FOTO: Terje Pedersen / NTB

«Det var ikke restskatt med Erna Solberg»

Det må vere lov å snakke sant om dei dårlege målingane for Ap og Sp: Årsaka er økonomien. Alt anna er detaljar.  

10. juli hadde eg første dag av ein trevekers sommarferie, og vart vekt av plinget frå ein SMS: «Jeg forventer at Ap og Sp tar opp restskattesaken på Stortinget i morgen. Det var ikke restskatt med Erna Solberg.»

Avsendaren var ein av mange veljarar eg har kontakt med via jobben. Kvelden før hadde eg høfleg maila han at restskatt var noko han måtte ta med skatteetaten. Så hadde han fått ferie-autosvar med mobilnummer, derfor SMS. Og eit siste svar frå meg, der eg viste til at sjølv om han hadde fått restskatt for første gong, så hadde 820.000 nordmenn fått det for 2019, det siste Solberg-styrte normalåret.

Vi kan smile, men opplevinga hans av at ting var betre før, var reell. Han hadde ikkje fått restskatt med Solberg. No fekk han det. Vanlege folks tur, my ass.

I Noreg har vi ikkje hatt nemneverdig inflasjon sidan 1980-talet.

Sjølv om dei færraste rettar sin restskatt-frustrasjon mot ei sitjande regjering, er det annleis med raskt stigande levekostnader. Dei som ikkje forstår kva dette betyr for politisk stemning, må lese seg opp. På historie, på revolusjonsteori, på psykologi.

Folka i Bill Clintons 1992-valkamp forstod det. På veggen i hovudkvarteret hang ein lapp: «The economy, stupid». Ingen måtte gløyme det basale. Marx ville ha nikka.

Brødprisen var underliggande årsak til den franske revolusjon og den arabiske våren. I 2019 utløyste prishopp på drivstoff opprør i Iran. Og Torbjørn Røe Isaksen skreiv i sommar ein god artikkel om bakteppet for høgrebølgja som gav oss Thatcher, Reagan og Willoch: inflasjonen i kjølvatnet av 1970-talets energikrise.

Revolusjonsteorien til den amerikanske sosiologen James C. Davies, burde òg vere kjent for dei som syslar med politisk analyse: Revolusjonar oppstår ikkje først og fremst fordi folk har det fælt, men når det kjem eit brått sprik mellom forventning og realitet:

“Revolutions are most likely to occur when a prolonged period of objective economic and social development is followed by a short period of sharp reversal.” (Davies, 1962).

I Noreg har vi ikkje hatt nemneverdig inflasjon sidan 1980-talet. Folk har gjennom tiår opplevd årleg kjøpekraftsauke. Forventninga blir sjølvsagt deretter. Davies er død, men hadde neppe slitt med å forklare regjeringspartias spektakulære målingsfall.

Nordmenn har òg eit anna forhold straum.

Til gjengjeld er det mange som gjer akkurat det, og ein gjengangar er Danmark og Sverige: Viste ikkje valframgangen for dei sosialdemokratiske regjeringspartia der, at Arbeidarpartiet her heime – med enkle grep – kunne ha styrka seg under dei rådande forholda? Svaret på det er nei.

Ein fundamental skilnad på Noreg og alle andre demokratiske land, inkludert våre naboar, er at staten er steinrik, og at folk veit det. Færre ser at ein stat – ulikt ein privatperson – må ta omsyn til prisar og rente, ikkje berre kva ein har i inntekt og formue, når pengar skal brukast. Covid-erfaringa med milliardpakkar for å døyve alt ubehag, har ikkje gjort det enklare.

Nordmenn har òg eit anna forhold straum. Verken danskar eller svenskar har vasskrafthistorie og billeg straum som del av sin nasjonale identitet. Dei er tvert imot vande med å slå av lyset når dei forlèt eit rom.

Ser vi nærare på situasjonen for Sveriges Magdalena Andersson og Danmarks Mette Frederiksen, finn vi òg nokre openberre forskjellar.

Andersson fekk privilegiet å vere landets leiar under eit folkeleg-emosjonelt jordskjelv: Sverige inn i Nato, ei plutseleg oppgiving av den nasjonsdefinerande nøytralitetspolitikken som følgje av Russlands aggressivitet.

Danmark og Sverige kan ikkje brukast til å bortforklare den openberre hovudårsaka til målingane for Ap og Sp.

Frederiksen kunne gå til val med tre og eit halvt års fartstid som statsminister. Først åtte-ni normale månader, tid til å bli varm i trøya, få merksemd om det ho leverte av arbeidar- og distriktsvennleg politikk, og sette seg i folks medvit som landets øvste sjef. Så privilegiet å få vere nettopp det i koronaens startfase, då folk kjende uro og flokka seg bak leiaren.

Vi skal òg hugse at det er resultatet av valkampinnspurtar vi samanliknar våre heimlege målingar med. Rett før folketingsvalet lova Frederiksen ei markant månadleg lønsauke til dei tilsette i dansk helsevesen – over 100.000 veljarar.

Sist, men ikkje minst: Begge konkurrerte mot eit borgarleg kaos, med svake eller uklare motkandidatar som statsminister. Slikt spelar stor rolle i valkampinnspurt, i mindre grad elles. Ap-triumfen i 2009-valet handla ikkje berre om finanskrisa og rommet denne gav for ekstra oljepengebruk, men òg om borgarleg kaos.

Summert opp: Danmark og Sverige kan ikkje brukast til å bortforklare den openberre hovudårsaka til målingane for Ap og Sp:

Ein global – og norsk – post-covid-inflasjon som saman med europeisk energikrise har gitt kraftig stigande prisar på straum, drivstoff og mat. Fall i kjøpekraft for første gong på fleire tiår. Stigande renter.

Og ein situasjon der alle som verkeleg lyttar til folket, høyrer at det folk – av forståelege grunnar – ber om, er grep som ville heve renta endå meir, gitt noverande situasjon.

Problemet med hovudforklaringa er ikkje at ho er feil, men at ho er kjedeleg.

Regjeringa fekk aldri etablert seg før ting eksploderte. Snittmålingane viser at stupet kom frå november til desember 2021 (Pollofpolls). Altså samtidig med det store hoppet på straumrekninga.

Dårlege målingar avlar dårlege målingar og intern uro. Mengda innfridde valløfte på arbeidsliv, velferd, omfordeling og distrikt, drukna i straumprisdebattar og populistfest i alle kanalar.

Problemet med hovudforklaringa er ikkje at ho er feil, men at ho er kjedeleg. Mange vil derfor peike på det som er meir spennande. Og for all del: Med perfekt kommunikasjon og ingen småfeil begått, kunne regjeringspartia sikkert ha skåra 1-2 prosentpoeng høgare. Debatten hadde uansett vore den same.

Om kort tid skal målingsvinnar Høgre for første gong vise kva landet hadde fått med Erna Solberg i noverande situasjon. Sjeldan har eit alternativt budsjett vore meir interessant.

Enn så lenge flyg partiet høgt på saknet etter ei tid då straumen var billig og renta låg. For nokon var det heller ingen restskatt.