FOTO: Philip Jahn / Unsplash

Det personlege er klimapolitisk

I sommar skal me på ferie til Hellas. I fly. Eg gler meg og har klump i magen på ein gong.


Ein del av meg er sånn barnsleg glad for denne ferien. Eg hugsar sjølv min fyrste sydentur frå eg var 7 år. Verda såg heilt annleis ut enn heime. Det var armringar, varmt hav, palmer og banansplit til dessert. Sjølvsagt vil eg at min eigen son skal få oppleve det same no når han er like gamal.

Samtidig fyller denne ferien meg med andre kjensler og tankar. For kva med klimaet?

I vinter var det bilete i avisa av tomme butikkhyller i Storbritannia. I mars hadde dei rasjonering på salat, agurk og grønsaker. Årsakene var fleire, som høge straumprisar for grønsaksprodusentar og at Brexit gjer det dyrare å sende varer til britiske butikkar. Men det var også klimaendringar, som flom i Marokko og hetebølge etterfulgt av uvanleg vinterkulde i Spania. Tenk det.

No er det uvanleg tørt i Europa, og det vil kunne ramme matproduksjonen framover. Verda har rekordmange flyktningar på flukt i eige land, og klimarelaterte hendingar som flom, tørke og matmangel er ei sentral drivkraft bak dette.

Denne sommaren skal bli ein veldig varm sommar. Eg gruar meg til klimaangsten som kjem snikande.

Mange av oss er vante med å tenkje på klimaendringar som noko som skal kome, ikkje noko som er her og no. Eg trudde mangel på mat skulle vere synleg i butikkhyllene på eit eller anna tidspunkt, men ikkje før om nokre tiår. Men det skjer no. Og det sett i gong vanskelege avvegingar for oss alle.

Ein rapport som kom tidlegare år, frå World Inequality Lab, viste korleis dei fattige landa får ein trippel byrde. Dei har minst utslepp av klimagassar, men får dei største kostnadene med klimatilpassing og krisehandtering, samtidig som dei har minst pengar å bruke på det.

Klimaendringane rammar djupt urettferdig. Alle me som bur i rike land har eit ekstra ansvar for å tenkje på kva me kan gjere med det. Me kan alle bli grønare. Men kor går grensa mellom personleg og kollektivt ansvar?

A-magasinet hadde nyleg ei samlivsspalte med eit innsendt spørsmål frå ein som stiller spørsmål ved eige livsval. Hen og partnaren har valt å avgrense flyging kraftig og ta store grep i livet fordi klimaendringane er så alvorlege. Men det gjer noko med dynamikken med venene deira når dei andre ikkje gjer dei same ofra, men fortsett som før og koser seg vidare. Det gir store kontrastar i livsførsel og blir eit gnagsår i relasjonane.

Det kan også vere litt vondt å sjå enkeltpersonar ofre ting som er viktige for seg for den gode sak.

Eg slepp heldigvis å svare på det innsendte spørsmålet, og veit ikkje kva som er rett.  Eg grublar stadig sjølv og veit framleis ikkje om eg kan forsvare det om 30 år at eg valte å fly til Hellas på sommarferie hetesommaren 2023, etter hetesommaren 2022.

Men eg har nokre tankar om forholdet mellom individuelt og kollektivt ansvar. Eg har sett folk eg er glad i legge om livsstilen ganske radikalt for å bli meir miljøvenlege. Det er motiverande og inspirerer meg til å følgje etter. Men det kan også vere litt vondt å sjå enkeltpersonar ofre ting som er viktige for seg for den gode sak, samtidig som det skjer for alt lite i den nasjonale politikken. Det gir litt mindre motivasjon til å strekke seg lenger.

Det hadde vore til hjelp å sjå meir av den same sjølvransakinga hjå dei gråaste av partia våre når dei har sett at me ikkje er i rute til å nå klimamåla. Kvifor ser me ikkje dei på TV, beklagande og insisterande på at ting skal bli annleis neste gong? Kvifor er klimasaka prega sånn av individuell sjølvpisking og for lite kollektiv handlekraft?

Naboar snakkar no om elsykling til jobb som det mest praktiske alternativet i kvardagen, gjerne med eit barn eller to i ei sykkelvagn.

På den lyse sida skjer det også veldig gode ting no. Mange av oss gradvis har gått over i ein meir miljøvenleg kvardag utan at det har kosta oss så mykje – det er ganske lett å ete mindre kjøtt og samtidig kose seg med god mat. Gjenbruk er langt meir populært enn storsal på H&M i min Instagram-straum.

Naboar snakkar no om elsykling til jobb som det mest praktiske alternativet i kvardagen, gjerne med eit barn eller to i ei sykkelvagn. Dette er tiltak som er bra for verda, men som også gir gode kvardagar. I Oslo har det raudgrøne byrådet gjennomført tiltak som har kutta 30 prosent av byens utslepp sidan 2009. Det viser at dette er mogleg, og at det grøne skiftet gjennom politisk handlekraft kan gi betre kvardagar for mange, og til og med vere litt gøy, om det blir gjennomført på sosialt rettferdig vis.

Men gøy og rettferdig er ikkje ord eg vil bruke om at regjeringa i førre veke utlyste 92 nye blokker til leiting etter olje og gass. Avmakt og provokasjon er kanskje betre ord. For kva skal dei av oss som vil endre norsk oljepolitikk gjere no, når FNs generalsekretær allereie har brukt dei sterkaste orda han har og bedt alle land slutte med leiting etter olje og gass, men fleirtalet i norsk politikk berre vil fortsetje som før? Greta Thunberg har allereie starta ei stor bevegelse av skuleelevar som streika for retten til ei trygg framtid. Det dominerte overskriftene, likevel var heller ikkje nok til å bidra til eit større skifte i dei store partias oljepolitikk. Kven skal få dei til å endre syn då?

Denne sommaren skal bli ein veldig varm sommar. Eg gruar meg til klimaangsten som kjem snikande kvar gong det skjer. Men kanskje kan ein varm sommar kan gi ei politisk flodbølge av klimaengasjement som kan spele inn i lokalvalet. Då kan kanskje partia som har realistiske planar for miljøvenlege kommunar og fylke vakse og få meir sentrale posisjonar. Og stortingspolitikarane kan skjønne at det som skal til for å vinne i 2025 er konkrete, handfaste svar på korleis me går til nullutsleppsamfunnet saman.

For det er meir motiverande å legge om eige liv dersom ein er del av eit større fellesskap som drar i same retning.