FOTO: NeONBRAND/Unsplash

Nytt flagg på Ap sitt skuleskip

Arbeiderpartiet har snudd i det som nok må vere lærarane si viktigaste kampsak dei siste åra. Er dette byrjinga på ei ny tid for skulepolitikken deira?

Det sat frykteleg langt inne, men no har Arbeiderpartiet snudd i det som nok må vere lærarane si viktigaste kampsak dei siste åra, kompetanseforskrifta for undervising, som krev ei viss mengd studiepoeng i dei teoretiske kjernefaga norsk, engelsk og matematikk.

Dette er strålande nyhende, sjølv om det for Arbeidarpartiet kjem eit stortingsval for seint. Med nye folk frå Arbeiderpartiet inne i Stortingets Utdannings- og forskingskomité, trur eg at å snu i denne viktige saka er byrjinga på ei ny tid for skulepolitikken deira.

Det er nok av gode hjelparar som vil ha eit skifte.

Mange har stempla lærarane sin motstand mot kompetanseforskrifta med tilbakeverkande kraft som motstand mot formell kompetanse. I røynda er det den tilbakeverkande komponenten vi har vore misnøgde med. Høyre har stått i bresjen for å trekke planter opp av jorda med tang, som hadde spirt heilt av seg sjølv med litt lys og vatn. Det er få yrkesgrupper som vidareutdannar seg so mykje som lærarane, heilt av seg sjølv. Kompetanseforskrifta vart ei løysing på eit problem som i utgangspunktet var konstruert.

Høyre sa sjølv at det var for å legge press på kommunane at denne tilbakeverkande krafta vart «hekta på» den originale kompetanseforskrifta. Einskilde lærarar var dermed Høyre sine gissel for å legge press på ein arbeidsgjevar som ikkje såg heilt poenget med kostbar kompetanseheving. Det er avgjerande at Ap finn andre verkemiddel mot kommunane, og gjev kommunane øyremerka midlar til å gjennomføre dei politiske vedtaka frå sentralt hald.

I røyndommen er vi dei same, medan dei vi har som førebilete, går ned i resultat.

Det er på tide at Ap blir trygge på seg sjølv, og utviklar ut ein politikk som er eit reelt alternativ til den vi har i dag. For å utvikle denne politikken bør Arbeiderpartiet lytte til folk som har den kompetansen dei sjølv ikkje har, og kanskje legge meir vekt på nettverk og fellesskap enn det vi har sett døme på dei siste åra. Det er nok av gode hjelparar som vil ha eit skifte, utan at det er eit skifte tilbake til «gode gamle dagar».

Den kulturelle sentralstyringa som vi hadde under Hernes, er ikkje ein gullalder vi skal rekonstruere. OECD sine modellar for kompetanse- og kompetanseutvikling har meir eller mindre fått dominere internasjonal skuleutvikling. OECD står bak den omstridde PISA-testinga, og medlemslanda sin frykt for å kome lågt på PISA-skåren, har gjort at dei fleste styrkar innsatsen på dei områda som blir testa på PISA, og let andre forvitre. Døme på det er fag som musikk og Kunst og handverk.

Denne PISA-fikseringen har gått på bekostning av nasjonale særdrag. Dette har diverre ikkje vist seg å vere ein suksess. Svein Sjøberg har peikt på at Norge sine styrka resultat i PISA er relative. Resultata våre er stabile over tid, medan OECD-gjennomsnittet går ned. Dermed ser det ut som vi har blitt betre. I røyndommen er vi dei same, medan dei vi har som førebilete, går ned i resultat.

Men vi kan ikkje få meir og mindre på ein gong.

Elles har vi for tida ei fagfornying på gong i skulen. Dette er kanskje det viktigaste som skjer. Heile planverket vert smidd om. Det einaste som er nokon lunde intakt er formålsparagrafen, som er den «øvste» erklæringa om kva som er skulen sitt oppdrag. Elles har vi fått endringar i opplæringslova som formålsparagrafen er ein del av.

