FOTO: Ap

Ap må levere på skule

Vi vil ha eit regjeringsskifte, men vi vil ikkje at skulepolitikken skal føle dei same linene som dei siste fire åra.

Den store skulepolitiske skuffelsen dei fire siste åra, er at Arbeiderpartiet har vore lunkne og tvitydige og på ingen måte i ei einskapleg opposisjon til sitjande regjering. Det var heller ingen briljante grep i det skoleløftet som dei kom med no rett før valet, slik at vi kunne blunka lurt til dei og kviskra “Luringar!”.

Valkampen står fram mest som redding av stumpar og parafrasering av tankar dei ikkje var først ute med.

Eg trur Arbeiderpartiet har lurt seg sjølv når dei ikkje har brukt tida forstandig på nokon måte, og valkampen står fram mest som redding av stumpar og parafrasering av tankar dei ikkje var først ute med.

Arbeiderpartiet si kontaktflate til lærarprofesjonen er i dag i stor grad ei sårflate som ikkje har fått høve til å gro.

nyhetsbrevet

Svik gode saker

For oss som står på utsida av partiet sitt indre liv, er det trist at partiet ikkje leverer på skule, som er ei kjernesak i valkampen. Vi skal, må og vil ha eit regjeringsskifte, men vi vil ikkje at skulepolitikken skal føle dei same linene som dei siste fire åra. Eg og mange med meg ønsker eit sterkare og modigare Arbeiderparti som vi kan stemme på og grunna skulepolitikken.

Det kan virke som om Ap trur dei er store nok på eigne bein, det er fleire døme på at dei svik gode saker heller enn å følgje opp andre parti sine forslag. Senterpartiet hadde til dømes eit framlegg i stortinget under budsjetthandsamingane om å avvise tilbakeverkande kraft for nye kompetansekrav for lærarane.

No kjem Ap med det dei kaller “SFO-reform”, som er til forveksling lik SV sin utskjelte heildagsskule.

Dette var dei ikkje med på, og med militær disiplin røysta samlege av Ap sine representantar mot å ta kompetansekrava til lærarane inn i budsjettforhandlingane.

Gjennomslag

I staden valde Trond Giske å levere Dok-8-forslag til Kirke-, utdannings- og forskningskomiteen, der vurdering av realkompetanse var sett opp som eit alternativ. («Dokument 8-forslag» er forslag frå ein eller fleire medlemmer av Stortinget, som må få fleirtal i komitéen før det kan gå til Stortinget for eventuelt vedtak.)

Framlegget var ikkje realitetsorientert med omsyn til gjennomføring og praktisk gjennomføring, og kom følgjeleg aldri ut av møterommet til komitéen. Spørsmål som kven som skal stå for realkompetansevurderinga, strategi og kostnad var ikkje ein del av forslaget. Då seier det seg sjølv at det er vanskeleg å få gjennomslag. Framlegget låg merkeleg nok godt an, men vart torpedert av Venstre, som ville redde dagen for sine borgarlege bestevener.

Arbeiderpartiet har og kopiert Høyre sitt “tidleg innsats”-konsept nesten ord for ord.

No kjem Ap med det dei kaller “SFO-reform”, som er til forveksling lik SV sin utskjelte heildagsskule. Kostnad, struktur, bemanning og innhald er heller ikkje her «gjennomlyst». Skulefritidsordning som ein «aktivitetsskole» inneber altso skulefri skule.

Alternativet

Dei vil framleis ikkje gjere noko med den tilbakeverkande krafta for kompetansemål. Sannsynlegvis fordi dei ikkje tør, eller har svelgt Høyre si framstilling av lærarmotstand som kunnskapsfiendtligheit med krok og søkkje.

Arbeiderpartiet har i motsetjing til lærarane ikkje tatt inn over seg at det går an å sjå det urimelege og juridisk tvilsame med ei tilbakeverkande kraft for denne forskrifta, samstundes som ein er for kunnskap som samfunnets viktigaste byggestein.

Her må lekser lesast og situasjonen skjønast. 38 000 lærarar i skulen venter, og
38 000 lærarutdanna i andre yrke undrar seg.

Arbeiderpartiets «SFO-reform» er til forveksling lik SVs utskjelte heldagsskole, skriver lektor Roar Ulvestad. FOTO: Bernt Sønvisen, Ap/Flickr cc

 

Arbeiderpartiet har og kopiert Høyre sitt “tidleg innsats”-konsept nesten ord for ord, med styrka lærartettleik og spesialpedagogiske “task force”, som skal berge stumpane av det dei udugelege barneskulelærarane ikkje får til.

Alternativet ville vere å kartlegge den faktiske lærar- og ressurssituasjonen i barneskulen, og sett inn skulebasert etterutdanning i lese- og skriveopplæring, dysleksiproblematikk og generelle/spesifikke lærevanskar. Kompetansen på det som er vanskeleg må sitja hos den som eleven ser mest til: læraren sin.

Alternativet her ville vere å sjå med opne auge på kva kompetanse dei ulike skuleslaga treng.

Vidareutdanningsregimet kjem til å halde fram i stort omfang med regjeringsskifte, utan at det er realitetsorientert. Utan at lærarane er høyrt. Med fullt press på skuleeigar.

