Å skilje mellom “arbeidande” og “ikkje-arbeidande” kapital er ei avsporing som framstiller formuesskatten som urettferdig.
Omgrepet “skatt på arbeidande kapital” er ein retorisk røykbombe, designa for å skjule motstanden mot formuesskatt, særleg skatt på aksjar og investeringar. Økonomar som Tiril Halvorsen og Harald Biong har peikt på at dette er ein kunstig og misvisande term fordi all kapital bidreg til økonomisk aktivitet på ein eller annan måte.
Å skilje mellom “arbeidande” og “ikkje-arbeidande” kapital er ei avsporing som framstiller formuesskatten som urettferdig.
Formuesskatten sørgjer for at dei rikaste i landet bidreg til fellesskapet. Dei fleste investeringane som vert skattlagde, skaper ikkje direkte arbeidsplassar eller meirverdi – dei gir avkastning til eigarane, ofte utan ein finger lyfta.
Desse “skatteflyktningane” gjer bevisste val for å redusere si eiga skattebyrde.
Samstundes som Høgre og Framstegspartiet kritiserer formuesskatten, har dei nytta millionar på valkamp, finansiert av anonyme bidrag og private aktørar. I 2023 fekk Framstegspartiet fem millionar kroner frå aksjonsgruppa “Aksjon for borgerlig valgseier”, som ikkje vil offentleggjere kven som står bak gåvene. Kva interesser representerer desse partia? Rike aktørar med aksjeformuar ser eigeninteresse i å finansiere kampanjane.
Høgre vil fjerne formuesskatten på “arbeidande kapital”, eller aksjar som det faktisk heiter, men vurderer å auke selskapsskatten som ein kompensasjon. Strategien gir dei rikaste skattekutt, medan bedrifter og arbeidstakarar sit att med rekninga. Selskapsskatt slår meir direkte ut på små og mellomstore bedrifter, som måleine tvingast til å redusere lønsemda eller kutte i investeringar for å betale meir skatt.
Å gi skattelettar til dei rikaste er ikkje det vi treng i eit land der fellesskapet står sterkt. Det er formuesskatten på aksjar og investeringar som bidreg til at vi har råd til gratis utdanning, god helseomsorg og trygge vegar. Høgresida diskutererkoleis dei kan kutte i sjukelønna til arbe idstakarar, samstundes som dei skal kutte i skattane til rike arvingar. Om vi kuttar denne skatten, mister vi pengar som kjem alle til gode, ikkje berre ein liten elite.
Formuesskatten omfordeler ikkje berre pengar, men også makt.
Verdiane til dei som er aller rikast veks so mykje meir enn lønningane våre, at det Høgre no skaper er ein elite vi ikkje kan akseptere i eit demokratisk samfunn.
Desse “skatteflyktningane” gjer bevisste val for å redusere si eiga skattebyrde, ofte utan tanke for korleis fellesskapet påverkast. Det handlar ikkje om rettferd, men om egoisme.
Skatt på formue handlar om å sikre at alle bidreg etter evne. Dei som tener pengar på aksjar og investeringar, nyttar seg av eit samfunn som gjer det mogleg, med skular som utdannar arbeidskrafta, vegar som transporterer varene, og eit helsevesen som tek vare på arbeidstakarane. Å bidra til dette fellesskapet er ikkje urimeleg; det er rettferd.
Formuesskatten omfordeler ikkje berre pengar, men også makt. Han sikrar at ingen får for mykje av begge delar på kostnad av fellesskapet. Dette handlar om at dei med mest, også skal bidra mest. Det er slik vi byggjer eit samfunn som fungerer for alle, ikkje berre for nokre få.
Kommentarer