FOTO: Gpoint Studio / Canva

Når tilliten til velferda står på spel

Tillit, var og er, helsevesenets juvel. Forsvinner tilliten til det norske helsevesenet, så raknar det.

I fjor haust vart eg sittande å sjå på Thomas Seltzers UXA om korleis USA har gått frå å vere eit land der folk har moglegheiter til å realisere den amerikanske draumen til å vere eit land med parallelle verkelegheiter, kraftig polarisering og stor vekst i ulikheit.

Og i desse dagar går Thomas Seltzer sin nye serie fattigdom i Norge for svært gode sjåartal. Det fortel ei historie om eit anna Norge og kva det er som står på spel no i dette valet.

Kvifor vente i eitt år med å fikse kneet, om du kan få fiksa det i løpet av eit par veker hos ein klinikk i byen?

Utviklinga i USA kom ikkje over natta, den har komme over år. Og det er høgrepolitikk som har ført USA dit dei er no. Og min påstand er jo at meir høgrepolitikk i Noreg fører oss i same utvikling som vi har sett i USA.

Eg fekk ein gong ha den store glede av å vere på eit foredrag med sosialmedisinaren og samfunnsdebattanten Per Fugelli om norsk helsevesen, og hans bodskap var at det viktigaste i norsk helsevesen var tillit. Tillit til at du faktisk fekk den beste behandlinga for den sjukdommen du hadde. At du bidrog etter evne gjennom skattesetelen og fekk etter behov når du trengte det.

Tillit, var og er, helsevesenets juvel. Forsvinner tilliten til det norske helsevesenet, så raknar det.

Det er samtidig ikkje berre ei sak om faktisk å prioritere velferd og fellesskap, det er samtidig ein kamp om verkelegheita.

Eg trekker frem helsevesenet, for det har det skjedd noko med tilliten til det offentlege når det å ha privat helseforsikring er så vanleg at du nesten vert framstilt som uansvarleg om du ikkje har det, og stadig fleire er blitt positive til private i helse og utdanning. Kvifor vente i eitt år med å fikse kneet, om du kan få fiksa det i løpet av eit par veker hos ein klinikk i byen?

Det skjer fordi ein må kutte i offentlege budsjetter, fordi ventelistene vart for lange, og fordi fagfolka rømmer frå alt for høgt arbeidspress, og sjukehusa må prioritere knallhardt. Og Høgres nylege forslag om hurtigspor for folk som er i jobb, ei eiga ordning kor sjukmeldte personar kan la seg operere på eit privat sjukehus på det offentlege si rekning, gjer ståa berre enda verre, ikkje betre.

Men sjukehusa er ikkje alene. Underskotet for heile den norske kommunesektoren vart i 2024 på 4 milliardar. Det vart varsla kutt over heile linja med prisvekst og auka kostandar.

Når bemanninga sviktar i norske kommunar, når vikarbudsjetta går til himmels, rekrutteringa stoppar opp og linjer på vidaregåande skule står i fare for å bli lagt ned, så fører det ikkje berre til harde tak i kommunestyra landet over, det fører også til at folk lurer på om dei heller vil bruke skattepengane sine på å velje private alternativ i staden.

Det vi treng er meir velferd og større overføringar, og mindre feilinformasjon.

For det er det som skjer når kuttpolitikken får virke over lengre tid, folk blir ikkje berre forbanna, dei mister også tilliten til heile det offentlege tilbodet.

Det er samtidig ikkje berre ei sak om faktisk å prioritere velferd og fellesskap, det er samtidig ein kamp om verkelegheita. For det er jo noko med fortellinga, når den faktiske kostnadsveksten i kommunane blir omtalt som overdådig overforbruk og at norske kommunar har «gått rett i luksusfella», slik ein KS-konsulent i ei NRK-sak i fjor haust omtalte det, og eg sjølv fekk høyre gjentatt to gonger i juni.

Kommuneøkonomien er ikkje skral fordi kommunane har «Louis Vuitton veske på forbrukslån frå klarna», kommuneøkonomien er skral fordi det er for lite pengar til kommunen, til heilt grunnleggande velferdstenester.

2024 vart eit kriseår for kommuneøkonomien. Og framleis er det anstrengt. Vi står no framfor eit skjebneval for den norske velferda og for omfordeling i dette landet. Da må vi omfordele frå dei sektorane og dei personane som går svært godt, og det er bankene og dei som har mest i dette landet.

Dei private aktørane, derimot, dei kan smile bredt om Erna og Sylvi vinn valet.

Denne sommaren kunne vi lese at mens 58 prosent av landets kommuner gjekk i underskot i fjor, tener altså DNB dobbelt, nesten tredobbelt så mykje berre i andre kvartal, som heile kommunenorge fekk i ekstramidlar før jul. Det berre viser at det er ikkje mangel på pengar i dette landet, det er mangel på fordeling.

Eg vert provosert når meldinga, ikkje berre frå KS-konsulenter, men også frå regjeringa (Kjersti Stenseng) er at kommunane må gjere den «hardeste jobben selv» og «prioritere knallhardt». For den føyer seg inn i ei historie om at vi lever over evne. Men vi levde betre før, kvar einaste gong høgresida styrer, klarer dei å kutte skattane meir enn det eit raudgrønt fleirtal klarer å reversere. Og for kvar periode blir det mindre å drive velferd for. Mindre til skule, til sjukehus, til helsetenester, barsel og eldreomsorg.

Det vi treng er meir velferd og større overføringar, og mindre feilinformasjon. Folk må ha tillit til at dei får mest igjen ved å bidra i dette spleiselaget av et fellesskap, og at det også gir best kvalitet og tenester over heile landet.

Nå er det stortingsval. Og vi står no ovanfor kanskje det viktigaste vegvalet for Norge på mange mange tiår. Skal vi sikre tilliten til fellesskapet og den offentlege velferda, så må det kraftigare lut til. Dessverre har Ap/Sp brukt perioden på å stramme inn og holde igjen, og no ser vi konsekvensane som en tsunami.

Noreg er heldigvis ikkje USA, men vi må ikkje vere naiv i møte med vår eigen ulikheitsutvikling.

Når kommunane og sjukehusa ikkje har blitt kompensert for kostnadsveksten, så ser vi at vi har mista medarbeidarar, drifta har blitt uføreseieleg og tenestene usikre. Dei medarbeidarne vi har mista i sjukehusa, er ikkje her lengre, dei som har forlete skulesektoren, kjem ikkje nødvendigvis tilbake.

Dei private aktørane, derimot, dei kan smile bredt om Erna og Sylvi vinn valet.

I USA har ulikheita gått så langt at det knapt er noko tillit igjen, ikkje berre til offentlege velferdstenester, men også manglande tillit til politi, rettsvesen og til slutt sjølve demokratiet. Noreg er heldigvis ikkje USA, men vi må ikkje vere naiv i møte med vår eigen ulikheitsutvikling.

Skal vi sikre tilliten til det aller beste med Norge med små forskjellar og sterke fellesskap, må vi sjå og evne å prioritere velferd og grunnleggande tenester når desse verkeleg står på spel.