Eit nytt stup i popularitet

I Bergen har vi om lag 2700 lærarar som har mindre enn lektorutdanning i studiepoeng. Vi har om lag 260 lektorar. Om vi hadde hatt 3000 lektorar over natta, er det berre å rekne på lønskostnadane. Det har KS gjort, og dei veit at lønnsutviklinga til lektorane kjem til å stupe når talforholda snur seg andre vegen, om ikkje frykteleg mange år.

Ungdom på veg inn i utdanning kjem til å sjå etter kva yrke som gjev best avkastning i forhold til studielengde, og læraryrket står føre eit nytt stup i popularitet når det blir eit lavtlønnsyrke samanlikna med andre yrke med masterkrav. Alternativet her ville vere å sjå med opne auge på kva kompetanse dei ulike skuleslaga treng. Eg skal garantere at barneskulen har meir bruk for lærarar med gode årseiningar i fleire fag, enn å ha spisskompetanse på berre eitt.

Opp på dette lover Ap fleire lærarar, som om motivasjonen for å bli lærar i befolkninga er ein konstant. Det er den ikkje, og det vil vi snart erfare på den harde måten.

PISA har gjort ein generasjon av politikarar til snøblinde teknokratar.

Det er ein gammal vits der ein pakistanar er på tur til heimlandet og dei spør korleis han har det. “Jau, han har det bra, bortsett frå at nordmenn har to vintrar: ein kvit og ein grøn. Den grøne er verst, for då slår dei av panelovnen.” På same måte har vi to borgarlege parti, eitt raudt og eitt grønt. Like kjølege er dei begge to. Omtrent like grøne og.

Instrumentell læring

Lyspunktet i det heile er ei vaken presse, aktive lærarar og flotte elevar, som i desse tider framhever sentrum i skulestormen, nemleg møtet mellom eleven og læraren. Dette er det største, og det som held oss gåande, trass all gibberish om “mer læring”, “Tidlig innsats” og “lære det de skal”. Ungdommen skal lære å bli vaksne, utan at ungdomstida deira skal vere skamfert av instrumentell læring.

Hadde Ap forstått skule og ikkje vore so redde for den kriseforteljinga dei sjølv har vore med på å skape, hadde dei fått stemma mi.

Vi skal vere trygge vaksne som gjev dei gode vilkår for personleg vekst, utdanning og danning. Det er heldigvis ein “back to basic”- røyrsle på gang som peikar på dette sentrale samspelet mellom ung og vaksen, som verken H eller Ap tør eller klarer å forholde seg til. PISA har gjort ein generasjon av politikarar til snøblinde teknokratar.

Hadde Ap forstått skule og ikkje vore so redde for den kriseforteljinga dei sjølv har vore med på å skape, hadde dei fått stemma mi. Den må gå til eit parti som har stått rakare i stormen, med ein heilskapleg kunnskaps- og skulepolitikk basert på at kunnskapsarbeidarar faktisk liker kunnskap.

Ved å bygge skole på svar fra elevene, kan vi etter hvert komme oss på rett spor, skriver Roar Ulvestad. FOTO: Dal skole/Frogn kommune/Flickr cc

Våg å stol på folk

I langkommentaren «Veien videre for skolen» i Morgenbladet 4. august opnar kunnskapsministeren med en fordekt kritikk av etterkrigstidens politikartype, den ikkje-akademiske politikar frå arbeidarkår med friske krigsminne: «Selv om særlig venstresiden i partiet rekrutterte intellektuelle, var det flere av Trygve Brattelis type. Han hadde bakgrunn som bygningsarbeider og skal ha spøkt med at de eneste to stillingene han kunne ha var budgutt og statsråd.”

Det Thorbjørn Røe Isaksen ikkje tok med, var at det var Bratteli si regjering som i 1972 stifta vårt første Miljøverndepartement. Kanskje vi treng ein ny generasjon med bratteliar, ikkje med krigserfaringar, men med erfaringar frå den nyfattigdommen, kulturelt, sosialt og økonomisk, som vi har fått under det tverrpolitisk velsigna nyliberalistiske regimet vi har i dag.

Det er nye klasseskile i full blomstring og mange gordiske knutar som må hoggast tvert av, av folk som ikkje er forblinda av nyspråk og eigne strategiske karriereval. Bratteli kom inn i regjering med krigserfaring og etterkrigstida sine utfordringar i ryggen. Vegen til sosial utjamning og klassemobilitet er framleis kunnskap og utdanning, for alle.

Kom heller ut i skulen og spør oss kor skoen trykker, kjære Arbeiderparti.

Ein av dei gordiske knutane er ein skulepolitikk som er i ferd med å stivne i den nyliberalistiske kriseforteljinga, som partia kappast om å løyse. Kom heller ut i skulen og spør oss kor skoen trykker, kjære Arbeiderparti. Og endå betre: spør elevane om korleis dei eigentleg har det. Om vi kan bygge skule på svara deira, kan vi etter kvart kome oss på rett spor.

Då kan ikkje Arbeiderpartiet halde fram med å stå for ein politikk som har drive oss inn i dette uføret. Våg å stol på folk. Få tillitsreformen ut av teorien og inn i røyndommen. Det haster.

Vi lærarar går snart til valurnene, og mange av oss ønsker å stemme på eit Arbeiderparti med den lærarsjela som høgresida har vist at dei manglar.

nyhetsbrevet