FOTO: Gunnar Berthelsen/Unsplash

Av og til er det beste vi kan gjere å ta ein pause

I haust bør Stortinget setje naturen fyrst.

Når eg skriv denne teksten, sit eg på familiehytta i Valdres. I det fjerne er Jotunheimen, der snøen stadig ligg på toppane. Her er det grønt og frodig.

I området ligg ei rekke nye vegar. Ein av dei heiter Skjeggklokkevegen. Vegen blei bygga for om lag ti år sidan for at folk kunne køyre fram til hyttene sine.

Vi må lære oss å bygge mindre, og vi må lære oss å dele meir.

Skjeggklokke, som er ein blå blomst, finst berre her i Etnedal og nokre få andre stadar. Namnet eit uttrykk for det paradoksale i hytteutbygginga som skjer her i landet. Vi bygger ned verdifull natur fordi mange av oss er glad i natur og vil vere meir ute, på fjellet, i skogen eller langs kysten.

Det er lett å skjønne at ting har blitt som dei har blitt. Vi har ein hyttekultur, og fleire har fått god råd. Levestandard og forventningar til hyttekosen har gått opp. Kommunar og næringsliv har hatt lyst til å legge til rette for meir aktivitet lokalt. Men totalt sett har dette blitt alt for mykje. Det går ut over ei lang rekke sårbare artar og naturtypar. Naturtap til hyttebygging har rett og slett blitt eit enormt problem.

Vi treng å tenkje annleis. Eg kastar definitivt stein i glashus, her eg sit i vår relativt nye familiehytte og skriv om at vi treng å stoppe med hyttebygginga. Men eg kunne like gjerne ha skrive denne teksten frå ei delehytte hos DNT, som vi også bruker fleire gongar i året. Det er eit system som fungerer heilt topp.

Vi har rett og slett ikkje nok natur å bygge ned til at alle kan ha kvar si store hytte på høgfjellet, eller langs kysten. Vi må lære oss å bygge mindre, og vi må lære oss å dele meir.

Vi har planlagt å miste meir natur til hytter enn til vanlege hus.

Dette landet har allereie ein halv million hytter. Og ei hytte i dag er ikkje som ei hytte var i går. Mens det tidlegare var vanleg med mindre bygg, og å måtte gå litt frå ein parkeringsplass for å kome fram, blir det no bygd vesentleg større, med veg heilt fram. For kvart enkelt fritidsbygg som blir bygga i dag, ryk det meir natur enn det gjorde for 20 år sidan.

Og byggeplanane tar ikkje slut. Vi skal framover bygge vegar, kraftliner og hus. Vi skal utvikle næringsliv. Og vi skal bygge hytter. I natur. Då Miljødirektoratet la fram ei oversikt i vår over kor mykje meir utbygging av natur som var planlagt, fann dei ut at det no er planar på eit areal tilsvarande dei 100 største innsjøane i landet. Hyttene stod øvst på lista.

Vi har planlagt å miste meir natur til hytter enn til vanlege hus. Eller til kraftutbygging. Eller til næringsliv.

Folk vil ikkje ha denne utviklinga. Då Opinion tidlegare i vår spurde, svarte 67 prosent at dei ville verne natur i staden for å opne for meir hyttebygging. Berre 12 prosent ville ha meir hytter. Vi er mange som kjenner at den urørte naturen svinner rundt oss og håper på tydelegare politiske føringar. Vi vil heller redde den naturen vi har enn å sjå nok ein hytteby poppe opp.

Lokalpolitikarane som skal ta stilling til framtidige hytteplanar, står i ein skvis.

På raudlista kan ein lese kva arter som er i fare. Her står villreinen, villaksen og vipa. Og 2749 artar til, som druelakrislav og soppen dynesjampinjong. Arealnedbygging er en store drivaren for at talet på artar på lista har gått opp.

Etter ferien skal regjeringa legge fram ei stortingsmelding om natur. Der vil dei kome med ny politikk for å ta vare på fleire artar og naturtypar. Det trengst.

Til no har statsråd Bjelland Eriksen snakka mykje om å gi kommunane betre verkty. Dei skal legge fram ein naturrekneskap som skal gi betre oversikt over naturen i kommunen. Til no er det veldig få som har hatt oversikt over kva som blir bygd ned og kva konsekvensar det har. Det er lurt og viktig å gjere noko med det. Men det er neppe nok.

Lokalpolitikarane som skal ta stilling til framtidige hytteplanar, står i ein skvis. Det har vekse fram ein hytteindustri, med sterke økonomiske interesser i å halde fram som før. Ofte er lokalsamfunna tette, på godt og vondt. Mange vil naturleg nok legge til rette for meir arbeidsplassar og meir besøk i sin kommune.

Etter ein lang periode der naturen har tapt, er det no tid for at naturen får litt ro.

Det vil nok vere vanskeleg å sjå føre seg at dei argumenta ikkje vil fortsetje å vere der, også om lokalpolitikarane veit meir om konkrete naturtap som følgje av utbyggingsvedtak. Difor må staten styre meir og ta meir overordna ansvar.

Utfordringa stortingspolitikarane vil møte i haust, er at grundige utredningar og lange prosessar ikkje betyr at ingenting skjer. Det betyr at vi mistar masse natur mens saksbehandlinga pågår. Ofte kan det verke ansvarleg å bruke tid og tenkje seg nøye om. I naturspørsmålet er ikkje det sant. Då kan det å gjere noko kjapt, som ikkje er perfekt, vere betre.

Stortinget kan vedta ein hyttebyggingspause, så ein får tid til å lage gode reglar, rammer og verkty til vegen vidare. Imens kan vi finne ut korleis vi kan vere eit berekraftig hytteland som tar betre vare på friområda og naturmangfaldet. Vi bør klare å kombinere naturmangfald og hytteglede, på mest mogleg inkluderande vis.

Etter ein lang periode der naturen har tapt, er det no tid for at naturen får litt ro. Kanskje kan vi unngå å bli hyttelandet med stadig mindre urørt natur å reise til.