FOTO: Ole Berg-Rusten / NTB

Politiserande forskarar og brevet til Jonas Gahr Støre

Når forskarar går over til å bli politiske aktørar, må dei også kunne utfordrast på verknadene av, og klokskapen i, den politikken dei forfektar.

Nyleg har 200 norske «medlemmer av det vitenskapelige samfunnet» i Norge appellert til statsminister Jonas Gahr Støre om å «gjenopprette Norges klimalederskap». Dette kan etter forskarane sitt syn oppnåast ved å annonsere ein sluttdato for utvinning av olje og gass i samband med det kommande COP-møtet i Dubai. Kor vidt dette vil «gjenopprette» ei leiarrolle for Norge, som ein kanskje kan diskutere om Norge nokon gong har hatt, er rett nok litt uklart. Det som også er uklart, er om sluttdato for norsk olje- og gassverksemd vil ha anna enn symbolsk betydning i strevet etter å få ned dei globale klimutsleppa.

Det finst ikkje noko vitskapleg belegg for  at avvikling av norsk olje- og gassverksemd i seg sjølv vil bidra til reduserte klimautslepp.

Det som derimot er klart, er at med dette brevet går dei underskrivande forskarane ut av rolla som forskarar og over i rolla som politiske aktørar på område der dei ikkje har noko vitskapleg belegg for det kravet dei stiller. Dei 200 forskarane er ikkje åleine om å meine at det snarast bør setjast ein sluttdato for norsk oljeverksemd, men dette er politisk omstridd. Det er eit politisk, ikkje eit fagleg eller vitskapleg standpunkt. Men ved at underskrivarane går ut med oppropet som «medlemmer av det ‘vitenskapelige samfunnet’», blir det skapt eit inntrykk av at kravet er vitskaplege basert. Men det finst ikkje noko vitskapleg belegg for  at avvikling av norsk olje- og gassverksemd i seg sjølv vil bidra til reduserte klimautslepp. Dette er omstridd, og kritikarane vil hevde at det ikkje vil bety noko så lenge ei eventuell avvikling berre, på den eine sida fører til auka olje- og gassprisar og på den andre sida at andre aktørar fyller det tomrommet som Norge etterlet seg.

Så lenge verdsøkonomien veks, og så lenge det ikkje blir bygd ut nok utsleppsfri energi, vil etterspurnaden etter olje og gass vere der og eventuelt bli fylt av utvinning med større utslepp enn den norske. Saudi-Arabias tidligere oljeminister, sjeik Yamani, spådde som kjent at oljealderen nok vil ta slutt. Men liksom steinalderen ikkje tok slutt på grunn av mangel på stein, skal han ha sagt, like lite vil oljealderen ta slutt på grunn av mangel på olje.

Andre leser også: Nøktern og radikal klimapolitikk.

Dersom dei politiserande forskarane ville bidra til å få slutt på oljealderen, burde dei ut fra eit slikt resonnement heller engasjert seg i den politiske kampen for utbygging av utsleppsfri energi, og særleg massiv utbygging av kjernekraft. Men slike opprop ser vi ikkje. Tvert om fell dette oppropet inn i eit mønster der store delar av det norske forskarsamfunnet ikkje er i stand til å skilje mellom rolla som forskarar og rolla som politiske aktivistar. Eit anna utslag av dette såg vi for fem år sidan, hausten 2018, da framståande klima- og miljøforskarar slutta seg til oppropet fra ekstemistorganisasjonen Extinction Rebellion, erklærte samfunnskontrakten for broten, og skulde norske styresmakter for medvite å øydelegge naturen til fordel for kortvarig gevinst og privat profitt.

Her føyer også brevet fra dei 200 forskarane seg inn i eit større mønster der rike land forsøker å stå fram som klimavennlege ved å hindre fattige land i å utvikle sine energiressursar.

Når forskarar går over til å bli politiske aktørar, må dei også kunne utfordrast på verknadene av, og klokskapen i, den politikken dei forfektar. Det gjeld også politiske oppmodingar som er hengde på i bisetningar, og som det kan vere lett å oversjå i farten. Første avsnitt i brevet til Støre sluttar nemleg med følgjande bisetning: «…samt stoppe Equinors investeringer i nye olje- og gassprosjekter i utlandet.» I den grad denne delen av oppropet vil kunne bety noko, vil stans av Equinors investeringar i olje- og gassverksemd i utviklingsland (der Equinor førsts og fremst er involvert) vere eit (om enn lite) bidrag til å halde menneske i den fattige delen av verda nede i fortsatt fattigdom. Her føyer også brevet fra dei 200 forskarane seg inn i eit større mønster der rike land forsøker å stå fram som klimavennlege ved å hindre fattige land i å utvikle sine energiressursar. For eit godt år sidan vedtok såleis leiarane for verdas sju største økonomiar, G7-landa, å stoppe finansiering av fossilprosjekt i utviklingsland fra 2023. I 2021 vedtok den norske regjeringa å avvikle utviklingsprogrammet «Olje for utvikling».

Midlane skal alternativt gå til utbygging av fornybar energi. Det er vel å bra, men det skjer ikkje ei utbygging av fornybar energi i eit tempo som vil skape utvikling og få bukt med den verste fattigdommen i ein region som Afrika utan samtidig å utvikle dei store gassressursane som ligg u-utnytta på dette kontinentet. I våre dagar er nettopp Equinor saman med Shell i forhandlingar med Tanzania om utvinning av store gassressursar utafor den tanzanianske kysten. Her, i grensefarvatna mellom Tanzania og Mosambik, ligg det anslagsvis meir enn fire milliardar kubikkmeter naturgass som vil kunne gjere ein enorm skilnad for Tanzanias millionar fattige. Dersom eit land som Tanzania skal få til utvikling til beste for landets millionar fattige, trengs det meir energi til utbygging av vegar, jarnbane, velferdstenester, kommunikasjonar og transport. Kort sagt, til det meste. Og her er først og fremst gass eit langt betre alternativ enn kol.

