FOTO: FRA HUSTLERS UNIVERSITY

Håpet om trygt arbeid og pengar på konto

Situasjonen til dei som jobbar i varehandelen i USA er noko vi ikkje vil importere.

Sjå for deg at du jobbar i ein butikk i USA. Du skannar mjølk, mjøl og brød og spør kundane om dei vil ha pose. Du fyller hyller og kastar papiresker. 40 timar i veka jobbar du.

Det går eit år. Då kan du kanskje tenkje at du har rukke å tene ein del, sjølv om lønna er låg. Men etter dette året har du ikkje ein gong rukke å tene like mykje som eigaren av butikken gjer på eit einaste minutt.

Det var konklusjonen då Washington Post for nokre år sidan faktasjekka forholdet mellom kva ein tilsett hos matbutikkjeda Walmart tener samanlikna med eigarane, den styrtrike Walton-familien.

Historia om Walmart er ei historie om ulikskap på speed.

Reknestykket var berre basert på det eigarfamilien tok ut i utbytte på eit år. Lønn og bonusar var ikkje med. Walton-familien har til saman større verdiar enn Jeff Bezos og Elon Musk, og dei er den største private arbeidsgivaren i USA.

Kvifor har akkurat desse butikkeigarane blitt så rike? Fordi dei har utvikla ein forretningsmodell som baserer seg på å tilby ekstremt låge lønningar i små stillingar, hindre fagorganisering og seie opp folk når dei protesterer. Det har lenge vore mange nok som treng ein jobb i USA, til at denne måten å «bruke og kaste» folk på har vore mogleg å gjennomføre.

Mange av dei som jobbar der tener ikkje nok på jobben til å leve av det. Lønna er så låg at nokre tilsette må gå rett frå jobb til ein friviljugsentral for å få matkupongar, eller dei må bu i ei trailervagn.

FN har blanda seg inn og oppfordra Walmart til å auke lønningane. Nyleg valte dei også å setje lønningane litt opp, fordi arbeidsløysa har gått ned og dei treng å halde på folk lenger.

Dei siste åra har det vore reallønnsnedgang for dei fleste i Noreg.

Walmart har fått kritikk for å dumpe rekninga for eigen forretningsmodell på skattebetalarane, fordi så mange av deira tilsette er avhengige av offentlege velferdsordningar. Paradokset er at Walmart-arbeidarane betaler meir skatt per tente krone enn det Walton-familien og andre superrike gjer.

Historia om Walmart er ei historie om ulikskap på speed. Det viser korleis det kan gå, når mest mogleg av verdiskapinga går til kapitaleigarane, og svært lite går til arbeidstakarane.

Det hadde vore fint om eg kunne skrive at dette er eksempel frå eit samfunn langt unna det norske. Og det er det jo på mange vis. I Noreg har vi har sterkare fagforeiningar og ein langt meir omfattande velferdsstat.

Men vi er ein del av denne verda. Og aukande forskjellar er eit globalt utviklingstrekk. Difor er det alvorleg når det stadig siv ut historier frå det norske samfunnet, som viser at bankkontoane våre blir stadig meir ulike.

Tidlegare i vår besøkte eg Robin Hood-huset i Bergen, som mellom anna deler ut gratis mat til folk som treng det. Der fortalte dei om auka pågang i dyrtida, med stadig fleire folk i arbeid. Halv fire, rett før stengetid, byrjar no folk i arbeidskler å stille seg i kø for å få middag.

Når fellesskapet ikkje gir gode svar for alle, er det kanskje ikkje så rart at stadig fleire drøymer om å bryte ut.

Fenomenet arbeidande fattige, som vi er vant til å høyre om frå USA og lenger sør i Europa, har plutseleg blitt noko vi har her også.

Dei siste åra har det vore reallønnsnedgang for dei fleste i Noreg, men det har særleg blitt merka av dei med dei lågaste inntektene. Dei med dei ti prosent lågaste inntektene har hatt minst lønnsvekst, mens dei med dei høgaste lønningane har hatt høgast vekst, målt i prosent.

I kroner er gapet større, sidan nokre prosent på ei millioninntekt gir høgare lønningar enn nokre prosent av ei lønn på tre eller fire hundre tusen.

FAFO har funne at om lag 180.000 personar i Noreg er såkalla «varig låglønte». Desse jobbar i butikk, på hotell eller i helse- og omsorgsyrke. Mesteparten jobbar i privat sektor.

17. juni får vi rapporten frå eit utval som har sett nærmare på kven som er låglønna i Noreg, og kva som kan bli gjort med det. Arbeidet til utvalet er viktig, fordi ei utvikling i retning av den amerikanske vil lage djupe sprekker i samfunnsmodellen vår.

Når fellesskapet ikkje gir gode svar for alle, er det kanskje ikkje så rart at stadig fleire drøymer om å bryte ut. Svaret kan då bli eit ynskje om å bli veldig rik. I ungdomskulturen er det no veldig mykje fokus på det.

Det kan vere ei sårt tiltrengt vaksine mot både Walmart-ifisering av arbeidslivet og Tate-ifisering av ungdommen.

Andrew Tate har eit eige Hustlers Universityder han lærer ungdom å droppe skulen og heller bli rike med ein gong på andre måtar. Då NRK skulle lage ei satsing for ungdom, enda dei opp med ein podkast om korleis du skal tenkje for å bli rik.

Kulturelle bølger som dette kjem og går, men ein drivar bak dette kan vere ein vaksande økonomiske utryggleik. Når ungdom ikkje veit om ein heilt vanleg jobb, for eksempel som helsefagarbeidar, vil gi ei trygg inntekt, treng dei håp. Det hadde vore ein fordel om det håpet kom frå politiske parti, ikkje frå galne menn på internett.

Venstresida må utvikle svar på den økonomiske uroa som kryp seg inn blant ungdommen. Difor håpar eg at utvalet som ser på låglønnsyrka seier meir om korleis vi kan få trygge jobbar og små lønnsforskjellar.

Det kan vere ei sårt tiltrengt vaksine mot både Walmart-ifisering av arbeidslivet og Tate-ifisering av ungdommen.

Dei heng saman, og akkurat no treng vi begge delar.