FOTO: Terje Pedersen / NTB

Klimavalkampen som aldri kom

Vi treng ein diskusjon om korleis vi kan løfte dei politiske skillelinene i klimadebatten.

Det var ein sommar i klimaendringanes teikn. Eg fløy til Hellas med dårleg samvit over eigen flybruk, men koste meg i varmen. Mindre kos var det for dei som kom ein månad etter oss. Ein ven og familien hans var halvvegs i ferien då dei måtte evakuerast med buss midt på natta frå flammer som kom litt vel nærme. Det vi såg av bilete frå Hellas dei dagane var dystopisk – folk som evakuerte seg sjølv lange avstandar gåande med trillekoffertar om natta. Nokon måtte trekke ned til brygger og bli redda med båt.

Det illustrerer det urettferdige i klimaendringane – dei treff alle.

Så kom Hans til Noreg. Store skadar fulgte. Det er nok travelt hos forsikringsselskapa no. Og i Libya veit vi ikkje ein gong kor mange som døydde då dei blei ramma av storm, styrtregn og flom i førre veke, men det kan vere snakk om fleire titusen som mista livet.

Det illustrerer det urettferdige i klimaendringane – dei treff alle. Men dei rikaste landa er bygd på vis som rustar dei betre til å møte dei. Her i Noreg får vi vatn i kjellarane, men få dødsfall. I Hellas var norske turistar vant til ein velferdsstat som passar på dei, men blei møtt av kaoset som naturleg nok oppstår i eit mindre rikt lands møte med ein uventa situasjon. Det er likevel ein større skilnad til Libya. Folk i fattige land har mindre beskyttelse når ekstremvêret kjem. Då blir dødstala store. Det trengst store grep og solidaritet for å forebygge desse katastrofane.

Vi veit at sommaren 2023 sannsynlegvis vil vere mindre varm enn somrane som kjem. Vi veit at vi får meir ekstremt vêr, og vi må ruste oss for at dette skjer oftare. Sjølv om vi klarer å nå 2-gradarsmålet, vil utgiftene til klimatilpassing og rydding etter ekstremvêr ta ein stadig større del av statsbudsjettet. Klimaendringane vil altså bli ein stadig større del av norsk politikk dei neste tiåra, både på den eine og den andre måten.

Klimadiskusjonen blir i staden gjort til eit spørsmål om veljarens identitet – er du opptatt av klima på Greta Thunberg-måten eller teknologioptimist-måten?

Difor er det alvorleg at årets lokalval ikkje var eit val der klima verka særleg sentralt. Nesten alle snakka om klima som viktig då dei fekk spørsmål om det. Men det blei ikkje eit klimaval.

Eg er ikkje valforskar og veit ikkje sikkert kva som gjorde at det blei sånn. Men eg har nokre tankar.

Ein av dei er at miljødebatten i norsk politikk kan kanskje bli forstått litt som eit litt forvridd «ulv, ulv»-eventyr. Når alle (med unntak av Industri- og næringspartiet og Frp) seier at klimatiltak er viktig, kan det for den jamne veljar bli vanskeleg å sjå forskjell på partia. Då er det vanskeleg å vite om det eigentleg ligg reelt god klimapolitikk gøymt under slagorda, akkurat som det var vanskeleg i eventyret å vite når det kom ein ulv.

Klimadiskusjonen blir i staden gjort til eit spørsmål om veljarens identitet – er du opptatt av klima på Greta Thunberg-måten eller teknologioptimist-måten? Denne valkampens klimadebattar sklei fort over i debattar om identitetspolitikk og moralisme, om det er rett eller galt å ha kjøt på tallerkenen.

Denne, på overflata, utviskinga av forskjellar mellom partia i syn på kor viktig klima er og utgliding over på identitetskamp, kan ha bidratt til å apolitisere heile spørsmålet.

Partia bør møtast med meir kritisk miljøjournalistikk rundt eigne planar.

Går ein derimot inn i den konkrete politikken til kvart enkelt parti, ser ein at det er store politiske forskjellar i klimapolitikken. Vurderer ein dei ulike alternative budsjetta til partia i eit klimakutt- og naturperspektiv, ser ein at dei er veldig ulike. Framtiden i våre hender la i valkampen fram ei rangering som viste kor ulikt norske kommunar gjorde det i arbeidet med å kutte utslepp. Her var det eigentleg grunnlag for å ha ein reell diskusjon om kor langt dei ulike partia vil strekke seg for å nå klimamåla, men debatten kom aldri skikkeleg i gong.

I naturpolitkken vil nokre parti vil ha tut og køyr i motorveg- og hyttebygging, mens andre seier stopp. Men forskjellane bryt ikkje heilt gjennom lydmuren.

Ein annan tanke er at media, og vi som jobbar i tankesmier, bør tenkje nytt rundt korleis ein møter partias løfte om at dei tar klima på alvor. Er det eit slagord med reelt innhald, og reelle planar som går inn i alle dilemma som følger med å stå for eit klimatiltak, eller er det luft? Aksjesaka til Erna Solberg og Sindre Finnes har lært oss at vi ikkje alltid kan ta politikaranes ord for god fisk. Skepsis til å berre tru på politikaranes fine ord kan godt kome inn i miljødebatten også. Partia bør møtast med meir kritisk miljøjournalistikk rundt eigne planar. Luftslott bør bli møtt med ei litt skarp nål, sånn at dei reelt gjennomførbare forslaga får bli ståande med realismen dei har.

Klimadebatt blir stadig meir komplisert.

Kanskje burde også regjeringa og partia rundt lære av koronaperioden. Folk er viljuge til å strekke seg langt om kriseforståinga er der. Kvifor ikkje starte med jamnlege pressekonferansar som seier noko om status på klimakutt og klimatilpasning, kvartal for kvartal? Kvifor ikkje seie tydelegare kva som skil eit parti frå dei andre?

Klimadebatt blir stadig meir komplisert. Elektrifisering på Melkøya-diskusjonen er eit godt eksempel på det. Det er ikkje lett å følgje med på.

Men klimaendringane er her for å bli. Og mange veljarar er urolege for framtida som møter oss. Dei fortener ein partipolitikk som møter klimaet med det alvoret som er, og ei kritisk omverd som klarer å skilje luftige løfte frå reell prioritering. Kanskje kan det hjelpe oss med å gi klimaet den merksemda det fortener.

Eg sit ikkje med fasiten her. Men eg sit med mykje uro. Og eg er sikker på ein ting: 2025 må bli eit klimaval.