Onora O'Neill
FOTO: Martin Dijkstra

– Vi har nesten gløymd pliktene våre

Folk tenkjer «kva skal eg få» i staden for «kva skal eg gjere,» seier den prisløna professoren Onora O’Neill.

– I dag har vi nesten gløymd pliktene. Alt handlar om å ha flest mogleg rettar. Eg uroar meg for at det skal bli for mykje av det, seier Onora O’Neill.

Briten er ei av verdas mest innflytelsesrike filosofer. I mars vann ho Holbergprisen for sitt vitskaplege og  djupt engasjerte arbeid.

O’Neill belyser intellektuelle og praktiske utfordringar i vår tid, og har særleg vore oppteken av moralske problemstillingar.

Falske martyrar

O´Neill var eit krigsbarn. Ho vakse opp i Nord-Irland med ein britisk offiser til far. Seinare flytta familien til London og til Frankfurt.

Men konflikten i Nord-Irland vil O´Neill helst ikkje snakke om.

 Det er ei lang og kompleks historie. Klart det har hatt påverknad på livet mitt, seier ho kontant.

 No er det kanskje meir fokus på islamistisk terror, og ikkje på nasjonale terrorgrupper i Europa?

 Det er alltid parallellar mellom islamistisk terror og irsk eller baskisk terror, men dei er likevel ulike. Når det er sagt har dødstala gått kraftig ned i verda i nyare tid, seier ho.

Når noko er langt vekke, stoler vi mindre på det.

Det ho meiner begge gjer, er å misbruke ordet martyr.

 Det å vere ein martyr er å bli drepen av andre for ei god årsak. Ein blir ikkje martyr av å drepe seg sjølv og andre. Folk prøver no å ta ordet tilbake, ta eigarskap over språket.

Vurderingar og truverd

Over ein million har sett TED-presentasjonen der O’Neill held foredrag om tillit. Forskaren meiner at truverd er mykje viktigare enn tillit.

Wall Street-investoren Bernard Madoff er eit døme på kva som skjer om vi plasserer tillit hjå dei som ikkje er truverdige. Han var ein av operatørane bak den største svindelen i amerikansk historie, og svindla folk i fleire tiår. Samstundes blir dei som faktisk er truverdige, ofte såra om dei ikkje oppnår tillit – til dømes at folk ikkje trur på historiene deira.

nyhetsbrevet

 Når noko er langt vekke, stoler vi mindre på det. Vi har førstehandserfaringar med lokale legar som vi stolar meir på enn sjukehuslegar. Folk har meir tillit til enkelte bedrifter enn til regjeringar. Med stadig meir byråkrati og komplekse økonomiske ordningar er det vanskeleg å vite kven ein skal stole på.

Eg har ikkje ein rett til at andre skal vere snille mot meg.

O’Neill har vore ein skarp kritikar av kommunikasjonen som gjekk føre seg under og etter Brexit. Meiningsmålingar har ho liten tru på. Men brukarvurderingar er noko anna.

– Reviews er annleis, for då har ein allereie erfaringar med noko. Meiningsmålingar er derimot overflatiske til å fastslå kunnskap, slår ho fast.

Dei forsømte pliktene

O´Neill starta karrieren med historievitskap på Universitetet i Oxford, før ho gjekk over til filosofi og psykologi. Ho leverte doktorgraden sin ved Harvard universitet i 1969, og får æra for å ha revolusjonert delar av filosofien til Immanuel Kant (1724-1804).

Forskaren kallar seg ein venn av menneskerettane, men er overraska over korleis pliktene har blitt så fjerne i dagens samfunn, samanlikna med før.

Det er ikkje mogleg med både perfekt overvaking og perfekte privatliv.

 I historia, handla det om plikter ovanfor fedrelandet?

 Ja, men ikkje berre det. Tenk på dei ti bod og alle normane for rettferd dei hadde. Det var mykje viktigare å regulere korleis ein skulle oppføre seg ovanfor kvarandre. Det har skjedd ei endring i den europeiske tradisjonen, særleg dei siste 70 åra. Folk tenkjer «kva skal eg få» i staden for «kva skal eg gjere,» seier ho, og held fram:

 Med rettar er det vanskeleg å vite årsak og verknad. Det handlar om forventningar om å motta ting og å klage viss ein ikkje får dei. Vi gløymer at rettar for oss aukar plikta for andre. Eg har ikkje ein rett til at andre skal vere snille mot meg, men eg kan tenke at eg har ei plikt til å vere snill, seier professoren.

Fornufteg overvaking

Ein vesentleg del av Kant sin filosofi gjeld fornuft. O’Neill si forståing av Kant går ut på at vi treng kommunikasjon for å forstå kvifor andre handlar som dei gjer. Vi må gi og motta årsaker til noko for å oppnå forståing og fornuft.

 Korleis kan vi gjere det med terroristar?

 Med vald gir ein ikkje ofrene ei årsak – fordi dei er døde. Vi forstår kva dei gjer, men dei gir oss inga årsak. Visste du forresten at ordet assassin (snikmordar) kjem frå det arabiske ordet hashshashin? Terrorisme har alltid eksistert, tidlegare meir i regi av tyranniske regime som ei type maktutøving.

– I ny tid veit vi at fleire offentlege sikringstiltak i Storbritannia har forhindra store flybomber etter 11/9 2001.

 Går vi mot eit overvakingssamfunn?

 Vi må velje kva vi vil ha. Det er ikkje mogleg med både perfekt overvaking og perfekte privatliv. Det handlar om samfunnsbasert tillit.

nyhetsbrevet