FOTO: Ole Berg-Rusten / NTB Scanpix

Samnangerrapporten: barnevernskritikk av låg kvalitet

Den 1. mai nådde kritikken mot førstelinja i norsk barnevern eit absolutt lågmål. Samnanger kommune vurderer erstatningssøksmål i 30-40 millionarsklassen mot tidlegare tilsette.

Det gikk ordføraren ut med i media. Bakgrunnen var ei gransking der advokatane Thea Totland og Geir Kjell Andersland hadde undersøkt tre barnevernssaker som pågjekk i tidsrommet 2003 til 2013. I to rapportar retta dei sterk kritikk mot barnevernstenesta i Samnanger si handsaming av sakene.

I rapportane, publisert på kommunen sine nettsider, brettar dei ut dei mest sensitive personopplysningar

I rapportane, publisert på kommunen sine nettsider, brettar dei ut dei mest sensitive personopplysningar. Det handlar om seksuelle overgrep, vald, konfliktfylte samlivsbrot, medisinbruk, diagnosar, institusjonsopphald og seksualisert åtferd. Opplysningane er knytt til lett identifiserbare foreldre, steforeldre, barn og besteforeldre.

Samnanger kommune har, i fylgje granskingsrapporten, innhenta berørte partar sitt samtykke til at granskinga vert gjennomført og at sakstilhøva vert gitt att anonymisert i rapporten. Mange av dei som bur i Samnanger-området vil likevel lett kunne lese seg til kven dei ulike opplysningane gjeld.  Fylkesmannen i Hordaland påla først Samnanger kommune å fjerne rapporten frå sine nettsider. Seinare opplyste Fylkesmannen at kommunelova ikkje gav heimel for slik kontroll. Rapporten ligg dermed framleis ute.

Fylkesmannen i Hordaland påla Samnanger kommune å fjerne rapporten frå sine nettsider

Sakene vakte lokalt engasjement allereie i åra då dei pågjekk. Engasjementet kulminerte i februar 2013, med eit fakkeltog mot barnevernet i kommunesenteret Tysse. Kommunen tinga etter dette ei gransking av barnevernstenesta frå advokatfirmaet Kyrre. Den vart levert på slutten av 2013.

Også i denne rapporten vart det funne grunnlag for kritikk, mellom anna for lite skrifteleg dokumentasjon, dårleg samarbeid med andre kommunale etatar og ei akuttplassering. Det vart derimot ikkje funne grunnlag for den alvorlegaste kritikken som no vert sett fram; For dårlege hjelpetiltak og urettmessig omsorgsovertaking.

Det vart derimot ikkje funne grunnlag for den alvorlegaste kritikken som no vert sett fram

I 2013-rapporten vart det ikkje berre sett fram kritikk mot Samnanger kommune si barnevernsteneste. Det vart også sett fram kritikk mot kommunen som arbeidsgjevar. Kyrre-advokatane konkluderte med at kommunen ikkje tok vare på dei tilsette i barnevernstenesta sitt psykososiale arbeidsmiljø medan det storma som verst i media og bygda. I kjølvatnet av dette la Samnanger kommune ned barnevernstenesta si og inngjekk eit interkommunalt samarbeid med Bergen. Barnevernssaker frå Samnanger vert i dag handsama av barnevernstenesta i Åsane og Arna.

Delar av det politiske miljøet i Samnanger kunne openbert ikkje slå seg til ro med konklusjonane i 2013-granskinga. Kommunen gav Totland og Andersland i oppdrag å gjennomføre ei ny gransking, mellom anna for å undersøke om nokon av dei involverte burde få oppreising. Kommunestyret fann konklusjonane i dei nye granskingsrapportane så alvorlege at det betalte oppreisning til barna og to fedre.

I fylgje ordføraren håpar han at kommunen kan få att delar av dei 30 – 40 millionane

Problemet er at dei ikkje avgrensa seg til det, men også har bedt Advokatfirmaet Elden om å vurdere om det er grunnlag for erstatningskrav mot tidlegare tilsette. I fylgje ordføraren håpar han at kommunen kan få att delar av dei 30 – 40 millionane han estimerer at dei tre barnevernssakene har kosta skattebetalarane.

 

Eit slikt søksmål vil sakne sidestykke i norsk rettshistorie, og det ville ha vore sensasjonelt om det hadde vunne fram. Som hovudregel vert alvorlege feil som tilsette gjer i tenesta, møtt med arbeidsrettslege, eventuelt strafferettslege, reaksjonar. Reaksjonar i form av erstatningsansvar for arbeidsgjevar sine utgifter, høyrer til dei absolutte unntaka.

Eit slikt søksmål vil sakne sidestykke i norsk rettshistorie

Terskelen for slikt erstatningsansvar er høg og vil regelmessig krevje at dei tilsette har synt grov uforstand i tenesta. Relevante døme for denne saka kunne ha vore fabrikkering av bevis eller falske forklaringar. Slike skuldingar har ikkje granskarane Totland og Andersland sett fram.

Konklusjonane i rapporten er uansett alvorlege. Fleire av dei er det likevel vanskeleg å feste lit til. Det skuldast at rapporten har store kvalitative manglar. Det handlar både om metodikk og om ei språkføring som til dels framstår som spekulativ og insinuerande.