Det skjer rett nok ei betydeleg utbygging av fornybar energi også i Afrika, men heller ikkje i Afrika skin sola om natta. Utbygginga av fornybar energi treng også her balansekraft, og da er naturgass eit langt betre alternativ enn til dømes kol. Dette skulle vere vel kjent fra Europa. Men samtidig som nordmenn tener seg rike på å eksportere gass til Tyskland, og Tyskland kjenner seg tvinga til å opne nye kolkraftverk for å balansere utbygginga av sol- og vindkraft, går 200 norske forskarar inn for å hindre land som Tanzania i å ta i bruk sine gassressursar.

Fyring og oppvarming med tradisjonelt biobrensel er ansvarleg for fleire dødsfall i utviklingsland enn malaria, tuberkulose og HIV/AIDS til saman.

I ein interessant artikkel i tidsskriftet Nature, peikar Vijaya Ramachandran på ei anne side ved kva gassressursane kan bety for land som Tanzania. Dei som har det minste kjennskap til den fattige landsbygda i utviklingsland, som til dømes Tanzania, kan lett sjå for seg lange rader av kvinner med tørre greiner og stokkar på hovudet. Dei kan ha gått kilometervis for å sanke brensle til klesvask, reingjering og matlaging, ofte innadørs i røykfylte rom. Den andre viktige energikjelda for desse kvinnene er trekol. Begge formene for brensle bidrar på den eine sida til forureining innadørs og på den andre sida til avskoging som bidrar til store klimautslepp.

Les også: Klimakamp er klassekamp.

På verdsbasis er om lag 2,5 milliardar menneske avhengige av koking og matlaging over open varme innadørs. I følgje WHO døyr om lag 3,8 millionar menneske kvart år av sjukdommar som heng saman med innadørs luftforureining. Mykje av dette nettopp på grunn av slik fyring. Fyring og oppvarming med tradisjonelt biobrensel er ansvarleg for fleire dødsfall i utviklingsland enn malaria, tuberkulose og HIV/AIDS til saman. Dette er også noko som først og fremst går utover kvinner og unge jenter.

Rask utbygging av sol- og vindenergi, vasskraft og kjernekraft er viktig, og mykje skjer. Eit enkelt og fleksibelt alternativ til tradisjonelt biobrensel i utviklingsland er likevel LPG-gass, som propan. Som vi veit fra vår eiga grilling på terrassen om sommaren, kan energien her fordelast til det einskilde hushald utan utbygging av anna infrastruktur. Det som trengs er ein gassbrennar. LPG er rett nok eit petroleumsprodukt, men det slepper ut 33 prosent mindre CO2 per varameeining enn kol, og 12 prosent mindre enn olje. Ein massiv overgang fra tradisjonelt biobrensel til gass og LPG ville med andre ord også bidra til å få ned utsleppa. Det er rett nok dei reelle utsleppa. I den globale klimarekneskapen er den biobrensel, som kvart år er skuld i millionar premature dødsfall, rekna som fornybar energi, og utsleppa tel såleis ikkje i den globale klimarekneskapen. På den andre sida er LPG-gass nesten reintbrennande og slepper ut minimalt med kolpartiklar (sot, eller «black carbon»), som er det utsleppet på verdsbasis som etter CO2 truleg bidrar mest til den globale oppvarminga.

Klimaendringane er eit stort og truande problem, men det er ikkje verdas einaste store problem.

Verda står ikkje berre overfor eit klimaproblem. FN formulerte i 2015 17 såkalla berekraftmål, der nummer sju er å sikre tilgang til rimeleg, påliteleg og moderne energi for alle innan 2030. Det er behov for om lag 4,5 milliardar dollar årleg for å sikre verdas fattige tilgang til slik påliteleg og moderne energi, så som LPG, som er eitt av dei mest fleksible og nærliggande alternativa. Her kunne det truleg oppnåast gode resultat raskt med rett finansiering. Så langt er berre tre prosent av denne finansieringa kommen på plass fra rike land. Her kunne Norge (og andre rike land) ha eit meir nærliggande og konstruktivt alternativ enn å gjere sitt beste for å legge hinder i vegen for at fattige land kan få utvikla sine eigne gassressursar som både kunne bidra til kampen mot fattigdom og sjukdom, men også faktisk kunne bidra til reduserte globale klimautslepp.

Forskarar skulle vere dei første til å vere i stand til å halde to tankar i hovudet samtidig. Klimaendringane er eit stort og truande problem, men det er ikkje verdas einaste store problem. Det er også fattigdom i store delar av den tredje verda, og ei rekke andre alvorlege utfordringar som verda står overfor. Størst er utfordringane i Afrika, men også her skjer det mykje positivt som vi sjeldan høyrer om. Eit einøygd perspektiv på klimaproblemet som verdas einaste store problem som trumfar alt anna, er heller ikkje klimapolitikken tent med. Utfordringa for rike land burde ikkje vere å hindre fattige land til å ta i bruk energiressursane sine, men bidra til ei balansert utvikling av ein kombinasjon av energikjelder med større sjanse til å skape ei meir berekraftig utvikling.