Vegen til å oppfylle høgresidas skatteløfte er brulagt med store og små kutt. Vi vanlege lønsmottakarar vil merke det på alt som forsvinn.
Sist veke publiserte Dagsavisen ei meiningsmåling som fekk fleire enn meg til å sette kaffien i halsen. Her var Kristeleg Folkeparti over sperregrensa, Venstre like under. For første gong sidan januar viste ei måling fleirtal for dei borgarlege. Vel så viktig som å dvele ved kvifor, er det å snakke om kva det vil føre til.
Dei siste vekene har Høgres valkampmaskin køyrd seg varm med løfter om skattekutt, framfor alt til landets rikaste, som skal sleppe å betale formueskatt. Om høgresida skulle vinne regjeringsmakt, kjem vi vanlege lønnsmottakarar til å merke milliardæranes fest i form av alt det som må kuttast når budsjetta skal gå opp.
Dette er diverre ein idé som fort kan bli dratt opp av hatten ein sein kveld, om Høgre og Frp skal bli einige om budsjett.
Før sommaren lova Høgre ein ekstra undervisningstime i veka for førsteklassingane. Utdanningsforbundet var raskt ute med å påpeike at akkurat det er det aller siste norsk skule treng. Men Høgre skal ha for at dei peikar på eit presserande problem. Det handlar om dei mange tusen elevane som etter ti år med skule framleis ikkje kan lese skikkeleg. Svake prestasjonar frå norske elevar er dokumentert i internasjonale, samanliknande kunnskapsundersøkingar som Pisa og Pirls. Nettavisa Krohno fortel om urovekkande tendensar blant dei som kunne lese då dei gjekk ut av skulen. Mange studentar strevar med lesinga, også etter tre år med studiar. Krohno har intervjua studentar som seier at pensum er vanskeleg, kjedeleg og at det er lett å bli distrahert.
Ein kan ikkje betale seg til konsentrasjon. Men ein kan ta smarttelefonane og dei såkalla lesebretta ut av undervisninga, noko stadig fleire parti heldigvis lovar å gjere. Og ein kan satse på lesing. Den sittande regjeringa lova i sommar ei storstatsing på lesing og leselyst, dei lova ein lesarmilliard. Om høgresida vinn valet, kan vi vere sikker at sparekniven som blir brukt for å få budsjett i balanse vil bli stukke djupt inn i den infrastrukturen som er avgjerande for at både barn, unge og vaksne skal plukke opp bøker, blad eller teikneseriar og bli lesarar.
Verken Høgre eller Frp vil auke kulturbudsjettet.
I sitt alternative statsbudsjett for 2025 gjekk Høgre inn for moms på bøker. Det er å bruke storslegga ikkje berre mot leselysta, men mot heile det norske litterære systemet. NRK skreiv at moms vil gjere bøker 25 prosent dyrare. Akkurat det er det siste norsk bokbransje treng. Det er harde tider, salet av trykte bøker har gått trått i fleire år. Fleire forlag har gjennomført nedbemanningar. Konsekvensen av eit prishopp blir fort færre utgjevingar og mindre sal i ein bransje som frå før er i ein krevjande situasjon. Bokmomsen fekk heldigvis ikkje plass i Høgres valprogram. Eg håpar at grunnen er at partiet innsåg det enorme skadepotensialet. Men dette er diverre ein idé som fort kan bli dratt opp av hatten ein sein kveld, om Høgre og Frp skal bli einige om budsjett.
Dei siste åra har Frp, for å få sine alternative statsbudsjett til å gå opp, gått inn for å kutte løyvingar til Foreningen !Les. Dette er ein medlemsorganisasjon som arbeider for å fremje lesing blant barn og unge, og som har ein viktig plass i den infrastrukturen som finst for å fremje lesing for aldersgruppa. Dei er involvert i arbeidet Bokslukarprisen og Uprisen. Desse prisane går til barne- og ungdomsbøker, og norske skuleelevar er involverte i juryarbeidet begge stader. Slikt fremjar leselyst.
Akkurat desse prisane er også viktige av ein annan grunn. Å skrive for barn og unge er ein viktig, men utakknemleg jobb. Bøkene for denne aldersgruppa får lite omtale. Og for forlaga, som alltid må tenkje på si eiga inntening, er det ein type bøker som sjeldan er svært innbringande. Dermed blir desse prisane, og det andre arbeidet til Foreningen !Les, desto viktigare.
Om alle desse kutta blir gjennomført vil konsekvensane vere store, og skadelege, for Noreg som leseland.
Tidsskriftet Prosa, som blir gitt ut av Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening (NFFO), publiserte nyleg eit breitt oversyn over partias litteraturpolitikk. Her vart det framheva at verken Høgre eller Frp vil auke kulturbudsjettet. Frp vil heller ikkje bruke meir pengar på innkjøp av sakprosa til biblioteka, på tidsskrift eller på kunstnarstipend. I statsbudsjettet er dette småpengar, men for leselysta, og for litteraturproduksjonen er det pengar som har stor verknad.
Høgrepartia lovar også fleire kutt. Både Høgre og Frp vil redusere pressestøtta. Det vil, for å seie det forsiktig, ikkje vere gunstig for lesekrisa. Med tanke på informasjonskrigen som har oppstått i kjølvatnet av Russlands krig mot Ukraina og Trumps maktkonsolidering, er det å svekke redaktørstyrte medium også svært uheldig akkurat no. Om alle desse kutta blir gjennomført vil konsekvensane vere store, og skadelege, for Noreg som leseland. Samstundes er det berre ein dråpe i det havet av kutt som vi kan vente oss.
Kommentarer