Rapporten har store kvalitative manglar

Kronikkforma gjev ikkje rom for å gå i detaljar, men nokre døme må nemnast. Utsegner av fylgjande karakter går att: «Det er ikke mulig å konkludere entydig om hvorvidt barnevernslederens behandling av far kan kategoriseres som rene forfølgelser». Her kjem granskarane, heller enn seie kva dei sjølv finn bevist som sannsynleg, med halvkveda viser som er eigna til å vekke mistanke hjå lesaren om at det faktisk var dette som var tilfelle.

Tilsvarande er det med ein påstand om at ei omsorgsovertaking reelt sett handla om dårleg økonomi og eit tomt kjøleskap. Granskarane kunne lett ha avklart om dette faktisk stemmer, ved å referere frå den skriftelege grunngjevinga som barnevernstenesta gav til Fylkesnemnda i saka om omsorgsovertaking. Det har dei ikkje gjort. På grunn av at dette dokumentet er undergitt lovpålagt teieplikt, får politikarane og andre lesarar av rapporten heller ikkje kontrollert det sjølv.

Granskarane kunne lett ha avklart om dette faktisk stemmer. Det har dei ikkje gjort

Andre problem er at Totland og Andersland stadig brukar lovreglar som ikkje galdt på det aktuelle tidspunktet, og at dei går langt utover fagkompetansen gjennom antydningar om at barn er feil medisinert og diagnostisert.

Andersland, som både var regionsdirektør i Bufetat og fylkesnemndsleiar i perioden, gjer heller ikkje greie for habiliteten sin. Både Bufetat og Fylkesnemnda har vore inne i sakene. Bufetat har ansvar for fosterheimar og institusjonar, og Fylkesnemnda treff vedtak om omsorgsovertaking, plassering og samvær. Andersland opplyser likevel ikkje noko om han kjenner til, eller på noko vis har hatt ansvar for, sakene i sine tidlegare arbeidsforhold.

Granskarane synest elles å tilskrive barnevernstenesta i Samnanger ansvaret for alle feil dei meiner å finne, også der lovgjevinga legg oppgåvene til fosterheimskommunen, Fylkesmannen, Fylkesnemnda, Bufetat eller spesialisthelsetenesta.

Allereie det at det gjennom media vert truga med dette, er likevel urovekkande

Eg trur ikkje at det vert noko erstatningssøksmål mot tidlegare tilsette i barnevernstenesta i Samnanger. Allereie det at det gjennom media vert truga med dette, er likevel urovekkande. Slike trugsmål kan gjere at barnevernstenesta vert redde for å gripe inn der det bør gripast inn. Det er ikkje slik, som for advokatar, at tilsette i barnevernet har ei obligatorisk ansvarsforsikring i ryggen.

Det er heller ikkje slik, som for helsepersonell, at det er etablert ei statleg erstatningsordning. At manglande eller for svake inngrep frå barnevernstenesta kan få alvorlege utfall, kjenner dei fleste til, mellom anna frå Christoffer-, Alvdal-, Valdres- og Toten-sakene. I slike saker har barnevernet aldri det fulle biletet over kva som skjer i heimen. Dei må regelmessig reagere ut frå bekymringsmeldingar. Det stiller dei overfor vanskelege avvegingar, og feilvurderingar kan verte fatale. Dette er utførleg gjennomgått av Barnevaldsutvalet i NOU 2017: 12; Svikt og Svik – Gjennomgang av saker hvor barn har vært utsatt for vold, seksuelle overgrep og omsorgssvikt.

Ein annan konsekvens av erstatningssøksmål mot tilsette, kan verte at det blir enno vanskelegare å rekruttere og halde på folk i førstelinja i barnevernet. Der er det ikkje mange som vert veteranar. Tunge saker, høgt arbeidspress og mykje kritikk, medrekna i sosiale media, gjer jobben krevjande. Mange tilsette brenn seg raskt ut, vert sjukemelde og sluttar. Utan erfarne folk, vert det vanskeleg å byggje opp kompetanse, forbetre og vidareutvikle barnevernet.

Det blir enno vanskelegare å rekruttere og halde på folk i førstelinja i barnevernet

Dersom andre kommunar fylgjer Samnanger sitt døme, vil det for mange barnevernstilsette opplevast enno vanskelegare å bli ståande i jobben. Det Samnanger kommune gjer no, vert lagt merke til. Fagorganisasjonen FO, som organiserer tilsette i barnevernstenesta, har allereie blitt kontakta av medlemmer som vil slutte om dette søksmålet vert ein realitet.

Dersom kommunane vil forbetre barnevernstenestene sine, finnest det langt meir konstruktive og berekraftige måtar å gjere det på enn å truge med søksmål, slik Samnanger gjer. Mellom dei er å løyve midlar til fleire tilsette, betre opplæring og tettare oppfylging av dei kommunale barnevernstenestene.

 

Forfatteren arbeider som advokat i LO sin juridiske avdeling, og har oppdrag i saka for FO som organiserer tilsette i barnevernstenesta. Oppdraget er knytt til generelle aspekt ved at Samnanger kommune vurderer erstatningssøksmål mot tidlegare tilsette i barnevernstenesta.  Ho kjenner ikkje, og har heller ikkje oppdrag for, nokon av dei tidlegare tilsette.

Ho har i perioden som granskingsrapporten gjeld, arbeidd som dommarfullmektig i Nordhordland tingrett, konstituert lagdommar i Gulating lagmannsrett og som advokat hjå Kommuneadvokaten i Bergen. Ho har der ikkje arbeidd med sakene som er omtalt i granskingsrapporten, og kjenner berre til sakene gjennom det som er kome fram i media, på sosiale media og på Samnanger kommune sine nettsider.