Kvifor held vi fram med å prøve å stogge overforbruket av ressursar ved å appellere til individuell nøysemd, når det finst så mange politiske verktøy vi kunne ha teke i bruk?
Teknologisk effektivisering fører like gjerne til høgare samla forbruk som til lågare. Det er blitt påpeikt mange gonger, mellom anna av Kjetil Staalesen i denne kommentaren. Men oftast fører ikkje innsikta til stort anna enn innstendige oppfordringar til enkeltindividet om å begrense seg. Så også Staalesen: «Vi må se oss i speilet. Du og jeg. Og så må vi velge å stoppe, før vi er nødt.»
Tvert imot er det mogleg å skape eit betre liv for det store fleirtalet på kloden.
Men å ta personleg ansvar for å senke forbruket er mildt sagt ei utfordring når alle strukturar rundt oss er bygd for å auke det. Dersom vi meiner alvor med oppfordringane, trengst det politikk. Og den finst.
Kor mykje er tilstrekkeleg?
Internasjonalt får omgrepet sufficiency jamt meir merksemd, både i akademiske og politiske kretsar. Det har ikkje fått ei etablert norsk omsetjing, men lat oss enn så lenge kalle det tilstrekkelegheit. Så mange av krisene verda står overfor, ville blitt langt lettare å løyse om vi hadde eit mål om ikkje å bruke meir enn vi treng.
I byrjinga av juni lanserte The World Inequality Lab – forskingssenteret som huser Thomas Piketty og Gabriel Zucman mellom andre – ein omfattande rapport der hovudbodskapen er at verda ikkje er dømd til ukontrollert oppvarming, øydelegging av livsgrunnlaget og politisk ekstremisme.
Tvert imot er det mogleg å skape eit betre liv for det store fleirtalet på kloden, føresett at vi staggar forbruket og akkumuleringa av ressursar hos dei rikaste, og set tilstrekkelegheit i sentrum for politikken. Arbeidstidsreduksjon, endring i produksjonsmønster, elektrifisering og omlegging av drivstoff, og skattlegging av dei rikaste er mellom tiltaka dei foreslår.
Men rapporten frå Piketty-miljøet er slett ikkje banebrytande. I 2023 kom resultata frå eit stort europeisk prosjekt der forskarar og sivilsamfunnsorganisasjonar gjekk saman om å utvikle eit vegkart mot ei lågutsleppsframtid for Europa. Her vart energieffektivitet og utbygging av fornybar energi (dei to områda som norsk klimadebatt hovudsakleg dreier seg om) supplerte med politikk for tilstrekkelegheit.
I rapporten blir det konkludert med at Europa (EU + EØS-området) kan bruke 18 prosent mindre energi i 2030 samanlikna med 2019, og 55 prosent mindre i 2050. I same perioden kan Europa frigjere seg frå energiimport og klare seg med 100 prosent sjølvprodusert, fornybar energi – ein forlokkande framtidsvisjon sett mot bakgrunnen av energikrisene først Russland, og seinare USA og Israel, har påført oss.
Til samanlikning ser Noreg ut til å liggje sørgjeleg langt bakpå i desse debattane.
Den franske organisasjonen négaWatt, som koordinerte arbeidet, legg vekt på at ein av fordelane med tilstrekkelegheitstiltak er at dei kan settast i verk i dag, utan at vi må vente på teknologiske gjennombrot eller utbygging av infrastruktur som krev store naturinngrep. Dei er billege, medfører låg risiko og er ofte populære så sant dei blir gjennomførde på rettferdig vis. Nokre av verkemidla er allereie godt kjende frå norsk transportdebatt, sjølv om dei oftast blir innramma som effektiviseringtiltak og ikkje tilstrekkelegheitstiltak:
Ved å vri ein del av transporten over frå dei mest utsleppsintensive transportmidla (fly, bil), til mindre utsleppsintensive (tog, kollektiv og ikkje minst sykkel og gange) får ein ikkje berre ned utsleppa og energiforbruket, ein skapar også positive ringverknader som mindre luftforureining, mindre arealforbruk og betre framkommelegheit for mjuke trafikantar.
Samlar politiske verktøy
Dei viktigaste konklusjonane frå Clever-scenariet vart presenterte i ein artikkel i det anerkjende vitskaplege tidsskriftet Nature i 2024. Hovudforfattar av artikkelen, den tyske forskaren Frauke Wiese, leier eit stort tverrfagleg forskingsprosjekt på energitilstrekkelegheit. I kjølvatnet av Russlands åtak på Ukraina og den påfølgjande energikrisa, har forskingsgruppa hennar mellom anna publisert ein tilstrekkelegheitsstrategi for Tyskland, der dei undersøker korleis det tyske samfunnet både kan stogge overforbruket av ressursar og samtidig bli meir motstandsdyktig mot kriser, ved å introdusere politikk for tilstrekkelegheit på fire område: Bygg, mobilitet, landbruk/matproduksjon og forbruk.
