FOTO: Patrick da Silva Sæther/NTB Scanpix

Alarm: Tillitskrise

Når vi lar populistane få fritt spelerom i det politiske systemet, er det risikofylt. Tilliten vil vere første tapar.

Denne veka møtte eg Ap-leiar Jonas Gahr Støre tilfeldigvis på ein vestlandsk flyplass. Vi vart ståande og prate litt. Eg sa at no hadde han vel gode dagar, no som budsjettkaoset utfolda seg i full offentlegheit. Tidlegare på dagen hadde eg sett ei statsministermåling som var veldig fordelaktig for Støre. Likevel svara han slik:

«Nei, eg vil ikkje sei det er gode dagar. La meg ta eit eksempel: No nettopp i tryggleikskontrollen her på flyplassen møtte eg ein vakt som ønska meg lukke til, men sa at han ikkje lenger gadd å bry seg fordi det var så mykje kaos og spel på Stortinget. Det som skjer, det skadar vårt politiske system».

Prosessen fram har vore så turbulent at den har ei rekke negative konsekvensar.

Etter den korte samtalen med Støre tenkte eg mykje på dette. At ingen politikarar vinn på det som no skjer i Stortinget. Vi har lese overskriftane no i vekesvis, med ord som «historisk budsjettkaos», «budsjettkrise skaper usikkerhet» og «klokken tikker mot regjeringskrise». Inntrykket blant oss som sit utanfor Stortinget, har vore at kaoset på eit tidspunkt overtok. Det er nok eit inntrykk mange av dei på innsida vil kjenne seg igjen i.

Eg ser på meg sjølv som ein som er nokså oppdatert på norsk politikk. Eg har mellom anna jobba som rådgjevar for ein av dei fire partileirane som har sitte og forhandla, og eg har nokså nyleg vore ungdomspartileiar. Likevel har eg ikkje klart å følge gangen i budsjettforhandlingane som no har pågått i Stortinget. Eg har ingen aning om kva som har skjedd i dei forskjellige møta eller kva partia heilt eksakt har forhandla om.

Eit liberalt demokrati som det norske, krev deltaking.

Sjølv einigheit mellom partia forandrar ikkje på dette. Prosessen fram har vore så turbulent at den har ei rekke negative konsekvensar.

Det er ikkje sjans at vanlege folk – veljarar som kvar dag går på jobb og gjer eit ærleg arbeid – får med seg nyansane i utviklinga frå møte til møte mellom partane i Stortinget. Du skal vere ganske tett på prosessen for å få det med deg, kanskje så tett at du helst bør sitte på innsida av rommet der forhandlingane skjer. Vi risikerer at avstanden mellom folk og politikarar aukar. Viss vanlege folk ikkje forstår kva politikarane driv med, risikerer vi at vanlege folk vil slutte å ha tiltru til politikarar.

nyhetsbrevet

I Norge er vi heldigvis endå godt stilt når det gjeld tillit, men vi har mange alarmerande signal.

Nordmenn er blant dei i Europa som har høgast tillit til politikarane og dei politiske institusjonane, viste SSB før sommaren. SSB peikar på at grunnen til dette er at avstanden mellom politikarar og vanlege folk i Norge er mykje kortare enn i dei fleste europeiske landa.

Den korte avstanden kjem ikkje av seg sjølv. Den inneber eit viktig krav om at vi forstår kvarandre – både politikarar og vanlege folk. Den dagen politikarane driv med noko vanlege folk ikkje lenger forstår eller bryr seg med, risikerer vi at rørsler når fram med idear og haldningar som representerer eit alternativ til det liberale politiske systemet vårt. Eit liberalt demokrati som det norske, krev deltaking.

Budsjettkaoset har i seg vore eit faretrugande signal.

I Den europeiske samfunnsundersøkinga kan vi sjå at det er faresignal også i Norge. Det er til dømes tydeleg at 40 prosent av menn med låg utdanning svarar at dei har låg tillit til politikarar og dei politiske partia. Eit anna interessant fenomen er at Frp-veljarar har vesentleg lågare tillit til både politikarar, partia og Stortinget enn tala er for dei andre partia. Frp-veljarar med høg tillit til politikarane ser ut til å utgjere ein ganske liten minoritet av Norges befolkning. Faktisk har Frp sine veljarar lågare tillit enn dei som ikkje stemte i stortingsvalet.

Dessutan er politikarforakta framtredande. Berre tre av ti høgt utdanna nordmenn svarar at dei har høg tillit til partia. Av dei med låg utdanning svarar berre to av ti at dei har høg tillit til politikarane.