Vi har fått ei nyskriving av Generell del av læreplanen, som og har blitt døypt om til «Overordna del av læreplanen». Vi har i haust fått det som kallast «Faglege kjerneelement» i dei fleste skulefaga. Vi har fått tre fagovergripande tema, som alle fag skal forplikte seg til. Desse skal neste år brukast som grunnlag for å endre kompetansemålplanane i alle fag.

nyhetsbrevet

I tillegg har eg høyrt rykte om at vi skal få noko som kallast «Vurderingstekst». Min personlege hypotese er at denne skal fylle noko av funksjonen til dei lokale læreplanane vi har i dag. Om du falt av i oppramsinga av desse komponentane, er det og ein sunn og legitim reaksjon på at vi har eit Babels tårn i full konstruksjon. Oppdraget til lærarane er pakka inn i eit språk som du må vere lærar for å skjøne, og det er heller ingen garanti at du skjøner det OM du er lærar.

Vi ender opp med ein bibelsk klump av eit planverk, noko som fordrar stor fortolkingskompetanse og aktiv bruk av lærarane om det verkeleg skal spele ei rolle. Samstundes har vi fått ideelle fordringar inn gjennom fleire ekspertrapportar, dei to viktigaste er nok Lærarrollerapporten og Ludvigsen-utvalet sin rapport.

Vi har allereie bak oss fleire år der det teoretiske planverket har vokse valdsamt. Samstundes er det forventningar om at vi skal innfri Ludvigsen-utvalet sin ide om «Djupnelæring», og det fordrar ein forenkling av planverket. Djupnelæring fordrar at vi arbeider med færre tema, men grundigare, og at vi set det vi gjer inn i ein meiningsfull samanheng. Vel og bra. Men vi kan ikkje få meir og mindre på ein gong. Fleire ord betyr fleire ord.

Lytt til dei reelle ekspertane.

Det hjelp ikkje om vi regulerer mengda med kompetansemål ned til halvparten av det som er i dag, utan at vi samstundes ser kritisk på kvalitetsvurderingssystemet. Dette inneheld alt som har med vurdering og måling å gjere, og blir i dag både brukt til læringsstøttande arbeid og til å styre oss.

Vi treng begge deler, men mange lærarar opplever at styringsdelen har tatt overhand, og at det er viktigare å sortere skular i «gode» og «dårlege» enn å hjelpe den einskilde elev til best og mest mogleg læring. Tida som vert brukt til å dokumentere resultat kunne vore brukt til å styrke det som vert målt.

Eg avsluttar med to «bør» til Arbeiderpartiet:

For det første bør Arbeiderpartiet ta eit initiativ til å styrke kompetansen sin på dette området, og lage seg ei kvalifisert standpunkt om vurderinga si rolle og omfang i skulen. Kva slag styring treng vi lærarar for å gje dei ei brei og god kompetanse å ta med seg inn i framtida? I tida framover er det viktig å «vere på», og ha eit ope og kritisk blikk på om denne fagfornyinga faktisk er ei forenkling som kjem læraren og eleven til gode. Til no er trenden at mindre betyr meir.

Dette løftet klarer de ikkje aleine.

Arbeiderpartiet bør dernest oppsøke kunnskap og gå i allianse med dei som er på mottakarsida av alle desse påboda og gode påfunna som strøymer ut frå direktorat, departement, storting og regjering. Å ta eit vitug standpunkt med omsyn til kompetansekrav er ein god start, men det er som ein reaksjon å rekne.

Det er kanskje eit stykke opp og fram til at Arbeiderpartiet kan gå frå å reagere på andre sin politikk til å agere ut frå sin eigen. Lytt til dei reelle ekspertane. Dette løftet klarer de ikkje aleine. Viser de tillit, får de tillit tilbake, og vi kan få etablert eit fellesskap som styrker og løfter elevane våre som heile, gode og produktive menneske. Dei skal trass alt betale pensjonane våre.

nyhetsbrevet