Forskingsgruppa er også i ferd med å byggje opp ein database med tilstrekkelegheitstiltak som politikarar, forvalting og sivilsamfunn kan la seg inspirere av.
Og allereie før Russlands invasjon hadde forsking vist at vi, gjennom omfordeling og satsing på kollektive framfor private løysingar, kan dekkje grunnleggjande behov for alle menneske i verda med mindre enn halvparten av energiforbruket vi hadde i 2020.
Dermed uteblir både debatten og tiltaka.
Til samanlikning ser Noreg ut til å liggje sørgjeleg langt bakpå i desse debattane. Sjølv om tilstrekkelegheit så smått har funne vegen inn i forskingsverda (i skrivande stund ligg det ein søknad frå Sintef om å etablere eit senter for energitilstrekkelegheit på Forskingsrådets bord), så får temaet knapt politisk merksemd. Hausten 2024 lanserte rett nok regjeringa, med brask og bram, Noregs første nasjonale folkepanel, som ein del av arbeidet med stortingsmeldinga om Noregs oppfølgjing av berekraftsmåla. Dei 54 tilfeldig uttrekte medlemmane skulle diskutere korleis politikarane kan leggje til rette for eit meir berekraftig forbruk i Noreg.
Forslaga frå panelet var dei minst inngripande ein kan tenkje seg og handla stort sett om informasjonskampanjar og om å spørje bedrifter pent om å forlenge levetida til produkta sine, men ikkje eingong dette har fått noka politisk oppfølgjing, trass i at det er stor tverrpolitisk semje om at det norske ressurforbruket ikkje kan halde fram. I behandlinga av meldinga i Stortinget vart eit forslag om å be regjeringa vektleggje råda frå folkepanelet, og eit forslag om å be regjeringa lage ein handlingsplan for å redusere det materielle forbruket i Noreg, begge stemt ned.
Vil heller effektivisere
Då svenske forskarar for eit par år sidan undersøkte i kva grad tilstrekkelegheit kom til syne i den energipolitiske debatten i Sverige, fann dei at tilstrekkelegheit fekk forsvinnande lite merksemd samanlikna med energieffektivisering og utbygging av fornybar energi. Dei fann heller ingen mål om å redusere energiforbruket i absolutte tal, berre i relativ forstand. Energieffektivisering blir framstilt som miljøvenleg per definisjon, sjølv om det altså er godt kjent at effektivisering ofte fører til høgare forbruk og større miljøpåverknad.
Forskarane konkluderer med at politikarar unngår å diskutere tilstrekkelegheitstiltak delvis av frykt for folkeleg motstand, men hovudsakleg fordi tilstrekkelegheit blir oppfatta som å stå i motsetnad til Sverige sitt uttala mål om å oppnå økonomisk vekst og konkurransekraft ved å utvikle og eksportere «grøne» teknologiar – ein retorikk vi også kjenner att heimanfrå. Dette gjeld heile det politiske spekteret.
Vi kan nøye oss med «nok» når vi berre ser at andre også gjer det same.
Resultata frå Sverige har visse parallellar til Noreg: Før siste stortingsval undersøkte forskarar frå NTNU klima- og energipolitikken til dei ulike politiske partia. Dei fann at alle partia bortsett frå Venstre, Høgre og Senterpartiet var samde i at det materielle forbruket må reduserast. Men ingen hadde forslag til praktisk politikk for å gjennomføre det. Igjen var frykta for folkeleg motstand tydeleg, men samtidig er venstresida skeptisk til å lempe ansvaret over på enkeltindividet, medan høgresida er skeptisk til å gripe inn i folks forbruk gjennom statleg styring. Dermed uteblir både debatten og tiltaka.
Noko av det paradoksale er at samtlege parti også ivrar for å auke industriproduksjonen og etablere ny kraftkrevjande industri i Noreg. Det burde vere eit ideelt høve til å sparke i gang ein større debatt om korleis ein kan redusere forbruket av energi og ressursar i andre sektorar. Det er også grunn til å tru at frykta for folkeleg motstand er overdrive:
Til dømes viser ei analyse av alle europeiske folkepanel som har diskutert klimaspørsmål, at dei gjennomgåande ønskte seg langt fleire tilstrekkelegheitstiltak enn dei fekk i sine respektive lands klimapolitikk.
Mennesket er ikkje glad i det vesle ordet «nok», skriv Staalesen. Men det er ikkje nødvendigvis sant. Vi kan nøye oss med «nok» når vi berre ser at andre også gjer det same. Men då trengst det politikk.

Kommentarer