Budsjettkaoset har i seg vore eit faretrugande signal. I realiteten har eit populistisk høgreparti fått diktere ein budsjettprosess med eit ultimatum som skapar kaos, utryggleik og rokkar ved den stabile ordenen i Stortinget. Statsministeren har latt populistane få fritt rom til å spele det polariserande spelet sitt. Med unntak av 36,9-formuleringa til Jagland er det få eksempel på at ei mindretalsregjering i Norge har stilt ultimatum på budsjettspørsmål.

Kva førte dette til? Jo, at politikarane sat inne i eit lukka rom i Stortinget og krangla utan å bli einige om det viktigaste politiske dokumentet for Norge i 2017. Det bidrog garantert ikkje til høgare tillit til politikarane.

Partiet er den fremste representanten for politisk populisme i Norge.

Det er noko med truverdet til det politiske systemet som har vore på spel i haust. Først stiller ein ultimatum og så er ein ikkje villig til å forhandle. Så roper ein på krise, før ein til slutt endar med å forhandle på vanleg måte slik konsensusbaserte norske politikarar har gjort i tiår etter tiår. Det er ganske enkelt ikkje tillitsvekkande. Det er meir utmattande for dei som gjer eit forsøk på å følge med. Det blir som å rope ulv, ulv. Reaksjonen frå mange vanlege folk vil vere at dei ikkje lenger gidd å bry seg. At viss politikarane berre skal krangle så får dei berre halde på sjølv.

Ein av dei som har forska på demokratiets og haldningane til demokratiet sin tilbakegang, er Harvard-forskaren Yascha Mounk. Han peikar på tre grunnar til at dei demokratiske fridomane har vore i tilbakegang sidan 2005. Den første er offentleg støtte til demokratiske spelereglar og institusjonar. Den andre er openheit for ikkje-demokratiske formar for styresmakter – som militærstyre. Den tredje er parti eller rørsler som marknadsfører seg som systemkritiske og som seier at det noverande politiske systemet illegitimt.

Eit av dei mest alvorlege trekka ved forskinga til Mounk er at talet på menneske i vestlege land som seier «det er essensielt å bu i eit demokrati» har vore fallande dei siste åra. Forsking gjort i både Sverige, Austerrike, Frankrike, Storbritannia og Nederland viser den same nedgåande tendensen. Spesielt låge er tala blant yngre generasjonar.

At Frp har flest veljarar med låg tillit til det politiske systemet er ikkje noko overraskande. Partiet er den fremste representanten for politisk populisme i Norge. I mange land ser vi korleis populismen bidreg til å skape så store skiljelinjer mellom folk at dei ikkje lenger har tillit til kvarandre.

Den anstendige politikken må ikkje ofrast til fordel for eit populistisk spel.

Ein av dei tinga som kan gje populismen gode vekstvilkår, er politikarar som kranglar og ikkje vert einige om nokon ting. Dette skjedde til dømes i USA i 2013, då Kongressen ikkje vart einige om budsjettet. Ein såkalla «gridlock» – heilt fastlåst situasjon mellom partia – gjorde at offentlege tilsette måtte innstille arbeidet sitt frå 1. til 16. oktober 2013. Ein bekjent av meg som jobba på ambassaden klaga då til meg at sjølv om han jobba for verdas mektigaste land, hadde han fått forbod mot å skrive ut papir, fordi då måtte ein bruke pengar på nye blekkpatron, noko som ikkje gjekk så lenge staten var «stengt». Tre år seinare vel amerikanske veljarar populisten Donald Trump til president.

Eg hugsar sjølv korleis mange i 2013 at det var bra det endeleg kom ei mindretalsregjering, for då kunne det endeleg bli slutt på at partia avgjorde sakene i regjeringskontora før dei kom til Stortinget. No skulle Stortinget bli ein viktigare aktør. Prosessane skulle bli meir opne, meir transparente og dermed meir demokratiske.

Vi har ikkje råd til at politikarane sin kontrakt med folk vert svekka.

Det er godt mogleg at det har skjedd ei utvikling i retning meir openheit på enkelte område, men det står i så fall i sterk kontrast til dei nærmast kryptiske forhandlingane om statsbudsjettet.

Statsbudsjetter er trass alt eit av dei aller viktigaste dokumenta Stortinget vedtar i løpet av eit år. Det skal sette føringar for økonomien, for dei politiske prioriteringane i skulen, helsevesenet og klimapolitikken – for å nemne noko. I ei tid der delar av norsk økonomi er ute på djupt og uroleg vatn.

Vi har ikkje råd til at politikarane sin kontrakt med folk vert svekka. Demokratiet skal vere tilgjengeleg, effektivt og gjennomføringsdyktig. Den anstendige politikken må ikkje ofrast til fordel for eit populistisk spel.

nyhetsbrevet