trine østereng
FOTO: Siw Pessar

Av og til er staten og kommunen for gjerrig

Svaret på sløseri-debatten bør vere smartare, ikkje mindre, bruk av offentlege pengar.

For nokon veker sidan fekk eg ein snap i ein gruppechat av ein kamerat. Han hadde på seg slalombriller og stod foran ein skiheis. På jobbtur.

«Typisk privat sektor» svarte ein annan kamerat i same chaten.

Det er få arbeidstakarar i kommunane som reiser på jobbtur til Trysil. Eg håpar det er få i staten som gjer det same. Pengane sit ofte lausare i privat sektor til sånt, i alle fall i delar av den.

Likevel blir det stadig framstilt som at det offentlege sløsar, mens det private er effektive.

Og kaffi burde faktisk bli definert som eit grunnleggande behov i arbeidslivet.

Det er heilt sant at staten av og til bruker pengar på ufornuftig vis. Eit eksempel er Stad skipstunnel. Verdas fyrste fullskala skipstunnel vil kunne koste oss over 7 milliardar kroner. Det er storslått, krever sprenging av store mengdar fjell, og det er vanskeleg å tru på at dette er noko vi verkeleg treng. Vi kunne brukt desse offentlege pengane på ein betre måte.  Her er to forslag, eg kunne hatt mange:

Gratis kaffi. Til alle som jobbar i stat og kommune. No. Det er ein liten utgift, men det betyr så mykje for trivselen på jobb å kunne unne seg ein varm kopp når ein skal starte dagen, utan å tenkje på kostnad.

No er det svarte gullet gratis for dei som jobbar i departement og direktorat, mens på ei rekke sjukeheimar og barnehagar, finansiert over tronge kommunebudsjett, må dei tilsette betale sjølv.

Ein studie frå Norstat har vist at ein av fire norske arbeidstakarar må betale for eigen kaffi.

På Haukeland blei dette nyleg fiksa for alle tilsette. Tv-sjåarane hadde reagert på at sjukepleiar Lars i serien Barnesykehuset fortalte at dei måtte kjøpe eigen kaffi. Det er ein fornuftig snuoperasjon. Eg er sikker på at det lønnar seg. Eg ville i alle fall blitt meir motivert til å bli lenger i ein jobb, om eg følte at jobben dekka mine grunnleggande behov. Og kaffi burde faktisk bli definert som eit grunnleggande behov i arbeidslivet.

Eg synst ikkje staten skal sløse.

Auka bemanning i helse- og omsorgsyrke er mitt andre forslag. Vi har eit massivt behov for fleire folk i helse og omsorg. Utfordringa er at ei rekke av desse jobbane er harde – med turnusarbeid og ikkje alltid særleg imponerande lønningar. Dette kan kome i kombinasjon med stor emosjonell belastning, med pasientkontakt over mange timar. Innimellom er det dagar det ikkje er tid til å setje seg skikkeleg ned for å ete eller gå på do. Då held ein ofte ikkje til pensjonsalder. Ein sløser med folk, for å få kortsiktig sparing. Og ender opp med å måtte leige inn dyre vikarar etterpå.

Eg mistenker nokon av dei som går i Sløseriombodsmannens fotspor, og stadig drar opp eksempel på statleg sløsing, om å ha ein annan visjon for den norske staten enn velferdsstaten vi har i dag. Her er målet lågare skatt og at kvar enkelt i større grad må klare seg på eigen kjøl. Venstresidas svar kan ikkje vere å lukke auga for sløsinga, men å rydde opp i ufornuftig pengebruk og bruke pengane betre.

Vi ser ein parallell til debatten om sløseri i Noreg i debatten om bistand. Dei fleste partia har eigentleg blitt einige om at Noreg bør kunne gi ein prosent av brutto nasjonal inntekt til utviklingstiltak i fattige land. Det er ein føreseieleg måte for eit rikt land å bidra på. Det reddar liv og gjer verda meir trygg. Likevel pågår det no ei karikering, i regi av Frp, av dei fleste former for bistand.

Alternativet er å spare seg til fant.

Dei meiner bistand er sløsing, sjølv om vi er i ei tid der barn dør som følgje av kutt i bistand i ei rekke vestlege land. I førre veke trykka avisa Vårt Land eit intervju med Renate, som bur i flyktningleiren Bentiu i Sør-Sudan. Ho opplever at latrinene ikkje lenger blir tømt etter at USA kutta bistanden, samtidig som dei manglar reint vann.

Om Listhaug har eksempel på ineffektiv bistand, betyr ikkje det at ho treng å forlate ein-prosentsmålet. Ho kan jo heller bruke dei same pengane betre. Som for eksempel på å trygge flyktningleiren til Renate. Eller på vaksiner eller utdeling av HIV-medisinar som no blir stoppa opp. Eller ho kan bruke dei på demokratistøtte til sivilsamfunn, i ei tid der autoritære krefter styrker seg.

Poenget er: Sektoren er full av gode tiltak Noreg kan bruke bistandsprosenten sin på, med godt dokumentert effekt for velferd, utvikling og global tryggleik. Det er vanskeleg å tru Frp på at dei eigentleg er opptekne av reelt sløseri. Eg trur heller dei vil bruke pengane i Noreg.

Eg synst ikkje staten skal sløse. Stat og kommune bør aldri begynne med skiferiar for dei som jobbar der. Det kan privat sektor kan få halde på med i fred. Men det er heller ikkje bra om staten blir for gjerrig. Å bruke pengar å gi folk gode arbeidsdagar, som gjer det mogleg å trivast i ein jobb til pensjonsalder – det er noko offentleg sektor burde ta seg råd til.

Alternativet er å spare seg til fant.