Norge vore ein bremsekloss

Med Biden får Norge ein historisk moglegheit til å verkeleg bidra til endring i positiv retning, for klima og vår felles klode. Verdens mektigaste demokrati ynskjer no å jobbe for å finne løysingar. Norge er eit aktivt medlem i Arktisk råd, som har sitt sekretariat i Tromsø. Me har diplomatisk erfaring, også med den vanskelige balansegangen med forholdet og samarbeid med Russland.

Det er et stort engasjement for å verne Arktis mot oljeverksemd, både i EU og i USA. Men til no har Norge vore ein bremsekloss. Då forslaget om å kreve olje-stopp i Arktis blei diskutert i EU-parlamentet i 2017, jobba Solberg-regjeringa desperat saman med olje-lobbyen for å sabotere det, og dei lukkast.

Skal ei ny norsk regjering sitte i Arktisk råd og vere ein bremsekloss saman med Putin?

Framover vil norske regjeringar stå framfor fleire slike val: skal me stå på riktig side i kampen for trygge arbeidsplassar, omstilling, klimarettferdigheit, natur og kommande generasjonar? Eller skal me halde fram med å stikke hovudet i oljesand og vere på lag med Putin og fossil-lobbyistane?

Vil Ap støtte eit moratorium i Arktis?

Den gråblå Solberg-regjeringa ser ut til å ha bestemt seg for å setje oljeindustriens interesser framfor alle andre, noko Aftenposten sine avsløringar denne veka illustrerer. Helse og framtid er ikkje så viktig, når kortsiktig profitt er i spel.

Men vil Arbeiderpartiet og Senterpartiet vere like fossile? Skal ei ny norsk regjering sitte i Arktisk råd og vere ein bremsekloss saman med Putin? At det skal vere ein amerikansk president frå Delaware som skal verne norske havområder, burde vere ein heilt uutholdeleg tanke for einkvar norsk regjering.

25. konsesjonsrunde må no stoppast. Og MDG kjem til å fremme forslag i Stortinget om at Norge støttar eit olje-moratorium i Arktis. Det bør alle seriøse parti støtte opp om.

Eller vil Ap at det skal bli typisk norsk å bremse USA sin klimapolitikk?